UngData: Skuletrivsel i Sogn og Fjordane

Det har nyleg vore mediaoppslag om fullføringsgrad av vidaregåande skule i Noreg. Utdanningsdirektoratet har lagt fram sin «Skolebidragsindikator (SI)» som måler skulen sitt bidrag til å løfte elevane fram til å fullføre, bestå og få best mogeleg karakterar.
Den største skilnaden mellom fylka finn ein når det gjeld å bestå utdanningsløpet. På yrkesfaglege utdanningsprogram ligg Sogn og Fjordane på andreplass etter Hedmark, medan Oslo ligg sist. For studieførebuande utdanningsprogram ligg Sogn og Fjordane på fjerdeplass og Finnmark ligg dårlegast an.

God trivsel på skulen er ein av faktorane som truleg kan verke positivt inn på fullføringsgraden.

Figur 1 under viser andelen ungdomsskuleelevar (begge kjønn) fordelt på dei 20 kommunar som deltok og som svarar mest positivt på spørsmålet om skuletrivsel. Høyanger er teke ut grunna låg deltaking.

Det er altså nærare 70% av elevane i ungdomsskulane som svarar at dei opplever høg skuletrivsel. Likevel ser vi ein betydeleg variasjon i dette frå Leikanger med 52% og til Sogndal med 80%. Det er samla sett ingen skilnader mellom jenter og gutar i dette.

Eit anna aktuelt spørsmål er i kva grad elevane i ungdomsskulen forventar å greie å gjennomføre vidaregåande utdanning. Heile 86% svarar positivt på dette i Sogn og Fjordane.

Figur 2 viser i kva grad det gjev status i venneflokken å gjere det godt på ungdomsskulen. Sum av svaralternativa «gjev mykje status» og «gjev litt status».

Vi ser også her at det er variasjon mellom skulane. Det er samla sett berre 10% som meiner at det å gjere det godt på skulen aukar statusen mykje, medan 31% meiner det aukar statusen til ein viss grad.
Skuletrivsel i vidaregåande skular.  I tolkinga her er det viktig å ta med seg at inndelinga er gjort etter kva kommune skulane geografisk er plassert i, medan elevane ofte kjem frå eit fleirtal kommunar omkring, men kan også vere frå meir fjerntliggande kommunar.

Figur 3 Høg skuletrivsel i 10 av 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Samla sett er det noko færre som oppgjev høg skuletrivsel i vidaregåande skular i høve ungdomsskular. Fjaler har høgast andel her, og Stryn og Vågsøy lågast. Vi ser også at mønsteret ikkje samsvarar med det vi såg for ungdomsskulane på dei same stadane (der t.d. Sogndal låg best an).

Lærarstøtte er viktig
Fig 4: Opplevd lærarstøtte VGS

I overkant av 40% av elevane i vgs i fylket opplever høg lærarstøtte. Variasjonen er mellom 32% og 59%. Vi legg merke til at Fjaler og Gloppen ligg høgt både på skuletrivsel (fig. 3) og opplevd støtte frå lærarane.

Framtidsplanar – høgskule/universitet
Figur 5 Andel elevar som svarar at dei planlegg å gå på høgskule/universitet etter vidaregåande skule

Fleirtalet av elevane planlegg slik form for høgare utdanning, og flest i Fjaler og Gloppen. Truleg har noko av variasjonen her samanheng med at nokre skular har høg andel yrkesfagleg utdanning

Samhandlingsbarometeret og UngData
Samhandlingsbarometeret har fått tilgang til svara frå UngData-undersøkinga for Sogn og Fjordane som vart gjennomført i ungdomsskulane i 20 kommunar og i dei vidaregåande skulane våren 2017. Samhandlingsbarometeret vil før jul legge ut resultata frå 30 utvalde variablar frå denne.