Informasjon om Folkehelsekoordinatorar i Kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

Oversikt og kontaktinformasjon over folkehelsekoordinatorar i kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er nå tilgjengelig på Samhandlingsida, under menyen Folkehelse.

På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatorar bidra til å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid. Til stillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert følgde opp i kommunen, samt ansvar for det lovpålagde arbeidet med å ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helse. Å hindre, eller utjamne, sosiale skilnader i helse er ei særleg viktig oppgåve i folkehelselova.

Folkehelsekoordinatorstillinga i kommunane har vore endra gjennom åra og innhaldet i stillinga og plassering i organisasjonen er til dels ulik i kommunane.  Nokre kommunar vel å ha kontaktpersonar for folkehelse, og ikkje ei folkehelsekoordinatorstilling. Dei grunngjev dette med  at folkehelselova og «helse i alt vi gjer» er eit tverrsektorielt ansvar  kommunen har, og som alle må fylgje opp i planlegging, forvaltning og tiltaksarbeid.

Nyleg oppdatert liste over folkehelsekoordinatorane i kommunane finn de her: https://samhandling-sfj.no/3393-2/

Dei leiande tannpleiarane har saman med administrasjonen i tannhelsetenesta også ansvar for å ivareta og sikre at folkehelsearbeidet i regionen vert fylgt opp etter vedteken folkehelseplan. I dette ligg ansvar for å planlegge og evaluere det årlege folkehelsearbeidet, sikre at alle tannklinikkane føl opp sitt ansvar i samarbeidsavtalane som er inngått med samarbeidspartar, informere/vidareformidle fagleg utvikling, samt gje rettleiing og avlastning til tannklinikkar som har behov for det.

Rådgjevande tannlege har ei koordinerande rolle, og har ansvar for administrative oppgåver innanfor folkehelsearbeidet. Vedkommande hovudkontaktperson i tannhelsetenesta er den som er representant i ulike folkehelsefora som HOF, tannhelsetenestens folkehelsenettverk, internt i fylkeskommunen og mot eksterne partar som helsedirektoratet, andre fylker, fylkesmannen osv.

Oppgåver knytt direkte til folkehelse, er om lag 20% for kvar av dei leiande tannpleiarane. Rådgjevande tannlege er tilsett i 40% stilling i tannhelseadministrasjonen.

Ei oversikt over folkehelsekoordinatorane i tannhelsetenesta finn de her: https://samhandling-sfj.no/folkehelsekoordinatorar-tannhelsetenesta/