Oppføringer av

Tobakksepidemien på hell blant dei unge – ein suksess i det førebyggande folkehelsearbeidet

I seinare tid har ein i media kunne lese om at tobakksrøykinga nesten er blitt borte blant norske ungdommar, basert på resultat frå den siste UngData-undersøkinga. Ein minnast den norske røykelova sin «far», Dagfinn Høybråten, som kjempa denne gjennom i 2004, til dels mot betydeleg motstand frå ulike hald, inkludert den kjende samfunnsmedisinaren Per Fugelli. […]

Fokus på tannhelse i Samhandlingsbarometeret

Ansvaret for tannhelsetenesta har over tid lege under fylkeskommunalt nivå, og utdanningane har også i hovudsak vore sjølvstendige i høve dei andre helseutdanningane. I seinare tid har det vore diskusjonar om tannhelsetenesta bør bli ein integrert del av det ordinære helsetilbodet evt. som del av kommunehelsetenesta. Det er allmenn semje om at tannhelsa er ein […]

Samhandlingsnytt for september

Samhandlingssjefen i Helse Førde har sendt ut Samhandlingsnytt for september. Her kan du lese om sjølvhjelpsgrupper, nasjonal pilot for legevakttenester og om kvalitetskonferansen.   Samhandlingsnytt – September 2018  

Røyking blant gravide i Sogn og Fjordane

Røykeslutt er eit viktig område i det førebyggande arbeidet. Særleg gjeld dette hjå gravide, der også fosteret blir negativt påverka. Kvinner som ikkje røyker eller snuser har mindre risiko for ei rekke komplikasjonar i graviditeten. Sogn og Fjordane har tradisjonelt lege lågt på røykevaner; noko som kan ha bidrege til at gjennomsnittleg levealder har vore […]

Hjerteinfarkt i Sogn og Fjordane

Akutt hjerteinfarkt skuldast i hovudsak tiltetting av blodårane som går til hjertemuskulaturen, og fører då til oksygenmangel og skade/død av delar av denne. Det er ein alvorleg og ofte dødeleg sjukdom som mest har råka menn. Førekomsten steig i perioden etter krigen, og har vore ein frykta sjukdom i befolkninga. Dei to utkantfylka Finnmark og […]

Cannabisbruk blant ungdom i Sogn og Fjordane

I seinare tid har det vore mykje merksemd og debatt nasjonalt rundt dei såkalla lette narkotiske stoffa hasj og marihuana. Stoffa har fram til i dag vore ulovlege, men ulike politiske parti, særleg ungdomsparti, har gått inn for legalisering av bruken (ei utvikling vi også har sett i andre land). UngData (NOVA) har i sin […]

Samhandlingsnytt august 2018

Samhandlingssjefen i Helse førde HF har nyleg sendt ut Samhandlingsnytt for august. Her kan du lese om interessant arbeid knytt til Interkommunalt samarbeid om felles bu- og omsorgssenter for psykisk sjuke, om Nettverksamling i september for oksygen-/lungekontakter, om Newborn Behaviorial Observation – eit opplæringsprogram i samspelsrettleiing rundt barn fra 0-3 mnd og om Erfaringskonferansen 2019. Samhandlingsnytt august […]

Sett av datoen – Erfaringskonferansen, torsdag 7. & fredag 8. februar 2019

Erfaringskonferansen vert arrangert anna kvart år i samarbeid mellom KS og Helse Førde HF. Her er det mogleg å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt i samhandlinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare […]

Fjerning av mandlar (tonsillektomi) i Sogn og Fjordane – klar nedgang over tid

Fjerning av halsmandlar har vore eit mykje utført kirurgisk inngrep over lang tid. Den største delen av pasientane er barn og unge, og inngrepet skjer i narkose (fullbedøving). Tidlegare var indikasjonen mest gjentakande halsbetennelsar, men etter kvart er også luftvegsproblem med snorking og evt. pustestopp kome inn som ein hyppigare indikasjon. Det vert arbeidd med […]

Samhandlingsnytt Juni & juli 2018

I samhandlingsnytt 2018 juni-juli, kan du lese om etablerer avdeling av Statens Barnehus for Sogn og Fjordane, Medisinsk avstandsoppfølging i Eid kommune, innføring av pasientforløpet NORPAL i Sogn og Fjordane og kurs i helsepedagogikk. Les meir her: Samhandlingsnytt juni og juli 2018