Nye tilbod innan spesialisert rehabilitering og korttidseininga i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune vedtok ved oppstart av ny kommune at tilboda innan rehabilitering og korttidseininga skal spesialiserast. Ei prosjekt- og arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune har siste året jobba med å etablere desse spesialiserte tilboda og dei er no klare for oppstart av avdelingane i februar 2021.

 I 2019 starta prosjektgruppa med ei kartlegging av tilbod og omfang av institusjonstenestene i dei fire kommunane (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal). Prosjektgruppa kom med ei tilråding om å spesialisere og samle rehabiliteringsplassane på Skei omsorgssenter og korttidsplassane på Førde omsorgssenter, og å ha dei andre institusjonstilboda på alle institusjonane (langtid, palliasjon, avlastning og skjerma plassar). Det vart fatta politisk vedtak i februar 2020 om tilboda i institusjonstenesta i Sunnfjord kommune. Det vart i etterkant sett ned ei ny arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune som i 2020 jobba med å etablere dei spesialiserte tilboda. Arbeidsgruppa var samansett av representantar frå adm., plo, lege, fysio/ergo, samt 2 brukarrepresentantar. Arbeidsgruppa fekk i oppgåve å løyse det politiske vedtaket, slik at Sunnfjord kommune fekk på plass rehabiliteringsavdeling på Skei (7 plassar) og korttidsavdeling i Førde (14 – 18 plassar). Arbeidsgruppa såg mellom anna på bruk av rom/lokale, bemanning og ressursar, kompetanse, rutinar/prosedyrer. Arbeidsgruppa hadde gode prosessar i ei god og konstruktiv arbeidsgruppe, der alle faggruppene, samt brukarrepresentantane har bidrege med engasjement og synspunkt. Arbeidsgruppa var ferdig med arbeidet sitt i des. 2020 og Sunnfjord kommune starta opp dei spesialiserte einingane i februar 2021.

 Den nye korttidseininga er lokalisert på Førde omsorgssenter med 14 plassar +1 palliativt rom. Rehabiliteringseininga er lokalisert på Skei omsorgssenter med 7 plassar + 1 palliativt rom. Det er utarbeidd metodebok for tilboda med kriteria for inntak.

 Med bakgrunn i dette inviterte Sunnfjord kommune til eit møte med Helse Førde for å presentere det nye tilbodet og få tilbakemelding og innspel/avklaringar. For Sunnfjord kommune var det viktig å få snakke med Helse Førde for å få til eit godt samarbeid og samhandling om tilbodet og ei best mogeleg utnytting av ressursane dei har stilt disponible til føremålet, til det beste for brukarane.

For meir info sjå og;

Informasjonsmøte Helse Førde 11

Metodebok korttid og rehabilitering Sunnfjord kommune

Ny rapporteringsløysing i Power BI for Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har sidan etableringa i 2012 brukt ei publiseringsløysing kalla Nesstar publisher. Denne løysinga har fungert forholdsvis greitt for brukarane, men er arbeidskrevjande å administrere og krev betydeleg manuell bearbeiding av data.

Samhandlingsbarometeret har no starta opp med utviklinga av ei ny publiseringsløysing i Microsoft sitt presentasjonsprogram PowerBI. Denne løysinga er meir tidsriktig og enkel med omsyn til oppdatering og framstilling av data. Firmaet Bouvet si avdeling i Bergen bistår oss i dette arbeidet etter at dei hadde det beste anbodet i ei utlysing. Helse Vest IKT er involvert både i utvikling og teknisk tilrettelegging.

Så langt er vi godt nøgde med progresjonen i arbeidet, og det tette samarbeidet med Bouvet og Helse Vest IKT. Målet er at barometertilsette skal bli sjølvhjelpte med publisering i det nye verktøyet.

Det endelege «ansiktet» av Samhandlingsbarometeret ut mot brukargruppene vil bli justert i samarbeid med representantar frå brukargrupper i Helse Vest RHF og Helse Nord RHF, som nyttar Samhandlingsbarometeret for alle sine helseføretak og opptakskommunar.

 Ei stor endring vil vere at Samhandlingsbarometeret i størst mogeleg grad vil innehalde data for heile Noreg knytt opp mot opptaksområda for alle helseføretaka i landet, i tillegg til bydelar i dei store byane. Samhandlingsbarometeret har såleis eit potensiale til å bli eit landsdekkande verktøy for helsedata til bruk for helsefellesskapa og i samhandlingsarbeidet generelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

 Figuren under viser eit eksempel på korleis ei side i det framtidige barometeret kan sjå ut.

Dette er ein Fagvariabel som tek utgangspunkt i dei rundt 20 ulike hovuddiagnosegruppene i spesialisthelsetenesta sitt diagnosesystem (ICD-10). Det viser kor mange innleggingar, liggedagar og polikliniske besøk som går med til desse ulike diagnosegruppene pr. 1000 innb. pr. år. Utviklinga over tid blir vist i tilhøyrande grafar, og det er også lagt inn kartpresentasjonar.

I den øvre blå rada er det lagt inn tre sentrale «nøkkelindikatorar»: Folketalet, andelen eldre over 80 år og kor stor andel som bur spreiddbygd i dei ulike områda/kommunane.

Fig.: Utkast til rapport i Power BI

Ei brukarvennleg løysing er eit svært viktig mål i arbeidet

Samhandlingsbarometeret ønskjer ei løysing som er intuitiv og enkel i bruk, og som presenterer/viser indikatorane i Samhandlingsbarometeret på ein god måte utan at vi «overlessar» kvar side med for mykje detaljar. Når den nye løysinga er tatt i bruk vil vi ha betre kapasitet til å gjere analysar og også hjelpe brukarar å finne meir data om dei har bruk for dette.

Hausten 2018 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om korleis Samhandlingsbarometeret blir brukt og opplevd av brukarane. Vi fekk då inn gode tips til korleis nettstaden kan bli betre. Desse, og tilbakemeldingar vi har fått ved direkte kontakt med brukarar, har vi tatt med oss inn i arbeidet med den nye løysinga.

For å lage ei god løysing treng vi dykkar meiningar om utkasta som vert laga og forslag til endringar. Difor vil vi om ikkje lenge invitere fleire av dykk til å delta i eit brukarpanel for å teste rapportar som vi jobbar med.

Dersom du ynskjer å delta i brukarpanelet kan du melde di interesse tilbake til oss allereie no på e-post: samhandling@helse-forde.no