Nytt Kommunalt Pasientregister (KPR) – kva diagnosegrupper får mest konsultasjonar?

For spesialisthelsetenesta har ein over tid hatt stor nytte av Norsk Pasientregister (NPR) og nytta opplysningar her til mange ulike føremål.
Men for aktiviteten i kommunehelsetenesta har ein ikkje hatt noko tilsvarande register, og har difor ikkje hatt mykje opplysningar knytt til pasientbehandlinga. Særleg knytt til samhandlingsproblematikk er slike opplysningar av interesse.
Helse- og omsorgsdepartementet har difor gjeve Helsedirektoratet i oppdrag å utvikle eit Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Registeret skal innehalde informasjon som skal brukast til planlegging, styring, finansiering og evaluering av kommunale helse- og omsorgstenester, og fleire andre oppgåver som vil bidra til å styrke pasientenes helseteneste. KPR vart lansert våren 2018, og har begynt å ta inn ulike variablar. Men sidan det førebels er avgrensa kjelder for innhenting av informasjon, er det opplysningar (inklusive diagnosar sett av fastlegar/legevaktslegar) som dannar grunnlaget for dei data ein finn i KPR i dag. Miljøet i Samhandlingsbarometeret har hatt jamnleg kontakt med, og kome med innspel til KPR-miljøet.
Fig.1: Oversiktsbilde frå KPR-registeret

Det har vore mykje diskusjonar omkring fastlegeordninga og at fastlegar får stadig fleire oppgåver som dei har vanskar med å rekke over. Samstundes er det mindre kunnskap omkring kva problemstillingar dei brukar konsultasjonane til. KPR kan sjølvsagt heller ikkje gje noko utfyllande svar på dette, men kanskje kan innsende diagnosar på refusjonskrav til Helfo, som KPR-registeret nyttar, gje oss ein viss peikepinn?
Vi har difor plukka ut fire ulike kommunar i Sogn og Fjordane og sett på kva som er dei hyppigaste diagnosane ved konsultasjonar hjå fastlegane i 2018 (legevakt er ikkje medrekna her).
Kodesystemet ICPC-2 (den internasjonale klassifikasjonen for primærhelsetenesta) som vert brukt i kommunehelsetenesta har til saman 17 ulike diagnosegrupper med kvar sin bokstav.
Samla for Sogn og Fjordane finn vi for 2018:
Av dei 15 hyppigast brukte diagnosegruppene et 7 knytt til muskel/skjelett (L), 6 er knytt til mentale lidingar (P) og 2 er knytt til hjerte-/karlidingar (K). Gjennomsnittlege utbetalingar frå Helfo pr. innbyggar er kr. 679,-

Eksempel frå fire ulike kommunar i Sogn og Fjordane:
Kommune A: Kystkommune med høg andel over 80 år (8,3%). Dei 15 hyppigaste diagnosegrupper vert vist i figuren under. Av desse er 4 frå hjarte/kar inkl. høgt blodtrykk (K-kapittel), 5 frå hud-kapitlet (S) og 6 frå muskel-skjelettkapitlet (L). Ingen kjem frå psykiatrikapitlet (P). Kommunen har 4 fastlegelister (942 innb. pr. fastlegeliste). Gjennomsnittleg samla refusjonssum frå Helfo pr. innbyggar er kr. 918,-

Kommune B: Kystkommune med relativt høg andel over 80 år (6,7%). Her er 4 av diagnosegruppene (inkludert den største) frå psykiatrikapittelet (P), 3 frå hjarte-kar (K), 4 frå luftvegskapitlet (R) og 4 frå muskel/skjelett (L). Ingen er her frå hudkapitlet (S). Kommunen har 3 fastlegelister (782 innb. pr. fastlegeliste). Gjennomsnittleg samla refusjonssum frå Helfo pr. innbyggjar er kr. 384,-

Kommune C: Stor kommune med middels andel over 80 år (4,2%). Her er heile 6 av dei største diagnosegruppene frå psykiatrikapittelet (P), 6 frå muskel-skjelett (L) og 3 frå hudkapitlet (S). Ingen er frå hjarte-kar kapitlet (K). Kommunen har 14 fastlegelister (856 innb. pr. fastlegeliste). Gjennomsnittleg samla refusjonssum frå Helfo pr. innbyggar er kr. 995,-

Kommune D: Stor kommune med middels andel over 80 år (4,2%). Her er heile 6 av dei 15 største gruppene koda under A-gruppa (Allment og uspesifisert), 5 frå muskel-skjelett og 4 frå hudkapitlet (S). Ingen er frå psykiatrikapitlet. Kommunen har 11 fastlegelister (733 innb. pr. fastlegeliste). Gjennomsnittleg samla refusjonssum frå Helfo pr. innbyggar er kr.643,-

Oppsummering:
Vi finn i desse eksempla skilnader som neppe kan forklarast ut frå skilnader i aktuell sjukelegheit i befolkninga. Sogn og Fjordane har ei relativt homogen befolkning, og mest truleg gjeld dette også for sjukelegheita i dei ulike kommunane. Oversikta over reflekterer volumet av konsultasjonar, ikkje talet på einskildpasientar.
Det er sjølvsagt ulike andre lokale forhold som kan vere med og forklare desse skilnadane. Ulikheiter i demografi og særleg kodepraksis spelar truleg ei viktig rolle, det same kan vere kor lett tilgjenge det er på ulike former for spesialisthelseteneste i området. Kodeverket ICPC-2 er delt i symptomkodar og sjukdomskodar frå dei ulike organsystema. Mønsteret vi ser tyder mot variasjon mellom desse. Dette vert påpeika også frå Praksiskonsulent i fylket.
Imidlertid vil kodar bli brukte i mange samanhengar. Dei blir brukte i administrativt arbeid og spelar vanlegvis ei sentral rolle innanfor kartlegging og forsking. Stor variasjon i koding vil difor også true kvaliteten på desse områda dersom dei baserer seg på den diagnosepraksisen som gjeld i dag.