SAMHANDLINGSBAROMETERET I NY DRAKT

Helse Førde har beslutta å legge ned eksisterande Samhandlingsbarometer innan kort tid. Grunnen til dette er at dataene ikkje har vorte oppdatert det siste året, då vi har brukt ressursane på å utvikle ein ny versjon. Teknologien som er nytta som presentasjonsverktøy fram til i dag er blitt forelda og vert ikkje utvikla vidare av dei som eig programmet.

Nytt Samhandlingsbarometer vert opna på nyåret.

Samhandlingsbarometeret har eksistert sidan Samhandlingsreforma vart gjennomført i 2012. Første åra inneheldt det data frå dåværande Sogn og Fjordane, tilsvarande opptaksområdet for Helse Førde. Etter kvart vart det lagt inn data for resten av Helse Vest sine helseføretak og opptakskommunar, og også Helse Nord tok det i bruk for sine sjukehusområde.

Den eksisterande portalen har på mange måtar fungert etter si hensikt og gjort det mogleg å arbeide interaktivt, drive samanlikningar mellom kommunar og ta ut data for vidare bearbeiding til eige bruk lokalt.

I eksisterande Samhandlingsbarometer har ein fått fram følgjande utgangsbilde når ein eksempelvis ser på reinnlegging av pasientar innan 30 dagar.:

Dette viser omfanget av reinnlegging innan 30 dagar etter utskriving frå sjukehus pr. 1000 innb. i kommunen frå Noreg samla, Helse Vest samla, Helse Førde samla og kvar einskild kommune i opptaksområdet.

I den nye løysinga vil same indikator reinnlegging framstillast slik:

Opningsbiletet viser tre ulike presentasjonar i same bildet. Først ein tabell delt i aldersgrupper der Noreg, Helse Vest og Helse Førde kjem fram i tillegg til dei tre kommunane Gloppen, Kinn og Lærdal, som vi har haka av. Figuren oppe til høgre viser utvikling over tid, og nedre til høgre er ein kartpresentasjon med fargar knytt til verdien for kommunen der ein kan peike på kommunen for å få fram meir opplysningar om denne.

Datakjeldene vi nyttar har også endra seg over tid i retning av større og nasjonale basar som t.d. Norsk Pasientregister med data for heile landet. Dette gjer at vi utan mykje meirarbeid kan presentere data for alle delar av Noreg.

Det nye Samhandlingsbarometeret vil ligge opent på nett på nyåret, i fyrste omgang med eit avgrensa tal på indikatorar (variablar).