Taktisk samhandlingsgruppe

Taktisk samhandlingsgruppe vart oppretta etter oppmoding frå Koordineringsrådet og som oppfølging av felles prosedyre for Helse Førde og kommunane  «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi»  i samband med Covid-19 pandemien. Gruppa hadde første møtet 10.03.20, og har no fastmøte kvar tirsdag og fredag.

Den taktiske samhandlingsgruppa kan bistå med medisinske vurderingar og tilrådingar, og kan ta ei rolle i å koordinere tiltaka i primær- og spesialisthelsetenesta.

Taktiskt samhandlingsgruppe består av:

Frå kommunane: Jan Helge Dale, Thomas Vingen Vedeld, Øystein Furnes og Leiv Erik Husabø (kommune overlegar/smittevernlegar i hhv. Kinn, Stad, Sunnfjord og Sogndal), Anne Stubdal (praksiskonsulent), Frode Myklebust (Lærdal) og Elin Sørbotten (samhandlingskoordinator).

Frå Helse Førde: Kari Furevik (leiar smittevern), Terje Olav Øen (beredskapssjef), Torgeir Finjord (med.fagleg rådgjevar med. avd.), Tone Holvik (samhandlingssjef), Laila Haugland (avd. sjef med. avd.), Robert Brennersted (avd. sjef AAM), Trine Vingsnes (fagdirektør).

Fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde er leiar av gruppa.