Hjerteinfarkt i Sogn og Fjordane

Akutt hjerteinfarkt skuldast i hovudsak tiltetting av blodårane som går til hjertemuskulaturen, og fører då til oksygenmangel og skade/død av delar av denne. Det er ein alvorleg og ofte dødeleg sjukdom som mest har råka menn. Førekomsten steig i perioden etter krigen, og har vore ein frykta sjukdom i befolkninga. Dei to utkantfylka Finnmark og Sogn og Fjordane låg i tidlegare periodar i kvar sin ytterkant av statistikken når det galdt dødelegheit av sjukdommen, med Sogn og Fjordane på botnen og Finnmark på topp.

Etterkvart har det vorte ein markant nedgang i dødelegheita ved sjukdommen, og med følgjande mønster som i figuren under (død av hjerteinfarkt 0-74 år pr. 100 000 innb. justert for kjønn- og alderssamansetning).

Viser ser ein klar skilnad mellom kjønna på 70-talet, og ein brå nedgang for menn frå siste halvdel av 80-talet, medan kvinner har hatt ein meir jamn nedgang. Skilnaden mellom kjønna har difor blitt mindre med tida.

Men mønsteret for Sogn og Fjordane skil seg ut ved at ein tidlegare, og særleg for menn, låg klart under landsgjennomsnittet i dødelegheit. Imidlertid har nedgangen i vårt fylke vore mindre, og fylket ligg i dag på linje med/over landsgjennomsnittet.

Det er truleg fleire årsaker til nedgangen i dødelegheit:

Nedgang i risikofaktorar: Andelen som røyker har gått markant ned, og ein har også sett nedgang i kolesterol og blodtrykk. Samla endring i risikofaktorar for hjerteinfarkt i perioden 1994-2008 kunne ut frå Tromsø-undersøkinga forklare 66 prosent av nedgangen.

Færre får alvorleg hjertesjukdom: Ein større del av pasientane som kjem til behandling med hjerteinfarkt, har mindre alvorlege infarkt. Dette kan skuldast både betre førebygging og at hjerteinfarkt vert fanga opp tidligare grunna betre undersøkingsmetodar.

Medisinske og teknologiske framsteg i behandlinga: Både nye legemiddel knytt til førebygging og behandling (t.d. trombolyse («Plumbo»), betre ikkje-medikamentelle behandlingsmetodar, slik som utblokking av blodårer i hjertet, og betra logistikk for raskare akutthjelp har kome til. På 80-talet fekk vi den såkalla «Hjartebrua» til

England for operasjonar på blodårane (såkalla by-pass), medan metoden med utblokking kom inn frå midten av 80-talet. Akuttbehandlinga vart med dette sentralisert til større sjukehus og ein byrja å nytte luftambulansar for dette.

Høgare overleving: Færre døyr av hjerteinfarkt både i og utanfor sjukehus. Utviklinga mot at fleire har ein mindre alvorleg hjertesjukdom er ein viktig del av forklaringa på at dødelegheita har falle i alle aldersgrupper for både kvinner og menn.

Det er i seinare år innført eigne kvalitetsregister for hjertesjukdom og behandling av denne i spesialisthelsetenesta. Som figuren under viser kom Helse Førde dårlegast ut med berre 7,3% måloppnåing for ein av kvalitetsindikatorane: Behandling innan ønska tid (trombolyse innan 30 min. og blokking innan 90 min.). Kronglete reiser, og at pasientane i stor grad får akuttbehandling i Bergen, kan nok være delforklaringar her.

Nye retningslinjer frå 2017 innskjerpa fristen for å gje trombolyse til 10 minutt etter at diagnosen er sett.
For å kunne nå dette har ein i Helse Førde frå 2018 innført trombolysebehandling også under ambulansetransportane.

Samhandlingsbarometeret
v/Hans Johan Breidablik