Oppføringer av

STOR VARIASJON I BRUK AV PSYKISK HELSEVERN I SOGN OG FJORDANE – ny vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforening, frå H.J. Breidablik, Helse Førde og E. Meland, Universitetet i Bergen

Lik tilgang på helsetenester, uavhengig av bakgrunn og bustad, er eit sentralt prinsipp i norsk helsevesen. Likevel syner både tidlegare forsking og etablering av ulike «Helseatlas» at geografiske skilnader er framståande. Kartleggingar av områdevariasjon viser variasjon i medisinsk praksis, og at helsetenester i stor grad er ulikt fordelt både internasjonalt og i Noreg. Mykje av […]

Informasjon om Folkehelsekoordinatorar i Kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

Oversikt og kontaktinformasjon over folkehelsekoordinatorar i kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er nå tilgjengelig på Samhandlingsida, under menyen Folkehelse. På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatorar bidra til å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid. Til stillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert følgde […]

Folkehelseprofilar for 2018 – skilnader mellom Førde, Sogndal og Flora

Folkehelseinstituttet (FHI) gjev årleg ut såkalla Folkehelseprofilar for fylka og kommunane. Desse består av 34 ulike nøkkeltal innanfor områda Befolkning, Levekår, Miljø, Skule, Levevanar og Helse/sjukdom (sjå figur under). I desse profilane vert det gjort samanlikning med landsgjennomsnittet (raud vertikal strek), og det vert anført om fylket/kommunen skil seg signifikant (statistisk sikkert) frå landsgjennomsnittet enten […]

NY INDIKATOR I SAMHANDLINGSBAROMETERET – BÆREKRAFTSBRØK

Endringar i befolkningssamansetning (demografi) skjer i mange land i dag. Det blir fødd stadig færre born pr. kvinne i vår del av verda, noko som fører oss mot ei stadig eldre befolkning. Med dette følgjer også endring av forholdet mellom dei som i utgangspunktet kan være yrkesaktive og dei som er over denne alderen (pensjonistar). […]

Samhandlingsnytt

I Samhandlingsnytt, Mai 2018, kan du lese om Lytteposten i Helse Førde, Digitalt hjelpemiddel for pasientmedverknad, Læringsarena knytt til psykisk helse og Prehospital plan. Les meir her; Samhandlingsnytt mai 2018 (002)

Kva treng ungdom frå behandlarane sine for å få utbytte av psykoterapi?

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde (og NORSE prosjektet) undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon. Psykiske helseproblem debuterer ofte i barne -og ungdomsåra, og utan god behandling synes desse å ved vare inn i vaksenlivet. Dessverre synes ungdom å vere ei spesielt utfordrande pasientgruppe i psykoterapi, ettersom mange droppar ut, og nokre vert verre […]

Samhandlingsnytt

I Samhandlingsnytt, April 2018, kan du lese om Helse Førde sin utviklingsplan for perioden 2018 – 2035, ny Interkommunal samhandlingskoórdinator, innovasjon og nyskaping i helsesektoren og Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Les meir her; Samhandlingsnytt april 2018 (003)

DEPRESSIVE SYMPTOM BLANT UNGDOM – DEPRESJON ELLER DEL AV LIVET?

Mediaoppslag om den psykiske helsa hjå ungdom gjev oss ofte inntrykk av at slike plager er sterkt aukande, og med tilhøyrande auke t.d. i medikamentell behandling. Særleg ofte høyrer vi at depressive plager aukar, særleg blant jentene. I Sogn og Fjordane har vi gjennomført skulekartleggingar i vidaregåande skular heilt tilbake til 1997 (Helse, miljø og […]

SOSIOØKONOMISKE HELSESKILNADER I DØDELEGHEIT – AUKAR DESSE?

Dødelegheit (mortalitet) er eit sentralt og robust folkehelsemål.  Helsedirektoratet skriv m.a.: «Målet er flest mulig gode leveår for alle, og reduserte sosiale helseforskjeller i befolkningen. Norge skal være blant de tre landene i verden med høyest forventet levealder». Å få utjamna sosioøkonomiske skilnader (altså mellom grupper med ulik utdanning og yrke) er ei særleg utfordring. […]

Oppdaterte KOSTRA-tal for 2017 i Samhandlingsbarometeret – rehabiliteringsplassar i kommunane

Samhandlingskonferansen for Sogn og Fjordane 2018 var godt besøkt og eit av hovudtema denne gongen var habilitering/rehabilitering. I helsevesenet har det tradisjonelt vore mest fokus på undersøking og behandling, medan den viktige rehabiliteringsdelen gjerne har vore mindre vektlagt. Helsedirektoratet utarbeidde Opptrappingsplan for rehabilitering etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.  I denne ligg det også forslag […]