Oppføringer av

Oppvekst og levekår

I arbeidet med nytt Samhandlingsbarometeret (SB) har den siste tida lagt inn sentrale variablar knytt til temaet Oppvekst og levekår. Dette temaet er omfattande. Det har difor vore ei streng prioritering av kva variablar SB skal innehalde. For oppvekst og levekår er det pukka ut følgande variablar: Forventa levealder ved fødsel, for menn og kvinner […]

Samhandlingsnytt Mars 2021

Samhandlingsnytt for Mars er no lagt ut på Samhandlingsida; https://samhandling-sfj.no/wp-content/uploads/2021/04/Samhandlingsnytt-Mars-2021.pdf  

Uførejustert forsørgarbrøk i Samhandlingsbarometeret

I den siste Perspektivmeldinga frå regjeringa er det lagt stor vekt på utviklinga av forholdet mellom personar i yrkesaktiv alder og gruppa som er pensjonistar. Den demografiske utviklinga, med mange fleire eldre i åra framover og samstundes mindre endringar i talet i yrkesaktiv alder, vil gjere at forholdstalet mellom desse vil endre seg. Nasjonalt (Noreg) […]

Samhandlingsnytt

Samhandlingsnytt er tilbake med månadlege utgåver. Desse blir lagt ut på samhandlingsida under «DAGLEG SAMHANDLING»; https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/samhandlingsnytt/

Helsetilstand og bydel – skilnader ikkje berre i Oslo

Skilnader mellom bydelar når det gjeld levealder, levekår og helsetilstand har vore eit velkjent tema for Oslo sin del i mange år. I Helse Vest sitt opptaksområdet har vi to byar (Bergen og Stavanger) som har oppdeling i eigne bydelar i statistikken. Samhandlingsbarometeret har inne bydelar for ein sentral folkehelsevariabel; tidleg død (0-74 år), som […]

Nye tilbod innan spesialisert rehabilitering og korttidseininga i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune vedtok ved oppstart av ny kommune at tilboda innan rehabilitering og korttidseininga skal spesialiserast. Ei prosjekt- og arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune har siste året jobba med å etablere desse spesialiserte tilboda og dei er no klare for oppstart av avdelingane i februar 2021.  I 2019 starta prosjektgruppa med ei kartlegging av tilbod og […]

Ny rapporteringsløysing i Power BI for Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har sidan etableringa i 2012 brukt ei publiseringsløysing kalla Nesstar publisher. Denne løysinga har fungert forholdsvis greitt for brukarane, men er arbeidskrevjande å administrere og krev betydeleg manuell bearbeiding av data. Samhandlingsbarometeret har no starta opp med utviklinga av ei ny publiseringsløysing i Microsoft sitt presentasjonsprogram PowerBI. Denne løysinga er meir tidsriktig og enkel […]

Reisetider til akuttenester

Det har vore eit ynskje å ta inn variablar i Samhandlingsbarometeret som beskriv tidene det tek å få ambulanse fram på staden i dei ulike kommunane, samt forventa reisetider til legevakt og sjukehus. Grunna eit pågåande arbeid med ny rapporteringsløysingbasert på presentasjonsverktøyet Power BI for Samhandlingsbarometeret har ein valt å vente med å ta inn […]

Helseinnovasjonskonferansen 2021

Den årlege konferansen for helseinnovasjon går av stabelen den 28. januar, denne gang digitalt. Dette er ein stad der framoverlente bedrifter, helsearbeidarar og representantar frå utdanningssektoren møtast på tvers av fag og bransjar, for å dele kunnskap og erfaring. Konferansen har som mål å bidra til meir samhandling og kompetansedeling, og passar alle som ynskjer […]

Gratis fagsamlig «Kommunikasjon for helsearbeidarar»

Lærings- og meistringsenteret i Helse Førde, i samarbeid med Nettverk for læring og meistring i Helse Vest, arrangerer webinar (Auditoriet Førde Sentralsjukehus) 15 januar 2021. Sjå lenke for meir info; Kommunikasjon for helsefagarbeidarar (002)