Modellen samlar fagpersoner i eit tverrfagleg nettverk med høg kompetanse om Parkinsons sjukdom og parkinsonisme.
Fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sjukepleiarar vert samla til systematisk og praksisnær opplæring og deltaking i nettverket. Slik skal helsepersonell få eit betre utgangspunkt for å kunne gje så god behandling som råd for personar med parkinson.
Faggruppene kjem frå kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og privat praksis. Kommunikasjon på tvers av desse faggruppene er essensielt for ParkinsonNet-modellen og bidreg til samhandling på tvers av institusjonar, i tillegg til faggrupper. Som eit første steng inviterer ParkinsonNet Vestland no til grunnkurs i Bergen 6. og 7. april. Her finn du meir om informasjon om kurset, og korleis du melder deg på:
ParkinsonNet grunnkurs
Personer som har gjennomført grunnkurs i ParkinsonNet, vert registrerte i eit fagpersonregister. Dette viser kvar pasientar eller fagpersonar kan finne behandlarar med kompetanse på sjukdomen. Registeret er tilgjengeleg på
www.parkinsonnet.no