Samhandlingsbarometeret med nye data for skader i Sogn og Fjordane

Skader og ulukker har eit vidt spekter frå mindre og kvardagslege hendingar til alvorlege ulykker. Mange småskadar handterar dei fleste på eiga hand, eller gjennom besøk hjå fastlege eller legevakt. Ved meir alvorlege skader vert spesialisthelsetenesta involvert, og dette området står også for ein betydeleg del av verksemda innan t.d. ortopedi og kirurgi.

Førebygging av skadar og ulykker er viktig i folkehelsarbeidet, og kan gje stor helsegevinst i form av auka livskvalitet og fleire leveår i befolkninga. I regjeringa sin strategi Ulykker i Norge – nasjonal strategi for forebygging av ulykker som medfører personskade 2009–2014 (regjeringen.no) er eit av delmåla å vidareutvikle det lokale og regionale ulykkesførebyggjande arbeidet. Det finst ikkje nokon god og samla oversikt over alle skadetilfelle i befolkninga, men for dei meir alvorlege skadane som medfører sjukehusbehandling kan ein finne data.

I Samhandlingsbarometeret har vi nyleg henta ut skadestatistikk frå Helse Førde for perioden jan. 2014 – okt. 2018 som omfattar meir alvorlegare skader hjå befolkninga i Sogn og Fjordane. I dette har vi sett på samla tal skader, alle brotskader og nokre hyppige former for brotskader, samt hodeskader for ulike aldersgrupper og kjønn. Samla sett vart det i perioden behandla 20 005 skadetilfelle i Helse Førde.
Figur 1. Tal sjukehusbehandla skader i 4-årsperioden 2014-2017 (2018 er ikkje med her då berre delar av året er inkludert).

Som det går fram av figuren var talet på skader stabilt dei tre første åra, medan ein i 2017 såg ein oppgang for alle tre aldersgruppene. Det var noko fleire menn som vart behandla i høve til kvinner.

Fig. 2 a) Utvalde skadetypar for heile perioden hjå yngre (0-25 år) (inkludert 2018 fram til okt.).

For yngre aldersgrupper er det klare skilnader der gutar/menn har meir beinbrot, hodeskader, håndleddsbrot og andre brotskader.

b) Utvalde skadetypar hjå eldre over 65 år:

Her ser vi markerte skilnader den andre vegen med ein klar dominans av kvinner når det gjeld ulike typar av brotskader. Kombinasjonen av meir beinskjørheit og lenger levetid for kvinner er truleg viktige årsaker til dette.

Figur 3. Brot i handledd og lårhals hjå personar> 65 år fordelt på kommunar i Sogn og Fjordane. Her er det rekna om til årlege rater (andelar) pr. 1000 innbyggar i dei aktuelle årsklassane, og sortert etter andelane av hoftebrot (lårhalsbrot).

Dette er brotskader som ofte har samanheng med fall, mykje innandørs for lårhalsbrot og ofte ute for handleddsbrot. Sidan lårhalsbrota ofte har meir komplisert behandling og alvorlege konsekvensar er det ofte særleg merksemd og førebyggande tiltak omkring desse, knytt til det å førebygge fall særleg hjå eldre.

Nokre kommunar ligg særleg lågt for desse brota (t.d. Vik, Gulen og Hornindal). Desse kommunane har nok noko grad av pasientlekkasje til naboføretaka (Voss, Haraldsplass og Volda), og kjem difor ikkje med i statistikken her. Vi ser også at det er varierande samsvar mellom omfanget av lårhalsbrot og handleddsbrot i mange av kommunane.

Førebygging
Fallskader kan ofte førebyggast med enkle tiltak, men det krev kunnskap om kvar falla skjer og kvifor. Eit systematisk samarbeid mellom ulike sektorar er viktig for å målrette tiltaka på både individ-, gruppe- og systemnivå.

Tredjeparten av brota er kompliserte med lang behandlings- og rehabiliteringstid. Eit vanleg lårhalsbrot er kostnadsrekna til kr 235 000 for det første året knytt til behandling og rehabilitering, medan eit komplisert brot er kostnadsrekna til kr 675 000. Sistnemnde inkluderer då også opphald på sjukeheim (Helsedirektoratet, 2011; Hektoen et al, 2009).

Nasjonalt har ein også berekna den gjennomsnittlege samfunnsøkonomiske gevinsten ved å førebygge eit lårhalsbrot. Dette omfattar reduksjon i sjukehusutgifter (kr 150 000), i sjukeheimsutgifter (kr 150 000) og til kommunal rehabilitering og pleie/omsorg (kr 80 000), totalt 380 000 kroner pr. hoftebrot. Kommunane og spesialisthelsetenesta kan såleis få betydelege økonomiske gevinstar ved å prioritere førebyggande arbeid overfor grupper som er i faresona for fall og brot.

Figur 3 over viser at det er store skilnader i talet på lårhalsbrot mellom kommunane i fylket, særleg ligg kommunane Vågsøy, Selje, Lærdal, Leikanger, Solund og Gaular høgt.  Ut frå kostnadsberekningane vil lårhalsbrota i Vågsøy utgjere over 7 millionar kroner.