Tilvising til poliklinikk og innlegging pr. fastlege i 2016

Omfanget av tilvisingar av pasientar frå primærhelsetenesta til spesialisthelsetenesta er eit tema i mange land. Stor variasjon i slike tilvisingar reiser spørsmål om kor konsistent og rettferdig rolla som «portåpnar» for pasientane fungerer.

Samhandlingsbarometeret har hatt omfanget av tilvisingar pr. 1000 på pasientlista frå dei ulike fastlegane inne i ei år-rekke. Det er viktig å presisere at indikatoren gjeld tilvisingar til Helse Førde, og ikkje til andre institusjonar eller spesialistar, slik at det totale omfanget av tilvisingar er større enn det Barometeret viser. Vi har no lagt ut nye tal i for åra 2014 til 2016.

Det er mange årsaker til variasjon på området, både alderssamansetning og omfanget av sjukdom mellom pasientane på legen si liste, og om det har vore redusert praksis i periodar av året. Vidare vil omfanget av legevakt bety mykje for omfanget av øyeblikkeleg hjelptilvisingar og innleggingar. Men likevel er nok både lokale og personlege kulturar/preferansar også klart medverkande.

Føremålet med denne statistikken er m.a. at fastlegane sjølve kan få tilbakemelding om korleis dei ligg an i høve andre fastlegar, og slik sett gje utgangspunkt for å reflektere over eigen praksis, evt. saman med dei andre fastlegane på legekontoret.

I tabellane har kvar lege eit tilfeldig nummer, og kan difor ikkje identifiserast av utanforståande. Men legen får vite sitt nummer på førespurnad, og Samhandlingsbarometeret oppfordrar til å etterspørje dette.
Statistikken er inndelt i tilvisingar til poliklinikkar og til innlegging i Helse Førde.


Figur 1: Omfanget av planlagde tilvisingar til poliklinikk pr. fastlege langs Y-aksen
(alle med færre enn 50 slike tilvisingar i 2016 er her silt bort), og nummeret på fastlegen
på X-aksen

Mellom desse finn vi ein variasjon frå 50 til 781 tilvisingar pr. 1000 pasientar på legelista, altså ein variasjonsfaktor på rundt 15. Gjennomsnittet ligg på 200 tilviste pasientar i 2016.


Figur 2: Talet på innleggingar i Helse Førde pr. fastlege (Y-aksen)
(alle som har 10 eller færre innleggingar i 2016 er silt bort).

Vi finn her ein variasjon frå 11 til 199 innleggingar pr. 1000 listepasientar i 2016, altså ein variasjonsfaktor på omkring 18. I gjennomsnitt la kvar fastlege inn 48 pasientar dette året.

 

Av Hans Johan Breidablik

 

 

Samhandlingsnytt augusti/september 2017

I Samhandlingsnytt for augusti/september kan du lese om «Norges finaste legevakt» i Førde, Eldreatlas, rapport om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og Irene Valaker sin forsking.

Les Samhandlingsnytt her: Augusti/September 2017

Samhandlingsnytt sendes kvar månad ut av samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, med informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta. Samhandlingsnytt for augusti/september er no sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar.