Invitasjon til fagdag om aldersvenleg samfunnsplanlegging

Korleis skal vi saman planlegge for framtida, er tema for fagdagane som det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-reforma no inviterer til. Det regionale støtteapparatet skal hjelpe kommunane i arbeidet med å gjennomføre reforma lokalt. Støtteapparatet består av Fylkesmannen i Vestland, KS, Senter for omsorgsforsking, USHT, Fylkeseldrerådet og Vestland fylkeskommune.

Plan og samarbeid på tvers i kommunane Etter tilbakemeldingar frå dialogmøta i fjor, og kontakten KS har hatt ute i kommunane vil vi legge til rette for at sektorane i kommunane skal jobbe på tvers. Vi oppmodar derfor kommunane om brei deltaking på samlinga (3-5 personar), slik at plan- og helsefolk kan kome saman og jobbe på tvers.
Fagdagen vil handle om aldersvenleg samfunnsplanlegging, og korleis løysingane i Leve heile livet-reforma kan utformast i planverk. Vi legg opp til arbeidsøkter der kommunane får diskutere eigne utfordringa.

Målgruppe: Rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar og andre som arbeider med dette innsatsområdet.
Program og påmelding :Fylkesmannen dekker dagpakke for fire personar, og det er bindande påmelding. Kommunane dekker dagpakke utover desse fire, og dette gjer ein opp med hotella sjølve. Eventuelle utgifter til reise og overnatting må deltakarane ordne og betale sjølve. Informasjon, program og påmeldingsskjema vil de finne ved å trykke på lenkene under.

Tid og stad:

Nordfjordeid: 15. april 09.30 – 15.30 Nordfjord hotell

Sogndal: 16. april, 09.30 – 15.30, Quality Hotel Sogndal

Bergen: 29. april 09.30 – 15.30, Scandic Ørnen, Bergen sentrum

Stord: 30. april 09.30 – 15. 30, Grand Hotell Stord

Påmeldingsfristen er sett til 31. mars for samlingane på Nordfjordeid og i Sogndal, og 14. april for samlingane i Bergen og på Stord.