Arkiv

Tilvisingar frå fastlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har heilt frå starten i 2012 hatt opplysningar om tilvisingsomfanget frå dei einskilde fastlegane i fylket. No gjeld denne statistikken tilvisingar til spesialisthelsetenesta i Helse Førde, Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen. Tilvisingar til privatpraktiserande spesialistar og andre helseføretak, t.d. Helse Møre og Romsdal, er ikkje med. Det er to presentasjonsmåtar av […]

Fagseminar om « Tolking og bruk av helsestatstikk i små utval – utfordringar og moglegheiter»

15. mai arrangerte Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval. Temaet vart belyst gjennom føredrag frå fagfolk og forskarar frå ulike instansar, og det vart sett av tid til diskusjonar og synspunkt frå dei frammøtte. Seminaret […]

Rekruttering av sjukepleiarar til kommunar i Sogn og Fjordane

I 2040 vil Norge trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar, basert på ein rapport Samfunnsøkonomisk analyse har gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet. Befolkningsvekst, høgare levealder og aukande etterspørsel etter helsetenester, gjer at behovet er stort framover. Særleg har kommunehelsetenesta i mindre utkantkommunar hatt vanskar, og nyleg såg vi i media at også byen Florø mangla […]

KAD-statistikk kjem snart i Samhandlingsbarometeret (kommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp)

Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på det kommunale nivået i helsetenesta. Som følgje av dette vart det bestemt at kommunane skulle skaffe eit tilbod om øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger. Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling (observasjon, utgreiing og tiltak) […]

OPPDATERTE DATA OM FOLKETAL I SAMHANDLINGSBAROMETERET

Demografiske data (befolkningssamansetning og utvikling) er viktige grunnlagstal for mykje anna statistikk. Det er også grunnlag for overføring av økonomiske midlar frå staten til kommunane. Samhandlingsbarometeret har no fått inn dei nyaste tala frå SSB. I Noreg har det samla sett vore ein stor folketalsauke over seinare år. Dette har ikkje i same grad vore […]

Nytt Kommunalt Pasientregister (KPR) – kva diagnosegrupper får mest konsultasjonar?

For spesialisthelsetenesta har ein over tid hatt stor nytte av Norsk Pasientregister (NPR) og nytta opplysningar her til mange ulike føremål. Men for aktiviteten i kommunehelsetenesta har ein ikkje hatt noko tilsvarande register, og har difor ikkje hatt mykje opplysningar knytt til pasientbehandlinga. Særleg knytt til samhandlingsproblematikk er slike opplysningar av interesse. Helse- og omsorgsdepartementet […]

Økonomisk og sosial bakgrunn påverkar helsa

Det er større sosiale helseskilnader i Norge enn i mange andre europeiske land, særleg ser vi skilnader mellom utdanningsgruppene. Kvinner og menn med lengst utdanning lever 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning. Dess lengre utdanning og høgare inntekt ei gruppe har, dess høgare del av gruppa sine «medlemmer» […]