Tag Archive for: Framheva sak

Variasjon i psykisk helsevern blant kommunane i Helse Vest-området – artikkel basert på data frå Samhandlingsbarometeret

Variasjon i psykisk helsevern blant kommunane i Helse Vest-området – artikkel basert på data frå Samhandlingsbarometeret

Ein artikkel som forskarar i Samhandlingsbarometeret og UiB står bak er publisert i Tidsskrift for Norsk Psykologforening. Artikkelen omhandlar variasjonar i bruk av psykisk helsevern og ser på status og forklaringsfaktorer til dette basert på NPR-data som er publisert i Samhandlingsbarometeret. Målsetjinga med studien var å sjå nærare på følgjande:

1) Kva er variasjonen i kommunane sin bruk av spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern og rus opp mot all bruk innan Helse Vest-området?

2) Kva bakgrunnsvariablar knytt til helsetenester i kommunen, psykisk sjukelegheit og sosiodemografiske forhold kan vere assosiert med skilnadane?

Konklusjon
Sjukelegheit, ressursbruk til kommunal helse- og omsorgsteneste og sosiodemografiske forskjellar heng saman med innleggingar og poliklinikk/dagbehandling. Funna viser ikkje eintydig at større ressursbruk i kommunane samvarierer med mindre bruk av spesialisthelsetenester, sjølv om nokre av funna peiker i den retninga. Relative ulikskapar i kommunane der mange har høg utdanning, og der mange opplever utanforskap (utan arbeid, i lære eller under utdanning), er assosiert med høgt forbruk av spesialisthelsetenester i psykisk helsevern.

 

Ønskjer du å vite meir om dette kan du lese heile artikkelen her:

https://psykologtidsskriftet.no/vitenskapelig-artikkel/2024/09/variasjonar-i-psykisk-helsevern-status-og-forklaringsfaktorar

Erfaringskonferansen 2024 – psykisk helse og rusarbeid

  1. og 13. juni 2024 vert det arrangert erfaringskonferanse innanfor psykisk helse og rusarbeid av Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane på Thon Jølster hotell på Skei.

Her er det mogleg å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt i samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Målgruppa er leiarar og tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta som har sin arbeidskvardag i dette samhandlingsrommet, samt brukar- og pårøranderepresentantar.

Det er valt ut to hovudtema for årets konferanse: Barn som pårørande og ADHD.

 

Meir informasjon om arrangementet, program og påmelding her:

https://app.checkin.no/event/69005/erfaringskonferanse-2024

 

Dødelegheit i Samhandlingsbarometeret

Tidleg død (0-74 år), altså under den normalt forventa levealderen, blir tidvis også omtalt som førebyggbare dødsfall. Dette då dei kan ha samanheng med livsstil og levekår, og slik sett evt. kan påverkast gjennom ulike førebyggande tiltak.

Tala er henta via Dødsårsaksregisteret og statistikken her er rekna for å ha god kvalitet.

Når ein går ned på kommunenivå blir dei årlege tala låge, og ein brukar difor årleg gjennomsnitt frå siste 10-års periode (såkalla glidande gjennomsnitt). Dette gjer at vi berre publiserer fire store årsaksgrupper (hjarte-karsjukdom, kreftsjukdom, KOLS og voldsomme dødsfall (ulykker og sjølvmord) i tillegg til samla dødelegheit, og også slår saman tala for begge kjønn. Likevel vil det mangle data for ein del små kommunar.

Generelt har tala for tidleg død gått nedover over tid, som uttrykk for betring av helsetilstanden i befolkninga. Men for KOLS har vi derimot sett ein oppgang, men som kan sjå ut til å flate av (sjå illustrasjonen).

Fastlegeordninga

Nye tal publisert av Samhandlingsbarometeret viser ein auke i tal ubesette fastlegestillingar dei siste åra. Utfordringane knytt til rekruttering har òg auka i større bykommunar.

Fastlegeordninga har kome under press dei seinare åra i takt med at arbeidsmengda har auka. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengige av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet.

Talet på ubesette fastlegestillingar har auka dei siste åra, men dette varierer både over tid og mellom kommunane. Tradisjonelt har rekrutteringsutfordringane vore størst i mindre utkantkommunar, men i siste tida har dette også omfatta større bykommunar.

Samhandlingsbarometeret publiserer tal frå Helsedirektoratet sine nasjonale kvalitetsindikatorar som viser stor auke i talet på ubesette avtaler dei siste åra. Frå 2015 til 2021 har talet meir enn dobla seg, ved at talet på ubesette avtaler har auka frå 162 til 342 på landsbasis.

Tala viser òg at andelen med spesialisering i allmennmedisin har auka frå 58 til 64 % i den same perioden. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient. Kompetanseforskrifta krev at alle fastlegar som startar etter 2017 skal vere spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin.

Forsking viser at eit langvarig behandlingsforhold (kontinuitet) mellom fastlegen og ein pasient gir betre samarbeid, større opplevd tilfredsheit, betre førebygging, meir omfattande behandling og mindre dobbeltbehandling. Studium har vist at kontinuitet i lege-pasient-forholdet gjev redusert dødelegheit, spesielt mellom eldre pasientar, og redusert bruk av spesialisthelsetjenester, sjukehusinnleggingar og legevaktbesøk.

Fortløpande informasjon og status om samhandling rundt Covid-19