KOSTRATAL FOR 2019 ER PUBLISERT I SAMHANDLINGSBAROMETERET

KOSTRA-tal (saman med Kostragrupper) er no klare for 2019, og eit utval av desse variablane er lagt inn i Samhandlingsbarometeret. Dette er etter tidlegare fylke- og kommunestruktur, ikkje den som er gjeldande frå 2020 av.

Det kan vere av interesse å sjå på utviklinga i bruttokostnader pr. innbyggar til helse og omsorgsområdet i åra fram til utgangen av 2019.

Figur 1. Utvikling i bruttokostnader nasjonalt og i tidlegare fylke på Vestlandet

Vi ser at alle har ein klar auke i driftsutgifter til helse og omsorg i siste 5-årsperiod 2015-2019. Nasjonalt var denne auken på 24%, og i tidlegare Hordaland fylke er endringane i stor grad i samsvar med landet. Tidlegare Sogn og Fjordane hadde ein oppgang på 27% i denne perioden. Som vi ser er det markerte skilnader i kostnader mellom Rogaland og Sogn og Fjordane (kr 13 600 i skilnad pr. person). Dette mønsteret samsvarar også med at andelen eldre er stigande frå sør til nord på Vestlandet.

På kommunenivået finn vi enno meir markerte skilnader. Kommunane er svært ulike både i innbyggartal, demografi og geografi. For å gjere dei meir samanliknbare er dei inndelt i Kostragrupper, og gruppert langs tre ulike dimensjonar: Folkemengd, bundne kostnader og frie disponible inntekter per innbyggar. Dette blir m.a. gjort for at kommunane skal bli meir samanliknbare.

I Samhandlingsbarometeret kan ein sortere kostrastatistikken etter kostragruppene ved å trykke inne i ruta der det står Kostra-gruppe. Systemet vil då kunne sortere stigande eller synkande, sjå fig. under (Noreg og fylka har ikkje slik gruppering og får null).

Figur 2: Sortering på Kostra-grupper i Samhandlingsbarometeret.

Om vi ser på eit par eksempel på skilnader innan same kostragruppe frå Helse Vest området finn vi slik variasjon innan t.d. kostragruppe 2.

Figur 3 Brutto driftsutgifter helse- og omsorg i Kostragruppe 2 på Vestlandet for 2019

I hovudsak ligg desse kommunane over gjennomsnittet for Noreg, men vi ser likevel eit unntak. Men skilnaden mellom høgaste (Lærdal) og lågaste (Rennesøy) er stor, og 2,8 gonger større for Lærdal sitt vedkommande.

 

Figur 4 Tilsvarande finn ein for Kostragruppe 13 på Vestlandet:

For Kostragruppe 13 ser vi at fleirtalet ligg under det nasjonale nivået, og skilnaden mellom lågaste (Sola) og høgaste (Haugesund) er også klart mindre, 1,4 gonger forskjell.

I kostragruppe 16 finn vi dei ti kommunane i landet med høgast frie disponible inntekter per innbyggar. Det er t.d. små kommunar med høge kraftinntekter. Halvparten av desse kommunane ligg på Vestlandet, og utgiftsnivået hjå desse er som følgjer.

Figur 5 Kostragruppe 16 på Vestlandet

Oppsummering:

-Kostratal er basert på kommunane si rapportering, og kvaliteten på denne vil såleis kunne variere.

-Inndeling i ulike Kostragrupper skjer for å lettare kunne samanlikne kommunar, men fangar nok ikkje alle dei mange skilnadane mellom kommunane i Noreg.

-2020 vil bli eit særleg kostbart år for helse- og omsorgsdelen i kommunane grunna Koronakrisa, men også i dei fem åra fram til 2019 var det ein markert auke i utgiftene (rundt 25%).

-Det er betydelege skilnader mellom kommunane også innanfor same kostragruppe, og mest for mindre kommunar.

-Vestlandet har halvparten av kommunane med høgast nivå av frie inntekter pr. innbyggar. Kostnadsnivået hjå desse er svært høgt.

-Mykje av kostnadsnivået er nok bestemt av alderssamansetninga (demografien), og framover får vi den store auken i eldrebefolkninga. Dette vil truleg føre til ein stor auke også vidare framover i kostnader på dette området.

Av Hans Johan Breidablik

Pasientane våre får tilbod om videokonsultasjonar

 

For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg.

– Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar er eit viktig tiltak for å redusere smitterisikoen i sjukehusa, men òg å sikre at pasientane får eit trygt og frivillig alternativ for kontakt med sin behandlar, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.

Alle som har erfaring med  bruk av offentlege tenester nett, vil meistre denne løysinga. God rettleiing i bruk av video-tenesta er publisert på Helse Førde sine nettsider. Det er også tilbod om brukarrettleiing via telefon.

Videokonsultasjonen startar i innkallingsbrevet som blir sendt pasienten digitalt
Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset. Innkallinga vert sendt til pasienten si side på Helsenorge.no. Når pasienten opnar brevet vil det ligge ei aktiv lenke til videokonsultasjonen i innkallinga.

– Behandlaren vurderer om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. Dersom pasienten ikkje kjenner seg komfortabel med konsultasjon på video er det lov å takke nei og be om anna løysing, seier Kleiven.

Videokonsultasjonar treng ikkje anna utstyr enn det folk flest har
Pasienten kan logge seg inn, og kople seg på videokonsultasjonen på via smarttelefon, PC eller nettbrett.

Det er fordelar og ulemper med dei dei fleste digitale tenestene, men med videokonsultasjonar kan pasienten vere heime og verne seg sjølv og andre mot smitte, og likevel få ein god konsultasjon med behandlaren sin.

Meir informasjon om å kople seg opp til videokonsultasjon, finn du her: https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno#oppkopling-til-videokonsultasjonen

 

Fortløpande informasjon og status om samhandling rundt Covid-19