Aukande inntektsforskjellar på Vestlandet?

I den politiske samfunnsdebatten høyrer vi stadig at skilnadane aukar i det norske samfunnet, og at dette blir sett på som ei uheldig utvikling.

Ein internasjonalt mykje brukt målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga, eller i ei gruppe av befolkninga, er den såkalla GINI-koeffisienten, oppkalla etter den italienske statistikaren Corrado Gini. Denne går på ein skala frå 0 til 1. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle hadde heilt lik inntekt, og utover til verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå berre éin enkeltperson. Dette betyr at til lågare Gini-verdien er, til større likskap er det i inntektsfordelinga i området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder då mot aukande inntektsskilander.

Samhandlingsbarometeret har i sin nye versjon teke inn Gini-koeffisienten under temaet oppvekst og levekår (Folkehelse). Den kan seie noko om både det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid.

Internasjonalt ligg Sør-Afrika på topp med ein koeffisient på 0,62 (2015), og Noreg ligg mellom dei lågaste med 0,25.

Ein annan sentral variabel er andelen av hushaldningar som har vedvarande låg inntekt. Vi viser denne som gjennomsnitt for 3-års periodar. Desse har mindre enn 60% av gjennomsnittet å leve for i samla inntekt etter skatt, og omfattar også faktorar som sosialhjelp og kapitalinntekter. Nasjonalt omfattar dette 10% av hushaldningane. Ofte er det fokus på born som veks opp i låginntektsfamiliane.

Eksempel på framstilling i nytt Samhandlingsbarometer:

Fig. 1 Gini-koeffisient og låginntektshushaldningar (barn 0-17 år) i Helse Vest-området fram til siste tilgjengelege data (2018 FHI Kommunehelsa).

I Helse Vest-området har Helse Stavanger-området ein Gini-koeffisient på det nasjonale nivået, medan Helse Fonna og Helse Førde ligg noko lågare med 0,22 (første rute over). I tidsperioden 2014-2018 har koeffisienten gått litt opp og ned, men samla er det ikkje nokon klar utviklingstendens som skulle tyde på endra inntektsskilnader (andre rute over).

Når det gjeld låginntektshushaldningar ligg Helse Vest sine føretaksområde under det nasjonale nivået og Helse Stavanger-området ligg 1,8% under landsgjennomsnittet. Men som den tredje ruta over viser er det aukande andel born i låginntektsfamiliar, og her har Helse Stavanger størst auke over tid. Den siste ruta over (kartvisning) viser skilnader i omfanget i dei ulike kommunane etter fargeintensitet.

Fig. 2. Tilsvarande for to større kommunar i Helse Førde sitt opptaksområde (Kinn og Sunnfjord) som eksempel.

Dei to kommunane har samla rundt 40 000 innbyggarar, der 4,5% er over 80 år og 26% bur spreidd utover (øvste linje). Begge har lågare Gini-koeffisient enn landsgjennomsnittet, med Sunnfjord som den lågaste. Det er heller ikkje her ei klar utvikling av koeffisienten over tid.

Når det gjeld andelar låginntektshushaldningar er det ein aukande tendens over tid, men Sunnfjord ligg her klart lågast med 7,0% mot Kinn 8,8%.

Oppsummert: Det er stor debatt omkring inntektsskilnader i samfunnet og korleis det går med desse. Basert på Gini-koeffisienten ser vi litt endring over tid, men det er her avgrensa tal år med i datamaterialet.

Det ser ut til å vere ein auke i andelen låginntektsfamiliar i kommunane Kinn og Sunnfjord, og det er klare skilnader mellom dei.

 

Datakjelde: Folkehelseinstituttet