Uførejustert forsørgarbrøk i Samhandlingsbarometeret

I den siste Perspektivmeldinga frå regjeringa er det lagt stor vekt på utviklinga av forholdet mellom personar i yrkesaktiv alder og gruppa som er pensjonistar. Den demografiske utviklinga, med mange fleire eldre i åra framover og samstundes mindre endringar i talet i yrkesaktiv alder, vil gjere at forholdstalet mellom desse vil endre seg.

Nasjonalt (Noreg) er det i 2020 4,1 personar i yrkesaktiv alder pr. pensjonist (forsørgarar). Dette forholdet («brøken») vil falle betydeleg fram til år 2040 då ein står att med berre 2,6 yrkesaktive pr. pensjonist.

Imidlertid er det langt i frå alle i yrkesaktiv alder som deltek i arbeidslivet. Ei stor gruppe som står utanfor er uførepensjonerte som samla sett utgjer rundt 10%, med klar overvekt for kvinner. Omfanget har som vi ser i fig. 1 under vore relativt stabilt over siste åra (med ein viss auke hjå dei yngre gruppene).

Fig. 1 Andel uføretrygda i % i Noreg fordelt på kjønn.

I det nye komande Samhandlingsbarometeret har vi teke inn ei berekning av forsørgarbrøken der  gruppa av uføre (varig arbeidsuføre) er teke med. Då er vi nede på 2,6 personar i år 2020 mot 1,9 personar i 2040. Desse 1,9 personane skal då stå for arbeidskraft og verdiskaping i samfunnet for å bære dei andre gruppene, også inkludert gruppa av born, som har ein eigen «omsorgsbrøk».

I Perspektivmeldinga har ein følgjande figur som illustrer dette:

Fig. 2 Samfunnsmessige overføringar til ulike aldersgrupper. Perioden med inntening (minus) utgjer dei yrkesaktive aldersgruppene. Overføringane stig sterkt når ein når 80-årsalder og over.

Når ein kjem ned på einskildkommunar vil desse brøkane variere betydeleg mellom dei ulike stadane.

Om vi vel ut to kommunar i Helse Vest sitt opptaksområde (Bremanger i Nord og Sandnes i Sør) vil vi t.d. få desse utviklingane som illustrert i figuren under:

Fig. 3 Sandnes er forventa å få ein stor folkeauke (+17,9%) fram til år 2040, og vil då ha ein justert forsørgarbrøk på 2,4, medan Bremanger vil misse befolkning og stå med i overkant av ein yrkesaktiv pr. pensjonist.

Som dei fleste vil skjøne vil ei slik utvikling i åra som kjem innebere store utfordringar  mange stadar, både økonomisk, men ikkje minst når det gjeld å skaffe naudsynt arbeidskraft.

(Samhandlingsbarometeret tek atterhald om at dei ulike brøkane kan bli justerte under vidare kvalitetssikring fram til det nye barometeret kjem på nettet).