Nytt kurs om samhandlingsavvik:
Gruppa som arbeider med samhandlingsavvik, sett saman av Dagrun Kyrkjebø, Elin Sørbotten, Kirstin Bruland, Kjellaug Berntsen og Irene Barmen Hoel har utarbeidd eit kurs som omhandlar korleis vi i Sogn og Fjordane arbeider med samhandlingsavvik. Kurset inneheld også informasjon om korleis vi systematisk kan arbeide med uønska hendingar for å kunne lære av dei.
Målgruppe for kurset er alle leiarar og tilsette i kommunane og i Helse Førde som er involvert i samhandlinga.
Kurset ligg i Læringsportalen på ein slik måte at både tilsette i kommunane og i føretaket har tilgang til å ta kurset. Det blir registrert kor mange som tek kurset.
Skjema for samhandlingsavvik:
Skjema for melding av avvik og uønska hendingar
Brevmalar til følgjebrev ved melding
Brevmalar til følgjebrev ved svar
Arbeidsgruppe rapport:
Fellesordning for avvik og avvikshandtering innan samhandling
Samhandlingsavvik statistikk:
Samhandlingsstatistikk frå 2022