Studentgruppe i praksis ved Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret (SB) har dei siste åra teke imot ei gruppe på fire sjukepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) knytt til oppgåver dei skal skrive innan emneområdet førebyggande og helsefremmande arbeid. Studentane har vore med på ordinære møter i SB for å få forståing for data og innblikk i korleis ein arbeider med data.

Innan området Folkehelse er forventa levealder ved fødsel ein av dei mest sentrale måleparameterane. Som vi veit har denne gått stadig oppover i dei fleste land, noko som også er forventa å halde fram i Noreg. Eit av dei tre hovudmåla for folkehelsa i Noreg er å være mellom dei tre landa i verda med lengst levealder (fleire land har passert oss i dette over dei seinare åra). Det er kommunane som er tillagt hovudansvaret for folkehelsearbeidet i Noreg.

Studentane fekk i oppgåve å ta utgangspunkt i to nabokommunar i Indre Sogn (Årdal og Lærdal) som har ulik forventa levealder, særleg for menn, sjå figur under.

Oppgåva for studentane var så å prøve å peike på mogelege årsaksforklaringar (helsedeterminantar) til denne skilnaden. Dette gjorde dei ved å søke i tilgjengeleg statistikk, fag- og forskingslitteratur, samt å intervjue sentrale personar i administrasjonen i dei to kommunane.

Ved sidan av den skriftlege oppgåva skulle studentane også lage ein poster (presentasjonsplakat) med oppsummering.

Studentane konkluderer i oppgåva med at folkehelsekoordinator, organisering og system, samt høg politisk prioritet i kommunane er viktig for folkehelsearbeidet. Vidare er helsekompetanse viktig (høgare utdanning gjev høgare helsekompetanse og mindre sjukdom). Faktorar som er viktige i arbeidet med eldrebølga er velferdsteknologi, ei aktiv pasientrolle og berekraftig befolkningsutvikling.

Studentane sin poster:

Aukande inntektsforskjellar på Vestlandet?

I den politiske samfunnsdebatten høyrer vi stadig at skilnadane aukar i det norske samfunnet, og at dette blir sett på som ei uheldig utvikling.

Ein internasjonalt mykje brukt målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga, eller i ei gruppe av befolkninga, er den såkalla GINI-koeffisienten, oppkalla etter den italienske statistikaren Corrado Gini. Denne går på ein skala frå 0 til 1. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle hadde heilt lik inntekt, og utover til verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå berre éin enkeltperson. Dette betyr at til lågare Gini-verdien er, til større likskap er det i inntektsfordelinga i området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder då mot aukande inntektsskilander.

Samhandlingsbarometeret har i sin nye versjon teke inn Gini-koeffisienten under temaet oppvekst og levekår (Folkehelse). Den kan seie noko om både det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid.

Internasjonalt ligg Sør-Afrika på topp med ein koeffisient på 0,62 (2015), og Noreg ligg mellom dei lågaste med 0,25.

Ein annan sentral variabel er andelen av hushaldningar som har vedvarande låg inntekt. Vi viser denne som gjennomsnitt for 3-års periodar. Desse har mindre enn 60% av gjennomsnittet å leve for i samla inntekt etter skatt, og omfattar også faktorar som sosialhjelp og kapitalinntekter. Nasjonalt omfattar dette 10% av hushaldningane. Ofte er det fokus på born som veks opp i låginntektsfamiliane.

Eksempel på framstilling i nytt Samhandlingsbarometer:

Fig. 1 Gini-koeffisient og låginntektshushaldningar (barn 0-17 år) i Helse Vest-området fram til siste tilgjengelege data (2018 FHI Kommunehelsa).

I Helse Vest-området har Helse Stavanger-området ein Gini-koeffisient på det nasjonale nivået, medan Helse Fonna og Helse Førde ligg noko lågare med 0,22 (første rute over). I tidsperioden 2014-2018 har koeffisienten gått litt opp og ned, men samla er det ikkje nokon klar utviklingstendens som skulle tyde på endra inntektsskilnader (andre rute over).

Når det gjeld låginntektshushaldningar ligg Helse Vest sine føretaksområde under det nasjonale nivået og Helse Stavanger-området ligg 1,8% under landsgjennomsnittet. Men som den tredje ruta over viser er det aukande andel born i låginntektsfamiliar, og her har Helse Stavanger størst auke over tid. Den siste ruta over (kartvisning) viser skilnader i omfanget i dei ulike kommunane etter fargeintensitet.

Fig. 2. Tilsvarande for to større kommunar i Helse Førde sitt opptaksområde (Kinn og Sunnfjord) som eksempel.

Dei to kommunane har samla rundt 40 000 innbyggarar, der 4,5% er over 80 år og 26% bur spreidd utover (øvste linje). Begge har lågare Gini-koeffisient enn landsgjennomsnittet, med Sunnfjord som den lågaste. Det er heller ikkje her ei klar utvikling av koeffisienten over tid.

Når det gjeld andelar låginntektshushaldningar er det ein aukande tendens over tid, men Sunnfjord ligg her klart lågast med 7,0% mot Kinn 8,8%.

Oppsummert: Det er stor debatt omkring inntektsskilnader i samfunnet og korleis det går med desse. Basert på Gini-koeffisienten ser vi litt endring over tid, men det er her avgrensa tal år med i datamaterialet.

Det ser ut til å vere ein auke i andelen låginntektsfamiliar i kommunane Kinn og Sunnfjord, og det er klare skilnader mellom dei.

 

Datakjelde: Folkehelseinstituttet

Oppvekst og levekår

I arbeidet med nytt Samhandlingsbarometeret (SB) har den siste tida lagt inn sentrale variablar knytt til temaet Oppvekst og levekår. Dette temaet er omfattande. Det har difor vore ei streng prioritering av kva variablar SB skal innehalde.

For oppvekst og levekår er det pukka ut følgande variablar:

  • Forventa levealder ved fødsel, for menn og kvinner
  • Utdanningsnivået (grunnskule – vidaregåande og høgskule/universitet), og andelen med fråfall i vidaregåande skular
  • Inntektsskilnader (såkalla Gini-koeffisient med ein skala som går frå 0-1 med stigande skilnader i inntekt ), og andel som lever i familiar med låg inntekt.
  • Uføretrygding og utanforskap (andelar av yrkesaktive aldersgrupper som ikkje er under utdanning eller i arbeid)

Førebels er ein ikkje kome fram til det endelege presentasjonsbildet for oppvekst og levekår, slik at presentasjonsbilda/rapportane under kan bli endra i den endelege versjonen.

Gjennomsnittleg ser det ut til at kommunane som høyrer til under Helse Nord har størst andel innbyggjarar med berre grunnskule, og også høgst andel med fråfall frå vidaregåande opplæring (30%). Helse Vest-området sine kommunar ligg lågast på fråfall med 20% i 2019. Helse Sør-Øst området har høgste andelar med høgare utdanning. På figuren under ser vi at fråfallet i vidaregåande har vore på veg nedover i seinare år (2014-2019) i alle delar av landet.

Dersom vi går ned på kommunenivået og vel t.d. den nye Kinn kommune i Vestland fylke (tidlegare Sogn og Fjordane) får vi følgjande bilde:

Kinn kommune har litt lågare utdanningsnivå enn gjennomsnittet i Sogn og Fjordane, og litt høgare fråfall frå vidaregåande opplæring (21%) enn kommunane samla i Helse Førde-området (17%), men det er generelt små skilnader her. Utviklinga over tid for fråfall i Kinn kommune er positiv fram til 2018, som kurva i midten nede viser.

Kartpresentasjonen illustrerer at Kinn består av to adskilte delar med Bremanger kommune mellom.

Kjelde Norgeshelsa statistikkbank:   http://khs.fhi.no/webview/

Uførejustert forsørgarbrøk i Samhandlingsbarometeret

I den siste Perspektivmeldinga frå regjeringa er det lagt stor vekt på utviklinga av forholdet mellom personar i yrkesaktiv alder og gruppa som er pensjonistar. Den demografiske utviklinga, med mange fleire eldre i åra framover og samstundes mindre endringar i talet i yrkesaktiv alder, vil gjere at forholdstalet mellom desse vil endre seg.

Nasjonalt (Noreg) er det i 2020 4,1 personar i yrkesaktiv alder pr. pensjonist (forsørgarar). Dette forholdet («brøken») vil falle betydeleg fram til år 2040 då ein står att med berre 2,6 yrkesaktive pr. pensjonist.

Imidlertid er det langt i frå alle i yrkesaktiv alder som deltek i arbeidslivet. Ei stor gruppe som står utanfor er uførepensjonerte som samla sett utgjer rundt 10%, med klar overvekt for kvinner. Omfanget har som vi ser i fig. 1 under vore relativt stabilt over siste åra (med ein viss auke hjå dei yngre gruppene).

Fig. 1 Andel uføretrygda i % i Noreg fordelt på kjønn.

I det nye komande Samhandlingsbarometeret har vi teke inn ei berekning av forsørgarbrøken der  gruppa av uføre (varig arbeidsuføre) er teke med. Då er vi nede på 2,6 personar i år 2020 mot 1,9 personar i 2040. Desse 1,9 personane skal då stå for arbeidskraft og verdiskaping i samfunnet for å bære dei andre gruppene, også inkludert gruppa av born, som har ein eigen «omsorgsbrøk».

I Perspektivmeldinga har ein følgjande figur som illustrer dette:

Fig. 2 Samfunnsmessige overføringar til ulike aldersgrupper. Perioden med inntening (minus) utgjer dei yrkesaktive aldersgruppene. Overføringane stig sterkt når ein når 80-årsalder og over.

Når ein kjem ned på einskildkommunar vil desse brøkane variere betydeleg mellom dei ulike stadane.

Om vi vel ut to kommunar i Helse Vest sitt opptaksområde (Bremanger i Nord og Sandnes i Sør) vil vi t.d. få desse utviklingane som illustrert i figuren under:

Fig. 3 Sandnes er forventa å få ein stor folkeauke (+17,9%) fram til år 2040, og vil då ha ein justert forsørgarbrøk på 2,4, medan Bremanger vil misse befolkning og stå med i overkant av ein yrkesaktiv pr. pensjonist.

Som dei fleste vil skjøne vil ei slik utvikling i åra som kjem innebere store utfordringar  mange stadar, både økonomisk, men ikkje minst når det gjeld å skaffe naudsynt arbeidskraft.

(Samhandlingsbarometeret tek atterhald om at dei ulike brøkane kan bli justerte under vidare kvalitetssikring fram til det nye barometeret kjem på nettet).

Samhandlingsnytt

Samhandlingsnytt er tilbake med månadlege utgåver. Desse blir lagt ut på samhandlingsida under «DAGLEG SAMHANDLING»;

https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/samhandlingsnytt/

Helsetilstand og bydel – skilnader ikkje berre i Oslo

Skilnader mellom bydelar når det gjeld levealder, levekår og helsetilstand har vore eit velkjent tema for Oslo sin del i mange år. I Helse Vest sitt opptaksområdet har vi to byar (Bergen og Stavanger) som har oppdeling i eigne bydelar i statistikken.

Samhandlingsbarometeret har inne bydelar for ein sentral folkehelsevariabel; tidleg død (0-74 år), som er omfanget av død under gjennomsnittleg forventa levealder. I eit folkehelseperspektiv kan enkelte av desse dødsfalla vere førebyggbare eller kan utsettast. Samtidig vil det særleg i mindre kommunar vere få slike dødsfall om vi går ned på årsaksgrupper, og ein nyttar seg difor av 10-års glidande gjennomsnittsintervall for å unngå for mykje tilfeldig variasjon.

Frå nytt Samhandlingsbarometer, som er under arbeid, har vi lagt inn data frå Folkehelseinstituttet over tidleg død, og har framstilt desse på kartvisninga vi har der. Kartpresentasjonar kan vere eit middel til å få fram skilnader på ein pedagogisk måte, og sjølv om det har lang tradisjon i samfunnsmedisinen (t.d. under Kolerabekjempelsen i London på 1800-talet), så er det kanskje mest i dei seinare åra at det å framstille data via kart har fått aukande omfang.

Om vi tek Bergen som døme, og ser på det samla omfanget av tidleg død, får vi dette bildet:

Fig. 1: Omfanget av tidleg død/100 000 innb. i perioden 2009-2018 samla for alle årsaker (tala er justerte for alders- og kjønnsfordelinga i dei ulike bydelane).

Vi ser at bydelen Arna har lysast farge, og har ein dødelegheit på 199 per 100 000 innbyggar. Årstad bydel ligg høgast med 316 (mørkast). Noreg samla ligg på 266. Det er altså klare bydelsmessige skilnader for omfanget av tidleg død.

Fig. 2 Omfanget av tidleg død grunna kreftsjukdom for bydelar i Bergen 2009-2018

Det same mønsteret mellom bydelar går att også for tidleg død av kreft. Arna ligg på 90, medan Årstad ligg på 119. Noreg har 109. Men størrelsen på skilnadane er ikkje så markerte for kreftsjukdom.

Fig. 3 Omfang av tidleg død grunna voldsomme dødsfall (ulykker, sjølvmord og drap) for bydelar i Bergen 2009-2018

For desse årsakene er det Ytrebygda bydel som ligg lågast med 20, medan Årstad har meir enn dobbelt med 43 pr. 100 000 innb. i perioden. Noreg ligg på 29.

Målt med slike sikre endepunkt finn ein altså klare skilnader mellom bydelar i Bergen, noko som er viktig kunnskap i arbeidet med både førebygging og byplanlegging.

Nye tilbod innan spesialisert rehabilitering og korttidseininga i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune vedtok ved oppstart av ny kommune at tilboda innan rehabilitering og korttidseininga skal spesialiserast. Ei prosjekt- og arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune har siste året jobba med å etablere desse spesialiserte tilboda og dei er no klare for oppstart av avdelingane i februar 2021.

 I 2019 starta prosjektgruppa med ei kartlegging av tilbod og omfang av institusjonstenestene i dei fire kommunane (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal). Prosjektgruppa kom med ei tilråding om å spesialisere og samle rehabiliteringsplassane på Skei omsorgssenter og korttidsplassane på Førde omsorgssenter, og å ha dei andre institusjonstilboda på alle institusjonane (langtid, palliasjon, avlastning og skjerma plassar). Det vart fatta politisk vedtak i februar 2020 om tilboda i institusjonstenesta i Sunnfjord kommune. Det vart i etterkant sett ned ei ny arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune som i 2020 jobba med å etablere dei spesialiserte tilboda. Arbeidsgruppa var samansett av representantar frå adm., plo, lege, fysio/ergo, samt 2 brukarrepresentantar. Arbeidsgruppa fekk i oppgåve å løyse det politiske vedtaket, slik at Sunnfjord kommune fekk på plass rehabiliteringsavdeling på Skei (7 plassar) og korttidsavdeling i Førde (14 – 18 plassar). Arbeidsgruppa såg mellom anna på bruk av rom/lokale, bemanning og ressursar, kompetanse, rutinar/prosedyrer. Arbeidsgruppa hadde gode prosessar i ei god og konstruktiv arbeidsgruppe, der alle faggruppene, samt brukarrepresentantane har bidrege med engasjement og synspunkt. Arbeidsgruppa var ferdig med arbeidet sitt i des. 2020 og Sunnfjord kommune starta opp dei spesialiserte einingane i februar 2021.

 Den nye korttidseininga er lokalisert på Førde omsorgssenter med 14 plassar +1 palliativt rom. Rehabiliteringseininga er lokalisert på Skei omsorgssenter med 7 plassar + 1 palliativt rom. Det er utarbeidd metodebok for tilboda med kriteria for inntak.

 Med bakgrunn i dette inviterte Sunnfjord kommune til eit møte med Helse Førde for å presentere det nye tilbodet og få tilbakemelding og innspel/avklaringar. For Sunnfjord kommune var det viktig å få snakke med Helse Førde for å få til eit godt samarbeid og samhandling om tilbodet og ei best mogeleg utnytting av ressursane dei har stilt disponible til føremålet, til det beste for brukarane.

For meir info sjå og;

Informasjonsmøte Helse Førde 11

Metodebok korttid og rehabilitering Sunnfjord kommune

Ny rapporteringsløysing i Power BI for Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har sidan etableringa i 2012 brukt ei publiseringsløysing kalla Nesstar publisher. Denne løysinga har fungert forholdsvis greitt for brukarane, men er arbeidskrevjande å administrere og krev betydeleg manuell bearbeiding av data.

Samhandlingsbarometeret har no starta opp med utviklinga av ei ny publiseringsløysing i Microsoft sitt presentasjonsprogram PowerBI. Denne løysinga er meir tidsriktig og enkel med omsyn til oppdatering og framstilling av data. Firmaet Bouvet si avdeling i Bergen bistår oss i dette arbeidet etter at dei hadde det beste anbodet i ei utlysing. Helse Vest IKT er involvert både i utvikling og teknisk tilrettelegging.

Så langt er vi godt nøgde med progresjonen i arbeidet, og det tette samarbeidet med Bouvet og Helse Vest IKT. Målet er at barometertilsette skal bli sjølvhjelpte med publisering i det nye verktøyet.

Det endelege «ansiktet» av Samhandlingsbarometeret ut mot brukargruppene vil bli justert i samarbeid med representantar frå brukargrupper i Helse Vest RHF og Helse Nord RHF, som nyttar Samhandlingsbarometeret for alle sine helseføretak og opptakskommunar.

 Ei stor endring vil vere at Samhandlingsbarometeret i størst mogeleg grad vil innehalde data for heile Noreg knytt opp mot opptaksområda for alle helseføretaka i landet, i tillegg til bydelar i dei store byane. Samhandlingsbarometeret har såleis eit potensiale til å bli eit landsdekkande verktøy for helsedata til bruk for helsefellesskapa og i samhandlingsarbeidet generelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

 Figuren under viser eit eksempel på korleis ei side i det framtidige barometeret kan sjå ut.

Dette er ein Fagvariabel som tek utgangspunkt i dei rundt 20 ulike hovuddiagnosegruppene i spesialisthelsetenesta sitt diagnosesystem (ICD-10). Det viser kor mange innleggingar, liggedagar og polikliniske besøk som går med til desse ulike diagnosegruppene pr. 1000 innb. pr. år. Utviklinga over tid blir vist i tilhøyrande grafar, og det er også lagt inn kartpresentasjonar.

I den øvre blå rada er det lagt inn tre sentrale «nøkkelindikatorar»: Folketalet, andelen eldre over 80 år og kor stor andel som bur spreiddbygd i dei ulike områda/kommunane.

Fig.: Utkast til rapport i Power BI

Ei brukarvennleg løysing er eit svært viktig mål i arbeidet

Samhandlingsbarometeret ønskjer ei løysing som er intuitiv og enkel i bruk, og som presenterer/viser indikatorane i Samhandlingsbarometeret på ein god måte utan at vi «overlessar» kvar side med for mykje detaljar. Når den nye løysinga er tatt i bruk vil vi ha betre kapasitet til å gjere analysar og også hjelpe brukarar å finne meir data om dei har bruk for dette.

Hausten 2018 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om korleis Samhandlingsbarometeret blir brukt og opplevd av brukarane. Vi fekk då inn gode tips til korleis nettstaden kan bli betre. Desse, og tilbakemeldingar vi har fått ved direkte kontakt med brukarar, har vi tatt med oss inn i arbeidet med den nye løysinga.

For å lage ei god løysing treng vi dykkar meiningar om utkasta som vert laga og forslag til endringar. Difor vil vi om ikkje lenge invitere fleire av dykk til å delta i eit brukarpanel for å teste rapportar som vi jobbar med.

Dersom du ynskjer å delta i brukarpanelet kan du melde di interesse tilbake til oss allereie no på e-post: samhandling@helse-forde.no