Samhandlingsnytt Juni 2022

Nytt nummer av Samhandlingsnytt er no ute – du kan lese det her:

Samhandlingsnytt juni 2022

Antibiotikareseptar i kommunane

Første Kvalitetsindikator i Samhandlingsbarometeret – Antibiotikreseptar i kommunane

FHI sin Antibiotikakomité har sett eit langsiktig mål om å kome ned på 250 reseptar/1000 innbyggarar per år. Sentralt i dette er arbeidet med å førebygge antibiotikaresistens, dvs. bakteriar som er motstandsdyktige. Antibiotikaresistens er eit aukande problem internasjonalt, og med aukande reiseverksemd har det også eit potensiale for å spreie seg mellom land.

Det er klare haldepunkt for at både unødvendig mykje og feil bruk av antibiotika kan påskynde resistensutviklinga. Difor er det ei målsetting om å redusere bruken av antibiotika både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Under Samhandling og Kvalitet har Samhandlingsbarometeret publisert ein variabel som viser omfanget av antibiotikareseptar i kommunane og utviklinga over tid.

Invitasjon til Samhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare

Samhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare

1. og 2. november Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Målgruppe: Overordna politisk og administrativ leiing i kommunane og Helse Førde. Leiarar innan helse- og omsorgssektoren, leiarar i Helse Førde, kommunelegar, leiarar i  fylkeskommunen, hos Statsforvaltaren og i universitets- og høgskulesektoren.  

Vi ønskjer velkomen til Samhandlingskonferansen 2022!

Samhandlingskonferansen kjem i år til å fokusere på lokale utfordringar, rekruttering, kompetanse og utviklingsarbeid rundt dei fire prioriterte pasientgruppene i helsefellesskapet.
Overordna tema for konferansen vert difor helsefellesskap, frå part til partnarar – saman står vi sterkare. 

Konferansen blir frå lunsj til lunsj, og arrangert i regi av KS, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og brukarutvalet i Sogn og Fjordane. Konferansen er blitt eit viktig møtepunkt  på tvers av sektorar, kommunegrenser og fagmiljø.

 

Program finn du her.
Invitasjon med påmeldingside blir sendt ut over sommaren, men set av dagane allereie no!

 

Kva er viktig for deg?-dagen 2022

Torsdag 9.juni markerast «Kva er viktig for deg?-dagen, for sjuande år på rad.​

 «Kva er viktig for deg?» har blitt ein internasjonal bevegelse og målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom helsepersonell og pasientar. Denne dagen gir ein muligheit til å stoppe opp og tenke litt over korleis vi lyttar og kven vi lyttar for. Initiativet til å markere denne dagen er ei satsing som gjennomførast av Kommunenes Sentralforbund (KS) i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI). Det oppmodast til at helsepersonell skal bli betre til å lytte, til å forstå kva som er viktig for den enkelte pasient eller bruker. Det fremjar god helse.
På Kva er viktig for deg?-dagen torsdag 9. juni arrangerer Gode pasientforløp webinar klokka 11.00-12.00.

Bli med og Sjå webinaret her