Personvernerklæring for www.samhandling-sfj.no

Personvernreglane er reglar for korleis ei verksemd, dersom personopplysningar vert samla inn, blir behandla, korleis desse vert sikra, kven som ev. har tilgang til opplysningane og om dei vert utlevert til andre. Vår databehandlar på denne nettstaden er Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.
 Nye personvernreglar i 2018 (lenke til Datatilsynet.no https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-skjema/nye-personvernregler/)

E-post
Du har mulegheit til å kontakte oss via e-post. Når du har sendt ei melding vil namn, e-postadresse og innhaldet i meldinga bli lagra. Det er difor viktig at det ikkje er sensitiv informasjon eller personopplysningar i e-posten, for eksempel fødselsnummer eller helseopplysningar.

Gje tilbakemelding på nettsida
Du kan gje tilbakemeldingar på nettsida via valet «KONTAKT». Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsida.
Dersom du skriver inn telefonnummer, personnummer eller e-postadresse, vert desse opplysningane automatisk sletta før innsending. Vi som mottek tilbakemeldinga får difor aldri tilgang til denne typen opplysningar. Vi har på denne måten gjort tiltak som gjer at du ikkje vert identifisert.

Lenker til andre nettstader
Vi lenker til andre organisasjonar og nettstader. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du går inn på andre nettstader, bør du difor lese desse nettstadane sine personvernerklæringar, for å få informasjon om deira handtering av personopplysningar.

Lagring av besøksstatistikk
Nettstaden lagrar trafikk/besøksstatistikk. Statistikken viser kor ofte kvart enkelt område av nettsida vert besøkt. Vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden attende til deg som enkeltperson.
Eksempel på informasjon som vert lagra er; tall besøkande på dei ulike sidene, informasjon om kva nettside du var på før du kom inn på vår nettstad (url-adressa du kom frå), kor lenge du er på nettsida og kva nettlesar du nyttar. Informasjonen som vert lagra vert brukt slik at innhald på nettsida kan bli betre og vidareutviklast.

Løysinga for besøksstatistikk er basert på Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi nyttar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn attende til den enkelte brukar.
Dersom du likevel ikkje ynskjer at nettstaden skal samle inn anonyme data frå deg, så kan du melde deg av denne innsamlinga på følgjande adresse: http://tools.google.com/dlpage/gaoptout?hl=en
Her kan du installere ei teneste på din nettlesar, levert av Google Analytics. Tenesta (ein add-on) kan installerast både på Chrome, Explorer 11,Safari, Firefox og Opera.

Definisjonar:
Personopplysning er opplysningar eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson, slik som for eksempel namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse, bilnummer, bilde, fingeravtrykk, irismønster, form på hovudet (for ansiktsgjenkjenning) og fødselsnummer (både fødselsdato og personnummer).

Opplysningar om åtferdsmønstre er også rekna som personopplysningar. Opplysningar om kva du handlar, kva butikkar du går i, kva tv-seriar du ser på, kvar du beveger deg i løpet av ein dag og kva du søkjer etter på nettet er alt saman personopplysningar. Ein av dei nyare utfordringane for personvernet er at vi legg igjen så mange digitale spor. Desse opplysningane vert ofte utnytta kommersielt utan at du har gitt samtykke til det.

Sensitive personopplysningar er opplysningar om rase eller etnisk bakgrunn, om politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, at ein person har/er mistenkt, sikta, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling, helsetilhøve, seksuelle tilhøve eller medlemskap i fagforeiningar.

Har du spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med oss på post@helse-forde.no eller telefon 95819841.