Helsetilstand og bydel – skilnader ikkje berre i Oslo

Skilnader mellom bydelar når det gjeld levealder, levekår og helsetilstand har vore eit velkjent tema for Oslo sin del i mange år. I Helse Vest sitt opptaksområdet har vi to byar (Bergen og Stavanger) som har oppdeling i eigne bydelar i statistikken.

Samhandlingsbarometeret har inne bydelar for ein sentral folkehelsevariabel; tidleg død (0-74 år), som er omfanget av død under gjennomsnittleg forventa levealder. I eit folkehelseperspektiv kan enkelte av desse dødsfalla vere førebyggbare eller kan utsettast. Samtidig vil det særleg i mindre kommunar vere få slike dødsfall om vi går ned på årsaksgrupper, og ein nyttar seg difor av 10-års glidande gjennomsnittsintervall for å unngå for mykje tilfeldig variasjon.

Frå nytt Samhandlingsbarometer, som er under arbeid, har vi lagt inn data frå Folkehelseinstituttet over tidleg død, og har framstilt desse på kartvisninga vi har der. Kartpresentasjonar kan vere eit middel til å få fram skilnader på ein pedagogisk måte, og sjølv om det har lang tradisjon i samfunnsmedisinen (t.d. under Kolerabekjempelsen i London på 1800-talet), så er det kanskje mest i dei seinare åra at det å framstille data via kart har fått aukande omfang.

Om vi tek Bergen som døme, og ser på det samla omfanget av tidleg død, får vi dette bildet:

Fig. 1: Omfanget av tidleg død/100 000 innb. i perioden 2009-2018 samla for alle årsaker (tala er justerte for alders- og kjønnsfordelinga i dei ulike bydelane).

Vi ser at bydelen Arna har lysast farge, og har ein dødelegheit på 199 per 100 000 innbyggar. Årstad bydel ligg høgast med 316 (mørkast). Noreg samla ligg på 266. Det er altså klare bydelsmessige skilnader for omfanget av tidleg død.

Fig. 2 Omfanget av tidleg død grunna kreftsjukdom for bydelar i Bergen 2009-2018

Det same mønsteret mellom bydelar går att også for tidleg død av kreft. Arna ligg på 90, medan Årstad ligg på 119. Noreg har 109. Men størrelsen på skilnadane er ikkje så markerte for kreftsjukdom.

Fig. 3 Omfang av tidleg død grunna voldsomme dødsfall (ulykker, sjølvmord og drap) for bydelar i Bergen 2009-2018

For desse årsakene er det Ytrebygda bydel som ligg lågast med 20, medan Årstad har meir enn dobbelt med 43 pr. 100 000 innb. i perioden. Noreg ligg på 29.

Målt med slike sikre endepunkt finn ein altså klare skilnader mellom bydelar i Bergen, noko som er viktig kunnskap i arbeidet med både førebygging og byplanlegging.