MEDISINSKE KORTTIDSINNLEGGINGAR OG ØHD-BRUK I HELSE VEST

Ved innføringa av Samhandlingsreformen i 2012 var målet at ein del av behandlingsansvaret for pasientar skulle overførast frå spesialisthelsetjenesta til primærhelsetenesta. Frå 2016 vart døgntilbod for pasientar med behov for akutt hjelp eller observasjon obligatorisk for alle kommunar i Noreg. Seinare er det utvida til også å omfatte mentale lidingar og rus.

Dette tilbodet vart først kalla kommunal akutt døgneining, forkorta til KAD. Helsedirektoratet nyttar no forkortinga ØHD som står for øyeblikkelig hjelp døgnopphold.

Pasientane skal primært leggast inn på ØHD-sengene som alternativ til innlegging i spesialisthelsetenesta, og skal her få eit like godt tilbod. Ofte er det forverringar av lidingar pasienten har frå tidlegare, eller observasjon av mindre dramatiske sjukdoms- og skadetilfelle.

Det har gått tregare med å få opp bruken av ØHD-tilboda enn ein såg føre seg ved starten.

I den nasjonale rapporten (Helsedirektoratet) frå 2018 finn vi denne oversikta:

Tabell 1: Nasjonal oversikt (frå rapporten):

Vi ser her at det frå 2017 til 2018 var ein klar vekst i talet på plassar (+8,4%), innleggingar (+4,2) og liggedøgn (+12,8%) i Helse Vest-området. Dette representerer i overkant av 22 000 liggedøgn i 2018.
Samhandlingsbarometeret har henta inn data omkring ØHD-bruken for kommunane i Helse Vest, og har samla desse i to variablar (Kommunale akutte døgnplassar: Drift og Diagnosar).
*OBS: For nokre kommunar ligg det ikkje inne tal for ØHD-bruken fordi det ikkje er rapportert inn på det tidspunktet rapporten frå Helsedirektoretet vart utarbeidd

Er det samanheng mellom bruken av ØHD-plassane og omfanget av innlegging i spesialisthelsetenesta?

Det er først og fremst innleggingar i medisinske avdelingar (i hovudsak øyeblikkeleg hjelp) der ein kan sjå føre seg at framveksten av ØHD-bruken skulle kunne vere eit alternativ, slik intensjonane i Samhandlingsreforma har vore.

Samhandlingsbarometeret har også inne data for medisinske innleggingar. Dersom vi ser på utviklinga av denne indikatoren samla over tid får vi følgjande (rate pr. 1000 innbyggarar, og 2019 er stipulert ut frå dei to første tertialar):
Fig. 1: Utvikling av medisinske øh-innleggingar i helseføretaka

I den første perioden hadde alle dei fire føretaka ein nedgang i innleggingar, mest markert for Fonna sin del. Men etter dette er endringane mindre markererte, og for Helse Førde sin del har ein hatt ein klar oppgang sidan opprettinga av ØHD-tilboda i 2016, og ein er tilbake til nivået i 2013. Det er betydeleg skilnad mellom føretaka, og berre Helse Stavanger ligg lågt og under landsgjennomsnittet.
Samhandlingsbarometeret har også ein variabel som viser dei korte medisinske innleggingane (2 døgn eller mindre) i spesialisthelsetenesta. Det er særleg innanfor denne kategorien ein kunne forvente at innlegging/behandling på kommunale ØHD-tilbod skulle vere eit alternativ.
Det kan difor vere av interesse å samanstille omfanget av slike medisinske korttidsinnleggingar og bruken av ØHD-sengene for dei ulike kommunane i opptaksområda til dei fire føretaka i Helse Vest.

Tabell 2: Rate pr. 1000 innb. av medisinske korttidsinnleggingar (2 døgn eller mindre):

A) Helse Stavanger. Vi ser av tabell 2 at dette området ligg lågt når det gjeld slike innleggingar over tid.

Fig. 2: Rate pr.1000 innb. av medisinske korttidsinnleggingar (sortert) med rate for tilhøyrande kommunalt ØHD-bruk

Generelt sett er det vanskeleg å sjå noko mønster der mindre bruk av korttidsleggingar i spesialisthelsetenesta heng saman med meir bruk av ØHD-senger. Det er heller ein svak motsett trend (korrelasjon +0,12).

B) Figur 3: Helse Fonna

Som for Stavanger er det heller ikkje her råd å sjå noko generelt mønster der mindre innlegging heng saman med meir ØHD-bruk. Det er tvert imot heller motsett, med ein korrelasjon på +0,28 (dvs. at det er ein klar tendens til at kommunar med mindre innlegging også brukar ØHD i mindre grad.

C) Fig. 4: Helse Bergen

D) Fig 5: Helse Førde

Igjen er det vanskeleg å sjå mønster mellom dei to måleindikatorane. Men her er korrelasjonen (samanhengen) lik 0, dvs. at det er ingen samanheng mellom korttidsinnlegging på sjukehus og bruken av ØHD-innleggingar.

Konklusjonar
-Det har vore klar auke i talet på kommunale ØHD-plassar og bruk av desse frå 2017-2018 i Helse Vest området, og det representerer over 22 000 liggedøgn samla sett.
-I alle fire føretaka var det nedgang i omfanget av øyeblikkeleg hjelp-innlegging på sjukehusa i første perioden etter innføring av Samhandlingsreforma. Seinare ser denne tendensen ut til å ha flata ut, og for Helse Førde er ein tilbake på det nivået som var tidlegare.
-Helse Stavanger ligg lågast i Helse Vest, og ligg som det einaste føretaket også under landsgjennomsnittet.
-Den same tendensen går att når vi ser på dei korte (2 døgn eller mindre) medisinske innleggingane. For desse innleggingane skulle ein tru at ØHD-ordninga kunne vere eit alternativ til sjukehusinnlegging.
-Basert på samanstilling av dei to behandlingsalternativa ser det ikkje ut som om kommunale ØHD-plassar fungerer som ei avlasting for spesialisthelsetenesta. Tendensen er kanskje heller motsett.
-Intensjonane med at ØHD-ordninga skulle avlaste spesialisthelsetenesta ser difor i liten grad til å ha blitt nådd så langt.

Resultat frå spørreundersøkinga om Samhandlingsbarometeret

Ei spørjeundersøking om bruk og nytteverdi av Samhandlingsbarometeret vart sendt til kommunane i oktober. Tusen takk til alle som tok dykk tid til å svare, det har gitt oss gode tilbakemeldingar på korleis Samhandlingsbarometeret blir brukt og kva forbetringar brukarane ynskjer. Undersøkinga fekk ein svarprosent på 38.

Kommunane seier at dei nyttar Samhandlingsbarometeret regelmessig og at dei opplever det som nyttig.

91% av dei som svara opplevde at Samhandlingsbarometeret er svært nyttig og nær 50% bruker det kvar månad. Om brukarvennlegheit svara litt over 50% at den er god, medan 47 % svara at den er middels god, ingen svara at den er dårleg.

Data frå Samhandlingsbarometeret blir brukt til ulike føremål; planlegging (56%), refleksjon over praksis (41%), dialog med spesialisthelsetenesta (15%), til styringsdokument og rapportar (41%), presentasjonar og oversiktsdokument (44%), studentoppgåver og forsking (6%). I tillegg til data/tal har brukarane behov for analyse av eit utval variablar, eller eit tema som Samhandlingsbarometeret kan sjå nærare på og lage rapportar, profilar eller faktaark rundt.

Om utfordringane med bruken av Samhandlingsbarometeret seier 45% av dei som svara at verktøyet ikkje er logisk oppbygd, at det er tidkrevjande å hente ut statistikk og at forklaringane (definisjonane) om tala bør vere meir informative. Dessutan er lay-out steril og har lita skrift som er vanskeleg å lese. Barometeret må ikkje ha for mykje informasjon (data), ha gode mulegheiter for søk og ha lenker til ressursar for tiltak som kommunane evt. kan sette i verk. 35% svarar at oppdatering av data kan bli betre.

Samhandlingsbarometeret skal skifte til ny publiseringsløysing. Kva løysing som blir valgt, og når dette skjer er ikkje bestemt. Men bruk av nyare teknologi vil bety endra struktur og enklare oppdatering av data. I dette arbeidet skal representantar frå brukarane involverast, og tilbakemeldingane frå undersøkinga vert viktig.

Dersom du ikkje fekk anledning til å delta i undersøkinga, men likevel ønskjer å gje oss ei tilbakemelding, ta gjerne kontakt med oss på: samhandling@helse-forde.no