Samhandlingsnytt mars 2023
/i YmseHer kan du lese Samhandlingsnytt for mars 2023;
Fastlegeordninga
/i YmseNye tal publisert av Samhandlingsbarometeret viser ein auke i tal ubesette fastlegestillingar dei siste åra. Utfordringane knytt til rekruttering har òg auka i større bykommunar.
Fastlegeordninga har kome under press dei seinare åra i takt med at arbeidsmengda har auka. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengige av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet.
Talet på ubesette fastlegestillingar har auka dei siste åra, men dette varierer både over tid og mellom kommunane. Tradisjonelt har rekrutteringsutfordringane vore størst i mindre utkantkommunar, men i siste tida har dette også omfatta større bykommunar.
Samhandlingsbarometeret publiserer tal frå Helsedirektoratet sine nasjonale kvalitetsindikatorar som viser stor auke i talet på ubesette avtaler dei siste åra. Frå 2015 til 2021 har talet meir enn dobla seg, ved at talet på ubesette avtaler har auka frå 162 til 342 på landsbasis.
Tala viser òg at andelen med spesialisering i allmennmedisin har auka frå 58 til 64 % i den same perioden. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient. Kompetanseforskrifta krev at alle fastlegar som startar etter 2017 skal vere spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin.
Forsking viser at eit langvarig behandlingsforhold (kontinuitet) mellom fastlegen og ein pasient gir betre samarbeid, større opplevd tilfredsheit, betre førebygging, meir omfattande behandling og mindre dobbeltbehandling. Studium har vist at kontinuitet i lege-pasient-forholdet gjev redusert dødelegheit, spesielt mellom eldre pasientar, og redusert bruk av spesialisthelsetjenester, sjukehusinnleggingar og legevaktbesøk.
Utdanningsnivå og helse
/i YmseDet er velkjent at personar som har lang utdanning og god økonomi, lever lenger og har færre helseproblem enn dei som har kortere utdanning og dårlegare økonomi. Utdanningsforskjellar i helseatferd kan avspegle større ressursar, betre mulegheiter og større evne og vilje til å ta til seg helseinformasjon mellom dei med høgare utdanning.
For å illustrere dette har vi valgt å hente ut og samanstille tre variablar (høgt utdanningsnivå, daglegrøyking og bruk av spesialisthelsetenester) frå Samhandlingsbarometeret for fire kommunar innan Helse Førde sitt opptaksområde.
Andelar med høg utdanning, og utvikling av dette over tid:
Vi ser at andelen med fullført høgskule eller universitetsutdanning i Noreg er nesten 40%, medan nivået samla for Helse Førde sitt opptaksområde ligg noko lågare (32%). Sogndal (45%) ligg imidlertid klart over landsgjennomsnittet, medan Høyanger ligg på 25%.
Ser vi på utviklinga over tid (2010 til 2021) er det ein klar auke i utdanningsnivået for alle dei fire kommunane, og der både Høyanger og Kinn har auka meir enn landet som heilheit:
Samanheng mellom høgt utdanningsnivå og daglegrøyking:
Figuren illustrerar det eintydige biletet mellom aukande andelar med høg utdanning (blå linje), og tilsvarande fall i andelen daglegrøykarar i dei same kommunane. Det er tre gonger så mange daglegrøykarar i Høyanger som i Sogndal.
Samanheng mellom høgt utdanningsnivå og samla bruk av spesialisthelsetenester:
Det er også ein tendens til at høgt utdanningsnivå har samanheng med færre sjukehusinnleggingar samla sett. Eit unntak her er Sunnfjord kommune som ligg litt under Sogndal (kan ev. ha med avstandar til sjukehus å gjere).
Konklusjonar:
-Det er klare skilnader i utdanningsnivået mellom kommunane
-Utdanningsnivået heng klart saman med andel av daglegrøykarar
-Delvis er det reflektert også i mindre sjukehusinnlegging.
Responstider for akuttoppdrag
/i YmseTida til ein pasient får nødvendig helsehjelp etter ei alvorleg hending, er av avgjerande betydning for å unngå unødvendig tap av leveår og redusert funksjonsnivå. Helsedirektoratet har utvikla kvalitetsindikatorar for akuttmedisinske tenester. Indikatorar er utvikla for mellom anna gjenoppliving etter hjartestans, responstider knytt til ambulanseoppdrag samt svartid på medisinsk naudnummer 113.
Samhandlingsbarometeret publiserer tala som viser dei geografiske skilnadane i responstider i høvesvis grisgrendte og tettbygde strøk, samt tal akutte hendingar. For akutte og alvorlege hendingar er målsetjinga å nå fram til pasienten innan 12 minutt etter varsling i tettbygde strøk, medan ein for grisgrendte strøk har sett målsetjinga til 25 minutt. Dette skal omfatte 90% av alle henvendingane i området.
I 2020 var mediantida i tettbygde strøk 9,5 minutt, medan den for grisgrendte strøk var på 15,1 minutt. I 2021 var tidene høvesvis 9,9 minutt og 15,4 minutt for tettbygde og grisgrendte strøk. Det er betydeleg geografisk variasjon i responstider i grisgrendte strøk, med variasjon frå under 10 minutt til rundt 30 minutt i kommunane med høgast responstid.
Det er òg stor geografisk variasjon i tal hendingar per 1000 innbyggarar. Helse Midt har lågast tal hendingar med 20 hendingar per 1000 innbyggarar, tett følgd av Helse Nord og Helse Vest, medan Helse Sør-Øst har 33 hendingar per 1000 innbyggarar. Tala inkluderer ikkje tal oppdrag med luft- eller båtambulanse, som har ulike ratar i ulike landsdelar. Det bør merkast at turistar/gjestande vil gje utslag i ratane for tal oppdrag per innbyggar.
Kjelde: Nasjonale kvalitetsindikatorar Hdir/Norsk Pasientregister (NPR)
Omfang av infeksjonar i norske sjukeheimar (HAI) – Ny variabel i Samhandlingsbarometeret
/i YmseOmfang av infeksjonar i norske sjukeheimar (HAI) – Ny variabel i Samhandlingsbarometeret
To gonger i året gjer ein i norske sjukeheimar ei oppteljing over kor mange av bebuarane som har fire ulike typar infeksjonar, og som brukar antibiotika på dei aktuelle tidspunkta (såkalla prevalensundersøking).
Dei fire infeksjonane er urinvegsinfeksjonar (hyppigaste), lungebetennelsar, infeksjon i operasjonsområde og hud- og sårinfeksjonar). Berre infeksjonar som har oppstått i sjukeheimen skal registrerast. Helsetjenesteassosierte infeksjoner (HAI) er vanlege og viktige årsaker til sjukdom hjå bebuarar i sjukehjemar, og påfører desse ekstra liding, risiko for innlegging i sjukehus, og auka dødelegheit. Truleg kan mange HAI førebyggast.
Prevalens er ein relativt upresis registreringsmetode, og gjev berre eit augeblikksbilete. Ved små tal vil også den tilfeldige variasjonen være stor, og i tillegg kan det vere variasjon i registreringspraksis. Samansetninga av brukargruppa i den aktuelle sjukeheimen kan også verke inn. Resultata bør derfor tolkast med varsemd.
Sjukeheimane må vurdere eigne infeksjonsresultat, og behovet for kvalitetsforbetringsarbeid. Dei skal også ha infeksjonskontrollprogram som beskriv systematiske tiltak for førebygging av infeksjonar.
Datakjelda: Kvalitetsindikatorar/Helsedirektoratet
Illustrasjon: Registrerte infeksjonar i sjukeheimar i og rundt Bergen
Samhandlingsnytt
/i YmseHer kan du lese desemberutgåva av Samhandlingsnytt 2022;
Kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) og bruken av desse inn i Samhandlingsbarometeret
/i YmseEit av måla i Samhandlingsreforma i 2012 var å flytte meir av behandlingsansvaret for pasientar frå spesialisthelsetenesta til primærhelsetenesta. I denne samanhengen fekk vi i 2016 oppretting av kommunale døgntilbod for pasientar med behov for akutt hjelp eller observasjon som eit alternativ til sjukehusinnlegging for enkelte pasientgrupper. Desse vart kalla KAD, eller ØHD-plassar. Etterkvart kom det også til å omfatte mentale- og ruslidingar.
Bruken av desse KAD-plassane har imidlertid variert mykje, og også den samla bruken (beleggsprosenten) har aldri vore i nærleiken av det den er for anna institusjonshelseteneste. For små kommunar har det vore krevjande å bemanne eit fåtal KAD-senger i eigen kommune. Det har difor meir vore regelen at fleire kommunar har gått saman om å drifte KAD-einingar i ein vertskommune, der pasientar frå kommunar rundt denne må reise dit. Slik sett kan avstandar påverke omfanget av bruken. Men truleg er den største skilnaden knytt til ulike faglege tradisjonar og haldningar i fastlege- og legevaktsgruppa, som er dei som står for storparten av KAD-tilvisingane.
Illustrasjonsfiguren over viser dekningsområdet for KAD i Harstad. Denne består av fire kommunar. Vi ser at to av desse (Lødingen/Tjeldsund) har klart flest liggedagar i høve folketalet, medan Kvæfjord har lav bruk.
Den første tida var det tenkt at opphalda skulle vere kortvarige (gjerne under tre døgn). Etterkvart har det gått mot litt lengre liggetider, og gjennomsnittet for Harstad i 2021 er altså 4,4 døgn. Eit særleg problem er at innrapporteringa av data frå dei ulike KAD-ordningane er manuell og varierer mykje. Dette fører til at vi manglar data frå mange av desse KADane, også større slike.
Samhandlingsbarometeret arbeider for tida med datamaterialet, slik at både data og layout kan endre seg noko frå det som er vist i illustrasjonen her.
Somatisk helse hos personar med psykiske lidingar eller ruslidingar – webinar frå Helseatlas
/i YmseHelseatlastenesta i Helse Førde har arbeidd med spørsmål knytt til geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialistert behandling av ruslidingar. Dei har no bidrege til eit webinar om denne tematikken.
I Noreg er det ønske om å styrke somatisk spesialisthelseteneste for pasientar med psykisk liding eller rusliding, fordi det har potensiale til å kunne førebygge alvorleg sjukdom. Bakgrunnen for dette er at personar med psykisk liding eller rusliding har ein auka risiko for somatiske sjukdommar og kortare forventa levetid samanlikna med innbyggarane elles. Som forskar og lege Torgeir Gilje Lid forklarer i dette korte klippet, er dette pasientar som helsetenesta ikkje klarer å ivareta godt nok;
https://vimeo.com/766909027/3950ec2296
Helse Førde har gjennomført analysar der dei har sett lys på følgande to spørsmål: Er det geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester for personar som har hatt kontakt med psykisk helsevern (PHV) eller tverrfagleg spesialistert behandling av ruslidingar (TSB)? Er det forskjellar i bruk av somatiske spesialisthelsetenestar mellom personar som har hatt og personar som ikkje har hatt kontakt med PHV eller TSB?
Opptaket har to hovuddelar.
- Første del inneheld ein presentasjon av «Geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)» med Marte Bale frå Helse Førde.
Analysane er utført av helseatlastenesta i Helse Førde HF og bygger på data frå Norsk pasientregister.
- Andre del er ein samtale leia av Geir Sverre Braut med Torgeir Gilje Lid og Marte Bale om ulike sider ved analyseresultata, og temaet somatisk helse for personar med psykiske lidingar eller ruslidingar.
Du ser heile webinaret på 57 minutter her;
https://vimeo.com/757527344/cf8ce1740d
Folkehelsekartleggingar presentert i Samhandlingsbarometeret
/i YmseFylkeskommunane har saman med Folkehelseinstituttet gjennomført folkehelse kartleggingar blant den vaksne befolkninga. Rundt 30% av dei som vart inviterte til å delta, valde å svare på spørjeundersøkingane.
Gjennom undersøkingane har ein fått inn data for kvar einskild kommune. Målet er å få ny lokal kunnskap om korleis innbyggjarane i fylka har det. Slik kan kommunane og fylket arbeide saman for å betre livskvalitet, trivsel og helse blant befolkninga.
For kommunane vil spørsmåla i undersøkinga vere relevante både for folkehelsearbeidet og til drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.
Resultata frå undersøkingane vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med den obligatoriske Folkehelseoversikta og påfølgjande planstrategi/anna planarbeid.
Samhandlingsbarometeret har valdt å legge inn kommunevise resultat under overskrifta HELSEFØRETAKSSPESIFIKKE INDIKATORAR. Førebels er resultat for Helse Vest sine opptakskommunar (Vestland og Rogaland fylkeskommunar) publisert.
Inndelinga av kommane følgjer som elles i Samhandlingsbarometeret opptaksområda for dei fire lokale helseføretaka (Helse Førde/Helse Bergen/Helse Fonna/Helse Stavanger).
Spørsmåla er grupperte etter temaområda Helse og trivsel, Livsstil, Omgjevnader og Øvrige.
Vidare kan ein velgje å sjå resultat samla for alle, eller delt på kjønn.
Illustrasjonen viser omfanget av dagleg røyking i Helse Førde sitt opptaksområde (Sogn og Fjordane) i 2022.
https://www.vestlandfylke.no/folkehelse/folkehelseundersokinga-2022/
https://www.fhi.no/publ/2020/folkehelseundersokelsen-i-rogaland-2020/
Illustrasjon: