DRG-poeng pr. kommune- ny indikator i Samhandlingsbarometeret

I 1997 innførte ein i Noreg innsatsstyrt finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta. Frå 2017 vart dette utvida til også å omfatte delar av psykiatri og rusbehandling.
Sjukehusa vert etter dette finansierte på to ulike måtar; den eine gjennom ei basisløyving (50%) bestemt ut frå innbyggartal og alderssamansetning, og den andre halvdelen ut frå antalet og typar av behandling som vert utførte på pasientane.

Den innsatsstyrde finansieringa skal reflektere kor mykje ressursar som har gått med til behandlinga, basert på den aktuelle diagnosen og prosedyrar (undersøkingar/behandlingar) som har blitt utførte under sjukehusopphaldet, eller konsultasjonane på poliklinikkar. Ressursinnsatsen vil variere både med kva sjukdom (diagnose) pasienten lir av, og kor mykje tiltak som trengst i behandlinga. Desse to faktorane blir grupperete saman, og kjem ut som eit tal på DRG (Diagnose Relaterte Grupper). Systemet vart opprinneleg utvikla i USA, og det omfattar til saman rundt 900 ulike DRG-grupper.

Men sidan to pasientar med same diagnose likevel ikkje alltid vil trenge like mykje behandling, vil DRG-poenga reflektere det gjennomsnittlege omfanget av ressursar som eit sjukehusopphald medfører, inkludert frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon.
Den samla summen av ISF blir utbetalt til det regionale helseføretaket (Helse Vest) som sit med «sørge for»-ansvaret til befolkninga i regionen, og som finansierer dei einskilde lokale helseføretaka (t.d. Helse Førde). I 2019 er prisen på eit DRG-poeng sett til kr. 44 654,-

Samhandlingsbarometeret har teke inn ein ny variabel som omfattar det samla talet på DRG-poeng for alle fagområde innan somatiske sjukehustenester, fordelt både på regionar og kommunar. Det kan vere interessant å sjå i kva grad DRG-poenga (ressursbruken i spesialisthelsetenesta) varierer mellom sjukehusområde og kommunar.

Fig. 1 Utvikling over tid i omfanget av DRG-poeng pr. 1000 innb. for regionar på Vestlandet (*for 2018 har ein stipulert ut frå dei første 2/3 av året).


Over tid er det ein gradvis auke av DRG, og Stavangerområdet ligg klart lågare enn både Helse Fonna og Helse Førde. Her er det ikkje justert for ulikheiter i alderssamansetning.

Fig. 2 Dei fire kommunane Naustdal, Førde, Gaular og Jølster har vedteke å slå seg saman til Sunnfjord kommune frå 2020. Det kan vere av interesse å sjå korleis desse fordeler seg før samanslåing når det gjeld tal på DRG-poeng pr. 1000 innb. (alle aldersgrupper samla).

Vi ser at Førde kommune ikkje har auka DRG over tid og ligg noko under dei andre, og at særleg Naustdal har hatt ein stor auke i 2018.

Fig. 3. Personar over 80 år har i mange samanhengar eit klart større behov for spesialisthelsetenester, så ein kan sjå om det same mønsteret gjer seg gjeldande her.

Mønsteret som teiknar seg for dei over 80 år er at Jølster har lege under i DRG-poeng, og har fallande omfang av DRG-bruk for sine gamle. Kommunen i vest; Naustdal har ei motsett utvikling, særleg i 2018.

Skilnaden er markert i 2018, der Naustdal ligg nesten 2,5 gonger så høgt som Jølster. Kvifor skilnadane er så markerte har ikkje Barometeret noko svar på. Men det kan være at eit fåtal eldre pasientar i ein periode har stort behov for spesialisthelsetenester, og då vil kurvene kunne endre seg seinare. Vi ser at når det gjeld Naustdal så hadde omfanget av reinnlegging også eit større hopp oppover i 2018.

Samhandlingsbarometeret har difor hatt kontakt med Samhandlingssjefen i Helse Førde og representantar for helseleiinga i dei to kommunane for å høyre om dei har meir forklarande kunnskap om dette. Frå Naustdal vert det peika på at det truleg har med ei mindre gruppe av pasientar som har hatt mange innleggingar i 2018.  I Jølster ser dei nedgangen i samband med at fleire eldre har falle i frå.  Jølster opplyser også at dei har ei veldreven fastlegeteneste, der ein prøver å behandle det ein kan for å unngå unødig belastning på spesialisthelsetenesta.

Det blir interessant å sjå om kurva endrar seg i 2019. Etter kommunesamanslåinga i 2020 vil slike lokale skilnader tendere til å verte utjamna.

Av Hans Johan Breidablik