Tilsett i Samhandlingsbarometeret med ny doktorgrad!

Rådgjevar i Samhandlingsbarometeret, Maria Holsen, disputerte for PhD-graden 9. juni 2017 ved Tammerfors universitet i Finland. Avhandlinga var innanfor ortopedi og omhandla knesmerter hos vernepliktige. Maria har følgt vernepliktige som var opererte for osteochondritis dissecans (løsning av brusk/beinbitar), delt kneskål og medial leddhinnefold (plica). I tillegg såg ho på MR som diagnostisk verktøy for plica og for skader på bruskoverflate på kneskåla (chondromalasi).

Avhandlinga såg på fiksasjon av lause fragment med bioabsorberbare pinnar eller spiker. Begge metodane viste gode resultat etter 5 år, men det funksjonelle resultatet var betre når bioabsorberbare spiker vart brukt. Dette kan kanskje ha samanheng med utforminga av spikeren.

Behandlinga av smertefull delt kneskål er primært ikkje operativ, men om smerten er langvarig er fjerning av den mindre biten det mest brukte kirurgiske inngrepet. I avhandlinga var det funksjonelle resultatet, 15 år etter operasjon, godt eller utmerka hos nesten alle.

Det er omstridt i kva grad mediale leddhinnefolder, som førekjem hos fleirtalet av befolkninga, er årsak til symptom i kne. Sjølv om behandlinga i utgangspunkt ikkje er operativ førekjem fjerning av slike folder ved langvarige symptom. Resultatet av artroskopisk fjerning av folden, etter 7 års oppfølging, var godt eller utmerka hjå dei fleste. Både preoperativ klinisk undersøking og MR viste seg upålitelege i å påvise leddhinnefolden.

Med omsyn til skade på brusk på kneskåla, var MR pålitelig når de gjaldt djupare skader, mens følsomheita for mindre skader var låg (20%).

 

Maria Holsen er lege, og har tidlegare jobba med ortopedi, men har sidan 2006 jobba innan administrasjon og forsking. Ho vart tilsett i Samhandlingsbarometeret/Helseatlastenesta i september 2016.

Du kan lese hele avhandlinga her: Operative Treatment and Magnetic Resonance Imaging-Based Diagnostics of Knee Disorders in Military Conscripts

Samhandlingsnytt Juni 2017

Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla. No er samhandlingsnytt for juni sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar.

I Samhandlingsnytt for juni kan du lese om Pasientens helseteneste, Ny organisering, Unikt samarbeit i folkehelse, Samordningskalendar og Stipendiatstilling som lyses ut.

Samhandingsnytt – Juni 2017

Unikt samarbeid om innsamling, publisering og analyse av folkehelsedata i Sogn og Fjordane!

Eit unikt samarbeid mellom fleire offentlege instansar i fylket er etablert med intensjon om å etablere eit kompetansemiljø rundt eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Kommunane ved KS, Folkehelseavdelinga i Flora, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NAV Sogn og Fjordane er partar i samarbeidet. Partane har etablert ei styrande gruppe leia av fylkeskommunen, og ei arbeidsgruppe der representantar frå Flora kommune, høgskulen, fylkeskommunen og Helse Førde deltek. Arbeidsgruppa er leia av Helse Førde, og har i løpet av våren 2017 greidd ut behov og føresetnader for eit samarbeid knytt til publisering av folkehelsedata og tolking, analyse og faglege utgreiingar av datamaterialet. Eit grunnlagsdokument som partane er samde om ligg til grunn for arbeidet.

Utgangspunktet for samarbeidet er lov om folkehelse sitt krav om helseoversiktsoversiktsdokument og behovet kommunane og fylkeskommunen har for kvalitetssikra data og kunnskap. God oversikt over helse og påverknadsfaktorar er avgjerande viktig for å identifisere utfordringane som skal gje grunnlag for avgjerder og tiltak i det fortløpande folkehelsearbeidet og arbeidet med kommunal og fylkeskommunal planlegging i tråd med plan og bygningslova. Statlege, private og frivillige aktørar har også behov for data i forbetringsarbeid, undervisning, forsking og fagutvikling, og deira behov skal også ivaretakast i samarbeidet.

Folkehelsearbeid er komplekst og tverrsektorielt. Erfaringar til Folkehelseavdelinga i Flora, der ein har arbeidd med helseoversiktsdokumentet i 10 kommunar, syner at dette er krevjande arbeid for kommunane å gjere åleine. Det er behov for å samle ressursane som arbeider med innsamling, publisering og tolking av folkehelsedata. Samarbeidspartane har samla sett dei tekniske systema og den faglege kompetansen ein treng, men samarbeidet er ikkje systematisert og ein jobbar i dag for mykje kvar for seg. Dei samla ressursane må settast i system på ein måte som sikrar at kunnskap om folkehelse vert utvikla og gjort tilgjengeleg for dei som treng det, samt hindrar dobbeltarbeid og overvaking som ikkje er føremålstenleg.

Sentrale oppgåver vert å samle relevante folkehelseindikatorar på ein plass, og gjere faktakunnskapen tilgjengeleg. Dette vi lette arbeidet med å ha oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar på alle nivå, og vere nyttig for undervisning, studentarbeid og forsking og til bruk i helse- og omsorgstenesta/spesialisthelsetenesta.

Basert på arbeidsgruppa sitt arbeid har den styrande gruppa fremja forslag om å etablere eit prosjekt som skal greie ut føresetnader, organisering og oppgåver for eit forpliktande samarbeid. Omfanget av arbeidet skal avklarast i løpet av hausten.

 

Av Emma Bjørnsen

Lege- og fysioterapitimar til pasientar på sjukeheimar

På Samhandlingsbarometeret finn vi tal for legetimar og fysioterapitimar pr. bebuar på sjukeheimar/heildøgns institusjonar. Generelt er pasientgruppa på sjukeheimar blitt meir krevjande å behandle, og behandlinga også meir avansert. Dette er også i pakt med Samhandlingsreforma sitt mål om å flytte meir av behandlinga ut i kommunane.

 

Figuren under viser utviklinga og nivået av tilgjengelege legetimar pr. bebuar pr. veke

Vi ser at det nasjonalt har vore ein klar auke frå 0,3 timar pr. veke i 2009 og opp til 0,5 timar i 2016. Sogn og Fjordane har lagtlege i underkant av dette, og har 0,4 timar i gjennomsnitt i 2016. For t.d. Leikanger kommune ser vi ein markert auke over tid til 0,7 timar, medan Askvoll har gått motsett veg og er nede i 0,2 timar i 2016.

 

Figuren under viser tilsvarande for fysioterapitimar pr. bebuar pr. veke

På dette området ligg Sogn og Fjordane samla sett på nivå med landet med 0,4 timar pr. bebuar pr. veke. Vi ser at ein kommune som Luster har satsa klart på dette området og ligg nesten tre gonger over landsgjennomsnittet, medan Gaular berre rapporterer ein firedel av dette. Dette er markerte skilnader då ein i utgangspunktet vil forvente at behovet hjå pasientgruppene er nokolunde likt i dei ulike kommunane.

Statistikken her er basert på tal som dei ulike kommunane sjølve har rapportert gjennom KOSTRA-systemet (SSB). Ved tolking av skilnader må ein difor ta med seg at det kan være ulik praksis mellom kommunane når det gjeld rapporteringa.

 

Av Hans Johan Breidablik

Antibiotikabruk i kommunehelsetenesta – ny indikator på Samhandlingsbarometeret

Antibiotika til bruk mot infeksjonssjukdommar har vore ein av dei store suksessane i moderne medisin. Imidlertid har det vist seg at bakteriar kan utvikle motstandskraft (resistens) mot ulike antibiotika, noko som kan gjere at midla ikkje lenger vil ha effekt på alvorlege infeksjonar lenger. I heile verda er ein bekymra over denne utviklinga, og eit viktig element i bekjempelsen av slik resistensutvikling er å redusere totalomfanget av antibiotikabruk.
Storparten (80%) av antibiotika til menneske blir utskrive av legar i primærhelsetenesta i Noreg, medan ein på sjukehus er mest konsentrert om å avgrense bruken av såkalla breispektra spesialantibiotika (som verkar mot mange ulike bakteriar samstundes).
Stortinget har i denne samanhengen vedteke at totalforbruket av antibiotika til menneske i Noreg skal reduserast med 30 % innan utgangen av 2020, sammenlikna med situasjonen i 2012. Regjeringa sin Handlingsplan mot antibiotikaresistens frå januar 2016 konkretiserar vedtaket med tiltak og mål for dei ulike delane av norsk helseteneste.
I perioden frå 2012 til 2015 var det ein viss nedgang i bruken av antibiotika (13%), men det er ei målsetting å redusere denne ytterlegare gjennom eit intensivert arbeide framover.
I Samhandlingsbarometeret har ein teke inn to indikatorar for antibiotikabruk i kommunar og fylke: Andel av befolkninga som får utskrive antibiotika årleg og talet på reseptar pr. 1000 innbyggarar.

Vi ser ein nedgang både i Noreg og i Sogn og Fjordane (fram til 2014) over tid i andelen av befolkninga som får utskrive antibiotikum årleg. Det er markerte skilnader mellom ein kommune som Balestrand som ligg lågt, og Gulen som skriv ut nesten tre gonger så mykje.

Av Hans Johan Breidablik

Samhandlingsnytt

Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde,  Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla.  No er samhandlingsnytt for mai sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar

Samhandlingsnytt – Mai 2017