Økonomisk og sosial bakgrunn påverkar helsa

Det er større sosiale helseskilnader i Norge enn i mange andre europeiske land, særleg ser vi skilnader mellom utdanningsgruppene. Kvinner og menn med lengst utdanning lever 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning. Dess lengre utdanning og høgare inntekt ei gruppe har, dess høgare del av gruppa sine «medlemmer» har god helse (Helsedirektoratet, 2005; Huisman, 2005).

Dei sosiale helseskilnadane er aukande, spesielt blant kvinner. Dei gjeld for nesten alle sjukdomar, skader og plager og inneber mange tapte arbeidsdagar og leveår med god helse og livskvalitet. Ein ser skilnadane i alle aldersgrupper og for begge kjønn.

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har slått fast at sosiale helseskilnader er urettferdige og uakseptable og er eit tap for både enkeltmenneske, familiar og samfunnet. Befolkninga sitt totale helsepotensiale vert ikkje utnytta fullt ut. WHO pressar på for at alle land skal få på plass ein utjamnande politikk med utgangspunkt i kunnskap om situasjonen i eige land. I Norge er dette m.a. følgt opp gjennom å auke kunnskapen om sosiale skilnader, i politikk- og strategiutforming og i lovverket.

Folkehelseinstituttet (FHI) har nyleg laga ein informativ film om kva som er med på å påverke sosiale skilnader i befolkninga:

Film om sosial ulikhet i helse (Vimeo) Kvifor vel vi dei vegane vi gjer i livet? Vel vi dei sjølve eller er dei valde for oss?

Helse og levealder aukar med aukande utdanning
Figur 1 viser at både menn og kvinner med universitets- eller høgskuleutdanning har hatt høgast forventa levealder i heile perioden frå 1960 til 2015. Forventa levealder ved 35 år i 2015 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning har 6,4 år lengre forventa levealder enn menn med grunnskule. For kvinner er skilnaden 5 år (norgeshelsa.no).

Figur 1: Forventa levealder (ved 35 års alder) i Norge 1960-2015 gruppert etter utdanningsnivå.

 

Sogn og Fjordane har mindre sosiale skilnader enn for landet, men som figur 2 syner aukar forventa levealder med aukande utdanningsnivå også hos oss. Legg vi 2016 til grunn, kan ein 30 åring i Sogn og Fjordane med grunnskuleutdanning forvente seg ca. 5 år kortare levealder enn ein på same alder med universitets- og høgskuleutdanning.

Figur 2: Forventa levealder ved 30 år for kvinner og menn samla, etter utdanningsnivå (2007-2013). Kjelde: FHI, Folkehelseprofil for Sogn og Fjordane

 

Av Emma Bjørnsen