Innlegg

Kva treng ungdom frå behandlarane sine for å få utbytte av psykoterapi?

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde (og NORSE prosjektet) undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon.
Psykiske helseproblem debuterer ofte i barne -og ungdomsåra, og utan god behandling synes desse å ved vare inn i vaksenlivet. Dessverre synes ungdom å vere ei spesielt utfordrande pasientgruppe i psykoterapi, ettersom mange droppar ut, og nokre vert verre av behandling. Samtidig viser forsking at ungdom som møter den rette behandlar vert betre.
Basert på semistrukturert djupneintervju frå 22 ungdomar, har forskarane i denne artikkelen bidrege med ny innsikt til kva ungdom treng frå behandlarane sine for å få utbytte av psykoterapi. Resultata viste at ungdommane ofte er redde og nervøse før sitt første møte med behandlar og at det difor er viktig at ungdomen vert sett der dei er. Vidare er det viktig at behandlar klarar å skape tillit gjennom å vere ein genuint empatisk, varm, trygg og profesjonell vaksen som er til stades og tørr å gje ungdomen plass og medverknad i den terapeutiske relasjonen. Dei må også vere villig til å viske ut den tradisjonelle maktubalansen mellom behandlar og pasient.
Les abstract til artikkelen her:  https://onlinelibrary.wiley.com/doi/pdf/10.1002/capr.12166

Dersom du ønskjer å lese heile artikkelen og ikkje har tilgang kontakt Kristina Lavik

kristina.osland.lavik@helse-forde.no

Samhandlingsnytt

I Samhandlingsnytt, April 2018, kan du lese om Helse Førde sin utviklingsplan for perioden 2018 – 2035, ny Interkommunal samhandlingskoórdinator, innovasjon og nyskaping i helsesektoren og Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Les meir her;

Samhandlingsnytt april 2018 (003)

DEPRESSIVE SYMPTOM BLANT UNGDOM – DEPRESJON ELLER DEL AV LIVET?

Mediaoppslag om den psykiske helsa hjå ungdom gjev oss ofte inntrykk av at slike plager er sterkt aukande, og med tilhøyrande auke t.d. i medikamentell behandling.

Særleg ofte høyrer vi at depressive plager aukar, særleg blant jentene.

I Sogn og Fjordane har vi gjennomført skulekartleggingar i vidaregåande skular heilt tilbake til 1997 (Helse, miljø og livsstil).

Eit av spørsmåla i desse er følgjande: «Kor ofte har du hatt følgjande plager: Følt deg nedfor og trist» Dersom vi tek ut gruppa som svarar at dei føler dette minst kvar veke eller dagleg, får vi fram følgjande utvikling mellom gutar og jenter gjennom åra fra 1997-2012, sjå figuren under.

Figuren syner dei markerte skilnadane mellom gutar og jenter som har vore tilstades heile tida. Men ser vi på dei stipla trendlinjene over tid så har vi ein svak nedgang hjå gutar, og ein tilsvarande svak oppgang for jentene. Skilnaden mellom kjønna ser altså ut til å auke over tid.

Fra UngData 2017 finn vi for Sogn og Fjordane denne svarfordelinga på spørsmålet: «Har du i løpet av siste uka vært plaget av noe av dette: Følt deg ulykkelig, trist eller deprimertUngData har ikkje lik spørsmålsformulering som HEMIL-us. (Helse, miljø og livsstil) over, slik at samanligning mellom desse kartleggingane blir usikker.

For gruppa som oppgjev mest plager er der markerte skilnader mellom, kjønna (gutar 5% mot jenter 12%). Dette mønsteret samsvarar med funna frå andre undersøkingar. Men som vi ser er det berre 29% av jentene i Sogn og Fjordane som svarer at dei aldri har slike plager. Dette betyr at nedstemtheit av ulik grad også må reknast som eit majoritetsfunn hos jenter, og dermed altså ein del av ungdomstida for fleirtalet.

Nasjonale resultat fra UngData 2017

Resultata frå Sogn og Fjordane er som vi ser noko meir positive, men mønsteret samsvarar ellers med landsresultatet.

Av Hans Johan Breidablik

SOSIOØKONOMISKE HELSESKILNADER I DØDELEGHEIT – AUKAR DESSE?

Dødelegheit (mortalitet) er eit sentralt og robust folkehelsemål.  Helsedirektoratet skriv m.a.:

«Målet er flest mulig gode leveår for alle, og reduserte sosiale helseforskjeller i befolkningen. Norge skal være blant de tre landene i verden med høyest forventet levealder».

Å få utjamna sosioøkonomiske skilnader (altså mellom grupper med ulik utdanning og yrke) er ei særleg utfordring. Det har også vore hevda at desse skilnadane tvert om er aukande over tid.

Ei gruppe leia av Johan Mackenbach frå Nederland har sett på utviklinga av dødelegheit i ulike sosiale grupper i fleire europeiske land i perioden frå 1990-2010 («Changes in mortality inequalities over two decades: register based study in European countries»).

Endringar i dødelegheit/mortalitet hjå ulike grupper kan målast på to hovudmåtar:

  1. Absolutt (endring/reduksjon): Dette er basert på endring i antalet døde pr. 100 000 personar i den aktuelle gruppa. Det er altså uavhengig av utgangsnivået for dødelegheita.
  2. Relativ (endring/reduksjon): Dette målet er derimot avhengig av utgangsnivået for dødelegheita i gruppa. Sidan grupper med låg sosioøkonomisk status har høgare dødelegheit i utgangspunktet, vil det være meir krevjande å få ned denne prosentvis enn for gruppene som har lågare dødelegheit i utgangspunktet (høgstatusgruppene). For meir utfyllande forklaringar, sjå evt. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/absolutte-og-relative-tall
  3. Det er også interessant å sjå på kjønnsskilnader i dette.

Samla sett finn forskarane at dei absolutte skilnadane har minka med 35%, og i hovudsak for menn. Nedgangen var størst i Spania (Barcelona-området), men var ikkje slik nedgang for Noreg og Finland.

Dersom vi ser på fordelinga mellom absolutt (x-aksen) og relativ endring (y-aksen) mellom dei ulike landa får vi følgjande mønster som vist i figurane for menn og kvinner:

For menn har ingen land reduksjon i den relative skilnaden over tid (under 0-linja), dvs. at ein ikkje har fått reduksjon i dette, men tvert om har den auka over tid. Vi ser derimot at for absolutt endring ligg dei fleste landa under 0-linja, men Noreg med berre nokre få prosentar.

For kvinner ser vi at ein i Spania (Barcelonaområdet) har nedgang både i absolutt og relativ dødelegheit. Men for kvinner er endringa derimot klart negativ i Noreg og Finland for begge måla. Dette tyder ikkje på at tiltaka samla sett har vore særleg vellukka i høve målet om reduserte helseskilnader her i landet.

Når det gjeld sjukdomsgrupper er mykje av nedgangen i dødelegheit knytt til hjarte- karsjukdom.

Eit funn å legge merke til er at dødelegheit knytt til alkohol forværra seg i dei lågarestilte sosioøkonomiske gruppene i Finland, England og Slovenia.

For dei som vil lese heile artikkelen kan følgjande lenke nyttast:

https://www.bing.com/search?q=Changes+in+mortality+inequalities+over+two&src=IE-SearchBox&FORM=IESR3N

Av Hans Johan Breidablik

Oppdaterte KOSTRA-tal for 2017 i Samhandlingsbarometeret – rehabiliteringsplassar i kommunane

Samhandlingskonferansen for Sogn og Fjordane 2018 var godt besøkt og eit av hovudtema denne gongen var habilitering/rehabilitering. I helsevesenet har det tradisjonelt vore mest fokus på undersøking og behandling, medan den viktige rehabiliteringsdelen gjerne har vore mindre vektlagt.

Helsedirektoratet utarbeidde Opptrappingsplan for rehabilitering etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.  I denne ligg det også forslag til ny offisiell (og ganske omfattande) definisjon for området:

«Habilitering og rehabilitering er målrettede samarbeidsprosesser mellom bruker, pårørende, tjenesteytere og på relevante arenaer. Prosessene kjennetegnes ved koordinerte, sammenhengende og kunnskapsbaserte tiltak fra aktørene. Formålet er at brukeren, som har eller står i fare for å få begrensninger i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal gis mulighet til å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet.»

Rehabilitering blir drive både innan spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Sentrale element i dette arbeidet er også koordinerande einingar og individuelle planar.

Samhandlingsbarometeret har nyleg fått inn oppdaterte KOSTRA-tal for 2017. Desse er basert på årleg innrapportering frå kommunane sjølve.

Eit av spørsmåla i Kostra går på kor stor andel (prosent) av institusjonsplassar som er avsett til rehabilitering i kommunen. Indikatoren kan seie noko om kommunane sin kapasitet til å ta seg av personar som treng rehabilitering i institusjon, og om det har skjedd endringar i dette etter innføring av samhandlingsreforma.

Fig. 1 Utvikling i andel plassar avsett til habilitering/rehabilitering nasjonalt, i Sogn og Fjordane og to eksempelkommunar i fylket (Kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB).

Figuren over viser at det har vore ein viss auke i perioden 2009-2017 i andelen rehabiliteringsplassar både nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Fylket ligg no samla sett eit par prosent over landet ellers (9,5% mot 7,6%).

Vi ser at Gloppen ligg høgt, særleg i ein periode, for deretter å gå noko ned (18,2% i 2017), medan t.d. Førde kommune ligg på 5,4% i 2017.

Fig 2. Kommunevis fordeling av andel plassar avsett til habilitering/rehabilitering i Sogn og Fjordane i 2017.

Figur 2 viser at det er markerte skilnader mellom kommunane i høve til kor store andelar av plassar dei har avsett til habilitering/rehabilitering. Truleg reflekterer dette både ulik organisering, og kanskje ulik praksis for å rapportere til SSB. Det samla omfanget av rehabilitering i kommunane vert truleg ikkje fanga opp av ein enkeltindikator.

Vi har pr. i dag ikkje indikatorar for resultatet/utfallet av rehabilitering i kommunane.

Samhandlingsnytt mars 2018

I Samhandlingsnytt for mars kan du lese om nytt utstyr for oksygenbehandling, nyskipa ungdomsråd i Helse Førde, lovendringar som styrkar barn sine rettar, livsmeistring og kompetanseheving i helsepedagogikk.

Samhandlingsnytt mars 2018

Ser ungdom i Sogn og Fjordane føre seg ei framtid i eigen heimkommune?

Nyheita er oppdatert med korrigerte tal og inkluderer Høyanger vidaregåande skule, som hadde falle ut

Ungdata er lokale ungdomsundersøkingar, som vert tilbydd gratis til alle landets kommunar og fylkeskommunar. Siden 2010 har 439 200 ungdommer frå 405 kommuner delteke i ungdataundersøkingane. Ungdata gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å være ung i Noreg i dag. Undersøkingane blir gjort i skulane og består av grunnmodul og evt. tilleggsmodular. Den obligatoriske delen av spørreskjemaet inneheld spørsmål om ei rekke tema som gjelder ungdom sine liv og livssituasjonar. Det er spørsmål om forholdet til foreldre og venner, om skulearbeid og trivsel, fritidsaktivitetar og mediebruk, utdanning og framtidsplanar, helse og levevaner, rusmiddelbruk og atferdsproblem. Det blir gitt ut rapportar på både nasjonalt- og fylkesnivå på utvalde resultat.
Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har ansvaret for gjennomføringa av Ungdataundersøkingane i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentra innen rusfeltet (KoRus Vest Bergen for Sogn og Fjordane).
Samhandlingsbarometeret har tidlegare publisert resultat frå lokale spørjingar i Sogn og Fjordane på kommunenivå. Dette er data som er av verdi for både folkehelsearbeidet lokalt og planlegging/prioritering av dette.
Samhandlingsbarometeret har gjennom eit samarbeid med Ungdata fått tilgang på data frå Sogn og Fjordane knytt til einskildkommunar (ungdomsskule) og for skulekommunane (vidaregåande skular).
Det er gjennomgåande høg deltaking på undersøkingane. For Sogn og Fjordane omfattar det svar frå i overkant av 2700 ungdomsskuleelevar, og nærare 3000 elevar i vidaregåande skular. Dette omfattar såleis ein stor del av den samla ungdomsmassen i fylket.
Utvalde ungdata-resultat vil i tida framover bli publisert i Samhandlingsbarometeret, vonaleg innan hausten 2018.

Ungdom som ser for seg ei framtid i heimkommunen
Sogn og Fjordane har eit mønster der folketalet stagnerar over tid trass i rimeleg høge fødselstal. Dette har nok samanheng med at mykje av ungdommen flyttar ut for å studere, og i avgrensa grad kjem tilbake i vaksen alder. I undersøkinga har ein følgjande spørsmål: «Kan du tenke deg å bo i kommunen din når du blir voksen?». Her er det tre svaralternativ, «Ja, Nei, Vet ikke».
I Barometeret har vi valgt ut svaralternativet Ja på dette spørsmålet, og sett på korleis svara fordeler seg mellom kommunane i fylket vårt. Vi sett på jenter og gutar kvar for seg.

Fig 1 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne (Ungdomsskuleelevar).

Vi ser det velkjende mønsteret der fleire gutar enn jenter kan tenke seg å bu i heimkommunen, sjølv om det også er kommunar som er meir jevnbyrdige. Det er stor spreiing mellom kommunane der Lærdal, Årdal, Selje og Aurland ligg lågt for jenter sin del. I andre enden finn vi Gloppen, Naustdal, Luster og Stryn der nærare halvparten av jentene og rundt 60% av gutane er positive til å busette seg i heimkommunen.

Fig 2 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) i vidaregåande skular som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Obs.: her er det fordelt etter kommunar der dei vidaregåande skulane ligg, og altså ikkje etter eleven sin oppvekstkommune.

Skilnadane mellom skulestadane når det gjeld dei eldre elevane er ikkje så markerte. Flora ligg lågast for gutar sin del (kommunen deltok ikkje på ungdomsskuletrinnet). At Førde ligg så lågt for jenter er verdt å merke seg, men her er det også elevar frå mange andre kommunar. Sogndal ligg på topp saman med Stryn.

Inspirerande fagdag Barn som pårørande 28.02.18

Rundt 130 deltok på «Fagdag barn som pårørande» på Thon Hotel Jølster den 28.02.18. Deltakarane var jevnt fordelt mellom Helse Førde, ulike etatar i kommunane (barnevern, barnehage, skule, helsestasjon, psykiatritenesta m.m.), brukar og interesseorganisasjonar.Tilskot frå Helsedirektoratet (via Fylkesmannen) gjorde det mogeleg å arrangere fagdagen utan store kostnader for deltakarane. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Helse Førde, kommunane Jølster, Naustdal, Gaular, Førde og brukarrepresentant var arrangør.

Tema
Tema for fagdagen var: «Kommunikasjon og samhandling- nøkkel til meir målretta innsats i arbeidet med barn som pårørande».

Det var svært gledeleg at så mange kunne delta, noko som viser behovet for ei slik tverrfagleg samling. Deltakarane fekk mykje nyttig informasjon og inspirasjon til å fortsette arbeidet med barn som pårørande både i spesialisthelsetenesta og kommunane. Ikkje minst vart det understreka kor viktig samhandlinga mellom 1. og 2. linjetenesta er i dette arbeidet, og at det er viktig å innarbeide gode samhandlingsrutiner.

Program for dagen
• Oddfrid Sandvik familieterapeut i Fredrikstad kommune hadde ei inspirerande forelesing om «Den viktige samtalen! – kvifor og korleis samtale med barn og foreldre»
• Informasjon frå ulike kommunar og organisasjonar gav eit bilete av noko av det som skjer innan feltet barn som pårørande i fylket.
• Deling av pårørandeerfaring gav ei konkret påminning om kor viktig pårørandearbeidet er.
• Informasjon frå arbeidet med barn som pårørande i Helse Førde viste både dilemmar og utfordringar i arbeidet med å ivareta barn som pårørande og familiane deira.

Presentasjonar finn du her

Av Kjellaug Kringlebotten Berntsen

SJUKEHEIMSPLASSAR FRAMOVER – ER DET MOGELEG FOR KOMMUNANE Å HALDE TRITT MED UTVIKLINGA?

Dei fleste har nok fått med seg at dei eldre sin del av befolkninga vil auke framover, og at Sogn og Fjordane vil få særlege utfordringar. Fylkesmannen (Anne Karin Hamre) var også nyleg ute med ei påminning til kommunane om at dette kanskje vil vere meir nødvendig å gripe fatt i enn t.d. skuleproblematikk.

Behovet for helsetenester og omsorgstenester aukar med alderen, og særleg markert er dette for gruppa som blir 80 år og eldre. På mange måtar vert dei eldre friskare, og mange greier seg også sjølve opp til høg alder. Men sjølv om hjelpebehovet kan forskyve seg noko oppover i alder, vil nok likevel mange få sjukdom og redusert funksjonsevne i siste delar av livet, og det er også store grupper som lever med kroniske lidingar både av fysisk og mental art (t.d. demens) over lang tid.

Ein vanleg brukt måleindikator i denne samanhengenen er andelen av heildøgns institusjonsplassar i høve talet på personar over 80 år. Dette fordi denne gruppa utgjer ein stor del av dei som har så redusert funksjonsevne at dei må ha hjelp og behandling på heildøgnsbasis.

Kommunane leverer årleg såkalla Kostra-rapporteringstal inn til sentrale myndigheiter, og det blir laga statistikk som gjer det mogeleg å samanlikne kommunar og regionar.
Dersom vi ser på utviklinga av institusjonsplassar i perioden 2009 til 2016 nasjonalt, for fylket og for to utvalde kommunar finn vi følgjande mønster som illustrert i fig. 1

Fig 1 Andel (prosent) av plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustad i prosent av befolkninga over 80 år (kjelde: Samhandlingsbarometeret.no/Kostra)

I perioden 2009 til 2016 har andelen institusjonsplassar i Sogn og Fjordane samla sett lege rundt 30 prosent, og dette har vore ganske stabilt i tidsperioden. Nivået ligg også heilt på linje med landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein markert skilnad mellom einskildkommunar der t.d. Høyanger har hatt ein høg og aukande andel heilt opp til 45 prosent i 2016, medan Askvoll kommune ikkje har hatt auke i perioden, og ligg på under halvparten av dekningsgraden til Høyanger kommune. Dette tyder på at kommunane allereide i dag vel å løyse oppgåvene innanfor eldreomsorga på alternative måtar. Ein kan difor ikkje konkludere med at Askvoll nødvendigvis har eit dårlegare tilbod til sine eldre enn Høyanger. Truleg kan det ligge eit betydeleg potensiale gjennom i større grad å studere løysingar hjå andre kommunar.

Figuren illustrerar også at gjennom perioden 2009 til 2016 har ein både i landet som heilheit og i Sogn og Fjordane (med sine høge eldreandelar) likevel greidd å halde tritt med auken i tal gamle. Eit spørsmål blir i kva grad det er realistisk å kunne halde på ei slik dekningsgrad i tida framover?

Om vi nyttar prognosar for folketalsutviklinga frå SSB (middels høgt anslag), og ser på to små utkantkommuar og to mellomstore sentrumskommunar i Sogn og Fjordane får vi eit bilde som i fig. 2.

Fig. 2 Befolkningsframskriving for gruppa over 80 år i Sogn og Fjordane for fylket og fire ulike kommunar (kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB)

Frå figuren ser vi at den store veksten i talet på personar over 80 år kjem i tida framover. For dei to utkantkommunane Solund og Hyllestad er ein ved starttidspunktet på denne «bølgja» som kjem, og vil gå mot ei dobling av andelen gamle til å utgjere omkring 14-15 % av folketalet. For dei større og meir sentrale kommunane som Førde og Sogndal vil stigninga kome litt seinare, og ikkje være så dramatisk. Ein vil her i 2040 ha omkring 6-7% av befolkninga som er 80 år og over. Men stigninga vil likevel bety ei dobling av andelen også i Førde kommune.

Spørsmålet blir då i kva grad ein då vil kunne halde tritt med utviklinga ved å bygge fleire heildøgnsplassar framover? Slike tiltak krev planlegging og tid før dei er på plass, og sjølv om ein skulle skaffe fram lokalitetar, gjenstår det å bemanne desse med nok fagpersonell og greie å finansiere drifta. I små utkantkommunar vil andelen i yrkesaktiv alder avta, og vi ser allereide i dag at dei slit med å få rekruttert kompetent personell utanifrå. Dette kan difor bli det mest problematiske for slike kommunar framover.

Men uansett betyr utviklinga at truleg langt fleire skrøpelege gamle berre kan få hjelp i heimen i tida framover. I dette ligg også eit stort behov for kompetanse i grenselandet mellom tekniske hjelpemiddel/IKT i heimen og omsorgskompetanse. Men truleg må også den uformelle omsorga (frå slekt/venner og naboar) mobiliserast om ein skal dekke hjelpebehovet framover for våre gamle.

 

Av Hans Johan Breidablik

Artikkelen er nyleg publisert i Dagens Medisin (4/2018)

205 kjem på Samhandlingskonferansen – kjem du?

Samhandlingskonferansen 2018 vert arrangert på Thon Hotel Jølster, Skei 14.-15. mars, med tema Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinerte tenester. Meir informasjon finn du her: Samhandlingskonferansen 2018