Fastlegeordninga

Nye tal publisert av Samhandlingsbarometeret viser ein auke i tal ubesette fastlegestillingar dei siste åra. Utfordringane knytt til rekruttering har òg auka i større bykommunar.

Fastlegeordninga har kome under press dei seinare åra i takt med at arbeidsmengda har auka. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengige av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet.

Talet på ubesette fastlegestillingar har auka dei siste åra, men dette varierer både over tid og mellom kommunane. Tradisjonelt har rekrutteringsutfordringane vore størst i mindre utkantkommunar, men i siste tida har dette også omfatta større bykommunar.

Samhandlingsbarometeret publiserer tal frå Helsedirektoratet sine nasjonale kvalitetsindikatorar som viser stor auke i talet på ubesette avtaler dei siste åra. Frå 2015 til 2021 har talet meir enn dobla seg, ved at talet på ubesette avtaler har auka frå 162 til 342 på landsbasis.

Tala viser òg at andelen med spesialisering i allmennmedisin har auka frå 58 til 64 % i den same perioden. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient. Kompetanseforskrifta krev at alle fastlegar som startar etter 2017 skal vere spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin.

Forsking viser at eit langvarig behandlingsforhold (kontinuitet) mellom fastlegen og ein pasient gir betre samarbeid, større opplevd tilfredsheit, betre førebygging, meir omfattande behandling og mindre dobbeltbehandling. Studium har vist at kontinuitet i lege-pasient-forholdet gjev redusert dødelegheit, spesielt mellom eldre pasientar, og redusert bruk av spesialisthelsetjenester, sjukehusinnleggingar og legevaktbesøk.

Utdanningsnivå og helse

Det er velkjent at personar som har lang utdanning og god økonomi, lever lenger og har færre helseproblem enn dei som har kortere utdanning og dårlegare økonomi. Utdanningsforskjellar i helseatferd kan avspegle større ressursar, betre mulegheiter og større evne og vilje til å ta til seg helseinformasjon mellom dei med høgare utdanning.

For å illustrere dette har vi valgt å hente ut og samanstille tre variablar (høgt utdanningsnivå, daglegrøyking og bruk av spesialisthelsetenester) frå Samhandlingsbarometeret for fire  kommunar innan Helse Førde sitt opptaksområde.

Andelar med høg utdanning, og utvikling av dette over tid:

Vi ser at andelen med fullført høgskule eller universitetsutdanning i Noreg er nesten 40%, medan nivået samla for Helse Førde sitt opptaksområde ligg noko lågare (32%). Sogndal (45%) ligg imidlertid klart over landsgjennomsnittet, medan Høyanger ligg på 25%.

Ser vi på utviklinga over tid (2010 til 2021) er det ein klar auke i utdanningsnivået for alle dei fire kommunane, og der både Høyanger og Kinn har auka meir enn landet som heilheit:

Samanheng mellom høgt utdanningsnivå og daglegrøyking:

Figuren illustrerar det eintydige biletet mellom aukande andelar med høg utdanning (blå linje), og tilsvarande fall i andelen daglegrøykarar i dei same kommunane. Det er tre gonger så mange daglegrøykarar i Høyanger som i Sogndal.

Samanheng mellom høgt utdanningsnivå og samla bruk av spesialisthelsetenester:

Det er også ein tendens til at høgt utdanningsnivå har samanheng med færre sjukehusinnleggingar samla sett. Eit unntak her er Sunnfjord kommune som ligg litt under Sogndal (kan ev. ha med avstandar til sjukehus å gjere).

Konklusjonar:

-Det er klare skilnader i utdanningsnivået mellom kommunane

-Utdanningsnivået heng klart saman med andel av daglegrøykarar

-Delvis er det reflektert også i mindre sjukehusinnlegging.