PRESENTASJON AV SAMHANDLINGSBAROMETERET PÅ INTERNASJONAL KONFERANSE

Konferansen har navnet sitt etter John E. Wennberg, ein pioner og leiande forskar på uforklart variasjon i helsesektoren i USA. Han har arbeidd ved det kjende Dartmouth-universitetet i New Hampshire, og har også norske anar.

Konferansen i 2023 var i Italia (Pisa) som den 10. i rekka. Her møtes forskarar, politikarar og helseinnovatørar med interesse for uforklart variasjon i helsetenesteforbruk og korleis en kan redusere desse.

Sentrale tema dette året var:

  • Variation knytt til COVID-19
  • Helseatlas og framtidige roller for desse
  • Nye data og kobling av desse for evaluering av tenestene
  • Økonomiske analyser av uforklart variasjon

Både Samhandlingsbarometeret og Helseatlas som begge er lokaliserte i Helse Førde presenterte seg gjennom kvar sin poster:

Samhandlingsdag Barn og unge – for Førde BUP og kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn

blir arrangert 16 november 2023 på Scandic Sunnfjord hotell

for Førde BUP og kommunane Sunnfjord, Fjaler, Kinn, Askvoll, Solund, Hyllestad og Høyanger

 

Tema for dagen: Korleis samarbeider vi rundt barn med angstproblematikk som treng hjelp frå begge nivå og jobbar saman for dei beste løysingane og rett hjelp på rett nivå?

 

Målsetting for dagen: Nettverksbygging, samordning og felles forståing av utfordringsbildet mellom dei personane som samarbeider for barn og unges psykiske helse på tvers av kommune og sjukehus

 

Målgruppe: Leiarar og sentrale tilsette som arbeider med barn og unge i oppvekst og helsesektoren i kommunane, og BUP (Til dømes: Leiarnivå, rektorar, barnehagestyrarar, fastlegar, kommuneoverlegar, barnevern, PPT, skulehelseteneste, helsestasjon)

 

Sjå vedlagt program;

1 Program samhandlingsdag 2023

Fagdag Geriatri

Det blir arrangert ny fagdag i geriatri på Førde Sentralsjukehus;

  1. september 2023, 08.00–15.45

Fagdagen blir gjennomført i Auditoriet, 2. et. i Svanabygget. Auditoriet har 120 sitjeplassar. Arrangementet blir også delt via internett.​

Tema:   Gode helsetenester til den sårbare eldre pasienten​

Fagdag geriatri 2023 – Helse Førde (helse-forde.no)

OMFANG AV SKRØPELIGE ELDRE I KOMMUNANE

I media og daglegtale støter ein ofte på begrepet skrøpelege eldre. Dette er gruppa med det største hjelpebehovet og representerer slik ei nøkkelgruppe for ressurssbruken (personell/økonomi) i kommunane. Dei har også hyppige sjukehusinnleggingar, og er ei av dei 4 prioriterte gruppene for Helsefellesskapa i Noreg.

Gruppa er ikkje definert ut frå medisinske diagnosar sjølv om dei ofte har mange ulike slike, og også overlappar i noko grad med ei anna prioritert gruppe (multisjuke).

Gruppa er definert ut frå kartlegging av funksjonsnivået (mestringsevna) på 10 ulike område i dagleglivet, der den obligatoriske kartlegginga skjer i kommunane 2 gonger årleg ved hjelp av IPLOS-skjema av alle som får tildelt offentleg omsorg (heimebasert) eller er på institusjon (sjukeheim) i kommunen.

IPLOS står for individbasert pleie- og omsorgsstatistikk, og er drifta av Helsedirektoratet, og inneheld 20 ulike måleområde (ressurssar og hjelpebehov). Kvar måleparameter blir rangerte i 4 grupper av hjelpebehov: 1. Noko redusert funksjon, 2. redusert funksjon 3. dårleg funksjon og 4. svært dårleg funksjon.
Gruppe 1 og 2 er samla under noko skrøpelege (pre-fragile) og gruppe 3 og 4 blir slått saman til gruppa skrøpelege (fragile).
Desse er presentert som andelar (pr. 1000 av befolkninga ≥ 75 år), og som det aktuelle antalet personar det omfattar.

Etter kvart er meininga å kople på andre variablar som t.d. kan vise kor mykje kommunale helseteneste desse gruppene står for, og kor mykje spesialisthelsetenester dei mottek, samt utviklinga av dette over tid.

Ei mest mogeleg optimal organisering av tenestene for desse gruppene vil vere avgjerande for i kva grad kommunane vil greie å møte den såkalla “eldrebølgja” framover.

Gruppa noko skrøpelege er kanskje den som er mest egna for førebyggande tiltak både i kommunar og spesialisthelseteneste.

Eksempel:

Helse Førde Helsefellesskap (tilsvarar kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke)

Det er ein viss variasjon i andelane mellom kommunane frå om lag 28% i Hyllestad til 42% i Kinn kommune. Norge og Helse Vest ligg ganske likt, medan Helse Førde ligg litt høgare. Det er noko meir pre-fragile enn fragile som vi ser.

Data er henta frå Kommunalt Pasient- og brukerregister (KPR).