Betre behandling for parkinsonpasientar

​Har du eller dine kollegaer lyst å lære meir om Parkinsons sjukdom og parkinsonisme? ParkinsonNet er ein ny helsemodell som no vert teken i bruk i heile landet. 

​No er endeleg er turen kommen til Vestland. Kartet viser kvar vi er i gang med ParkinsonNet. I Helse Vest er Rogaland i gang, no går turen vidare nordover.

Modellen samlar fagpersoner i eit tverrfagleg nettverk med høg kompetanse om Parkinsons sjukdom og parkinsonisme.

Fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sjukepleiarar vert samla til systematisk og praksisnær opplæring og deltaking i nettverket. Slik skal helsepersonell få eit betre utgangspunkt for å kunne gje så god behandling som råd for personar med parkinson.
Faggruppene kjem frå kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og privat praksis. Kommunikasjon på tvers av desse faggruppene er essensielt for ParkinsonNet-modellen og bidreg til samhandling på tvers av institusjonar, i tillegg til faggrupper.  Som eit første steng inviterer ParkinsonNet Vestland no til grunnkurs i Bergen 6. og 7. april. Her finn du meir om informasjon om kurset, og korleis du melder deg på: ParkinsonNet grunnkurs
Personer som har gjennomført grunnkurs i ParkinsonNet, vert registrerte i eit fagpersonregister. Dette viser kvar pasientar eller fagpersonar kan finne behandlarar med kompetanse på sjukdomen. Registeret er tilgjengeleg på www.parkinsonnet.no

Erfaringskonferanse innan psykisk helse og rusarbeid Hald av datoane 11. og 12. mai 2022

Etter 2 år med pandemi er vi endeleg klare med første erfaringskonferanse for psykisk helse og rusarbeid i kommunane og Helse Førde.

Erfaringskonferansen har som målsetting å sette søkelys på dei viktige områda som helsefellesskapet skal samarbeide endå tettare rundt i åra framover.

Her er det moglegheit for å påverke framtidig satsing innanfor psykisk helse og rusfeltet, samt å få viktige relasjonar og nettverk på tvers av organisasjonane.

Bli med oss på Thon Hotel Jølster for 2 fagleg spennande og kjekke dagar!
Målgruppa er tilsette som jobbar innanfor dette samhandlingsfeltet, leiarar, brukarorganisasjonar og andre med interesse.

Program erfaringskonferanse 2022