Studentgruppe i praksis ved Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret (SB) har dei siste åra teke imot ei gruppe på fire sjukepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) knytt til oppgåver dei skal skrive innan emneområdet førebyggande og helsefremmande arbeid. Studentane har vore med på ordinære møter i SB for å få forståing for data og innblikk i korleis ein arbeider med data.

Innan området Folkehelse er forventa levealder ved fødsel ein av dei mest sentrale måleparameterane. Som vi veit har denne gått stadig oppover i dei fleste land, noko som også er forventa å halde fram i Noreg. Eit av dei tre hovudmåla for folkehelsa i Noreg er å være mellom dei tre landa i verda med lengst levealder (fleire land har passert oss i dette over dei seinare åra). Det er kommunane som er tillagt hovudansvaret for folkehelsearbeidet i Noreg.

Studentane fekk i oppgåve å ta utgangspunkt i to nabokommunar i Indre Sogn (Årdal og Lærdal) som har ulik forventa levealder, særleg for menn, sjå figur under.

Oppgåva for studentane var så å prøve å peike på mogelege årsaksforklaringar (helsedeterminantar) til denne skilnaden. Dette gjorde dei ved å søke i tilgjengeleg statistikk, fag- og forskingslitteratur, samt å intervjue sentrale personar i administrasjonen i dei to kommunane.

Ved sidan av den skriftlege oppgåva skulle studentane også lage ein poster (presentasjonsplakat) med oppsummering.

Studentane konkluderer i oppgåva med at folkehelsekoordinator, organisering og system, samt høg politisk prioritet i kommunane er viktig for folkehelsearbeidet. Vidare er helsekompetanse viktig (høgare utdanning gjev høgare helsekompetanse og mindre sjukdom). Faktorar som er viktige i arbeidet med eldrebølga er velferdsteknologi, ei aktiv pasientrolle og berekraftig befolkningsutvikling.

Studentane sin poster: