Nytt Samhandlingsbarometer på nett i mai 2022

Arbeidet med å utvikle det nye Samhandlingsbarometeret (SB) har vore omfattande og tatt lengre tid enn anteke, men løysinga er no lagt åpent ut på nett, sjå Samhandlingsbarometeret

Basen vil bli utvikla vidare framover, særleg vil data tilrettelagt for helsefellesskapa ha stort fokus. I dette er det behov for samarbeid med brukargruppene for SB.

SB er strukturert med presentasjonar for Norge, regionale helseføretak (RHF) med tilhøyrande føretak (HF) og kommunar i opptaksområda. Data er publisert for heile landet, inkludert bydelar der data er tilgjengelege.

Vi ser det som viktig å presentere mest mogeleg variablar for kommunane, også dei med lågt innbyggjartal. Men likevel kan det skje at dei blir ståande utan data på enkelte variablar, på grunn av personvernsomsyn.

I første omgang vil Samhandlingsbarometeret innehalde eit avgrensa sett med indikatorar i forhold til det ein hadde i det tidlegare barometeret, men nye variablar vil kome inn etter kvart. Tilgang til oppdaterte data frå dei ulike datakjeldene er avgjerande for oppdatering av data og kva nye indikatorar som kan publiserast.

I tida framover er det viktig å finne ut korleis den nye løysinga fungerer teknisk sett. Vi oppmodar difor dykk som brukarar til å gå inn på dei ulike indikatorane og gjere dykk kjende med løysinga. Sjølv om vi kontrollerer tala best mogeleg før dei blir lagde ut, kan det førekomme utilsikta feil. Dersom brukarar finn tal ein lurer på om er riktig, er det bra med tilbakemeldingar, slik at vi kan vi gå nærare inn på kjeldetala.

Vi er også takksame for alle tilbakemeldingar, både utfordringar de opplever når det gjeld bruk og forslag til endringar i oppsettet. Forslag til aktuelle nye indikatorar er også velkomne. Send oss gjerne ein e-post om dette til samhandling@helse-forde.no

Vi håper det nye Samhandlingsbarometeret, saman med andre kjelder, vert opplevd som  nyttig i det viktige arbeidet med å få til god samhandling på tvers i norsk helseteneste!