Utvikling av fødslar og abortar i Noreg og Sogn og Fjordane

«Det fødes for få barn her i landet til at den norske velferdsmodellen kan videreføres, ifølge statsminister Erna Solberg (H). Hun ber nordmenn lage flere barn».

Kvar kvinne må føde litt over to barn i gjennomsnitt dersom ein skal oppretthalde folketalet på sikt. I dag vert det fødd berre rundt 1,6 barn her i landet. Dette er ei utvikling som føregår i dei fleste land, og på verdsbasis vert det no fødd omkring 2,5 barn pr. kvinne. Særleg i Afrika sør for Sahara vert det enno fødd svært mange barn.
Det kan difor vere av interesse å sjå på utviklinga over tid både i Noreg og i Sogn og Fjordane når det gjeld slike fruktbarheitstal. I figur 1 under ser vi utviklinga av fødslar pr. kvinne frå slutten av 1960-talet og fram til 2017 (kjelde: Folkehelseinstituttet).

Vi ser at på slutten av 60-talet var det i gjennomsnitt rundt 3,25 barn i Sogn og Fjordane, og at dette låg klart over landsgjennomsnittet på 2,75. Så kom det ein periode med markert nedgang utover i 1970-åra før det stabiliserte seg. Vi ser også ein viss oppgang i periodar. Frå rundt 2008 og utover ser vi igjen ein nedgang. Sogn og Fjordane har i stor grad følgt det nasjonale utviklingsmønsteret, og det er no berre små skilnader i høve landsgjennomsnittet.

Samstundes har det kome opp ein ny debatt om aborttala her i landet. Det kan difor vere av interesse å sjå på utviklinga av desse. Desse vert rekna ut i høve talet på 1000 kvinner i fertil (fruktbar) alder (15-49 år).

Figur 2 under viser utviklinga i tal registrerte abortar frå 1979 og framover til 2017. Kjelde Folkehelseinstituttet.

Sogn og Fjordane har som ein ser i heile perioden hatt færre registrerte abortar enn landsgjennomsnittet. Men over tid ser vi også ein nedgang i desse særleg frå 2008 og framover. Denne nedgangen har ikkje vore lik for ulike aldersgrupper. Figur 3 under viser utviklinga for dei ulike aldersgruppene. Kjelde Folkehelseinstituttet.

Som figuren syner er det særleg i dei yngre aldersgruppene (15-19 år og 20-24 år) at vi ser den største nedgangen, medan endringane er klart mindre for dei eldre gruppene.

Bakgrunnen for endringane vi ser over eit relativt kort tidsrom er nok samansette og gjenstand for offentleg debatt og mykje synsing.
Samhandlingsbarometeret kan heller ikkje gje noko meir svar på dette. Men førebyggande arbeid i form av betre seksualundervisning og etablering av helsestasjon for ungdom i kommunane, med rettleiing og utdeling av prevensjon, kan ha hatt effekt. Det er også av interesse å sjå kva endringar vi har hatt i samfunnet elles i dei periodane der det har forandra seg mest (1970-talet og etter 2008). Den såkalla Finanskrisa i 2008 ramma ikkje Noreg spesielt hardt i høve andre land som t.d. USA.