Helseinnovasjonskonferansen 12.-13. februar 2025

Helseinnovasjonskonferansen 2025 vert arrangert 12.-13.februar i Førde på Sunnfjord Hotel & Spa. Dette er ein møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping, anten ein kjem frå offentleg, privat eller frivillig sektor, er gründer, helsepersonell eller forskar.

Konferansen byr på mykje relevant innan forsking og innovasjon: panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spennande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange interessante menneske og miljø. Det vert to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll.

Når Norge må «redesigne» helsetenestene opnar det for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Det må leggast til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe i lag i eit verdiskapande samspel. Konferansen set fokus på krafta i samarbeid!

Informasjon om konferansen og lenke til påmelding finn du her:  https://helseinnovasjonskonferansen.no/