Studentar i praksis hjå Samhandlingsbarometeret. Sjukepleiestudentar har undersøkt antibiotikabruk i kommunene

Samhandlingsbarometeret har i mai/juni hatt fire sjukepleiestudentar i praksis i «Helsefremmande og førebyggande fag» frå Campus Førde i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane har teke utgangspunkt i data frå variabelen Antibiotikabruk i kommunane.

Høg antibiotikabruk og tilhøyrande risiko for resistensutvikling mot dei vanlege antibiotika er eit problem som dei siste åra har fått auka fokus både nasjonalt og internasjonalt. Her i landet har ein fått ein Nasjonal handlingsplan for antibiotikabruk har som m.a. har mål om at gjennomsnittlig utskriving av antibiotika skal reduserast til 250 reseptar pr. innbyggar per år innan 2020.

Figur 1 viser antal reseptar pr. 1000 innbyggarar i kommunane i Sogn og Fjordane i 2017, som er det siste året vi har data for (samla tal for fylket gult, og Norge oransje). Målet er å komer ned i 250 pr. 1000 innb.

Studentane valde tre aktuelle kommunar i fylket, ein som ligg høgt på antibiotikabruk og to som ligg lågt. I intervju med kommunelegene i dei tre kommunane fekk studentane kunnskap om lokale rutinar og haldningar til antibiotikabruken.

Studentane fann i sine intervju m.a. følgjande:
› Alle dei tre kommunane mangla apotek i eigen kommune, slik at antibiotika for ein del vert delt ut frå eit lokalt lager ved legekontoret.
› Berre antibiotika som vert skriven på eigen resept av legen til pasient og henta ut frå apotek er med i statistikken (frå det nasjonale Reseptregisteret).
› Kommunelegene var svært bevisste på sin eigen antibiotikapraksis og tilhøyrande fare for resistensutvikling.
› Ingen av kommunelegene hadde så langt nytta seg av anbefalingar om maksimalt ti dagar gyldigheit på antibiotikareseptar.
› Ingen av kommunelegane hadde opplevd spørsmål/ interesse frå administrativ leiing eller politisk hald i kommunen knytt til dette temaet.

Studentane konkluderer i si oppgåve med at:
«Når kun antibiotika delt ut fra apotek kommer med i statistikken er det fare for mørketall i kvalitetsindikatoren. Dette er fordi legekontorene deler ut deler av sin antibiotika direkte fra legekontoret. Per i dag ligger fylket under gjennomsnittet i landet på antall antibiotikaresepter per 1000 innbyggere, men dersom de reelle tallene ble tatt med i betraktning, kan dette tallet være høyere. Reduksjon i antibiotika bruken er en nasjonal strategi, og interesse fra ledere og politikere på kommunalt nivå er viktig for å kunne nå nasjonale mål. I kommunen studentene har hatt fokus på ser det ut til at kommunelegene er de som «drar lasset» alene.»
Figur 2 viser ei oversikt over den registrerte antibiotikabruken i kommunane der dei som har apotek er markert med rødt.

Som figuren illustrerer er det ein trend mot at kommunar utan lokalt apotek ligg lågare på statistikken, men det er også unntak frå dette.

Vi i Samhandlingsbarometeret vil takke kommunane for at dei har teke godt imot studentane som har hatt praksis hos oss. Vi takkar også studentane for eit godt samarbeid, og for å ha sett nærare på eit så viktig tema. Vi ønsker dei lykke til vidare.

Folkehelseindikatorar – oppdaterte tal i Samhandlingsbarometeret

Kommunane er pålagde å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga, påverkningsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Dette for å planlegge og gjennomføre effektive og målretta tiltak mot dei lokale utfordringane i folkehelsearbeidet.

Det kan vere krevjande for kommunane å finne fram til og velje ut relevant statistikk og data. Saman med m.a. representantar frå nokre kommunar, fylkeskommunen og fylkesmannen har Samhandlingsbarometeret valt ut ei rekkje indikatorar som mellom anna kan vere til hjelp for kommunane i arbeidet. I Samhandlingsbarometeret finn du indikatorar knytt til følgjande område som gjeld folkehelse:

1. Befolkningsamansetning (demografi)
2. Oppvekst og levekår
3. Fysisk biologisk, kjemisk og sosialt miljø
4. Skader og ulykker
5. Helserelatert åtferd
6. Helsetilstand

Folkehelseindikatorane vi publiserer er basert på data frå ulike kjelder, t.d. folkehelseinstituttet og SSB, og vert oppdatert årleg med nyaste tilgjengelege tal. Oppdateringa skjer hovudsakleg på våren og har nyleg blitt gjort i Samhandlingsbarometeret. Vi jobbar heile tida med å halde indikatorane oppdaterte ettersom det kjem nye data frå kjeldene. For nokre av indikatorane er det noko endring i definisjonen (nye berekningsmåtar). Hugs difor å lese definisjonen til den aktuelle indikatoren for å få ei riktig forståing av tilhøyrande data.

Døme på indikator: Fråfall i vidaregåande skular. Elevar som ikkje fullfører vidaregåande skule har klart større risiko for å møte ulike utfordringar seinare i livet og ein forsøker med ulike tiltak å få ned denne andelen.

Som figuren illustrerar har Sogn og Fjordane over tid hatt mindre fråfall i vidaregåande skular enn landet som heilheit, men skilnaden har avteke noko over tid.
Det er klare skilnadar mellom eksempelkommunane Vik og Bremanger med høvedsvis 9% og 21% fråfall i siste perioden frå 2015-2017.
Årsakene til dette er nok mangearta, og Barometeret kan ikkje gje svara på dette.

Tilvisingar frå fastlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har heilt frå starten i 2012 hatt opplysningar om tilvisingsomfanget frå dei einskilde fastlegane i fylket. No gjeld denne statistikken tilvisingar til spesialisthelsetenesta i Helse Førde, Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen. Tilvisingar til privatpraktiserande spesialistar og andre helseføretak, t.d. Helse Møre og Romsdal, er ikkje med.

Det er to presentasjonsmåtar av statistikken, totaltal tilvisingar pr. lege, og ein rate pr. 1000 på legen si pasientliste. Vidare er det delt inn i planlagde (elektive) og øyeblikkeleg hjelp tilvisingar for innlegging og for poliklinikkar.

Dersom vi ser på totale tilvisingar berre til Helse Førde over perioden 2009-2017 får vi dette mønsteret:

Det har vore ein klar auke av tilvisingar til poliklinikk i perioden. I 2017 var det nærare 500 tilvisingar pr. 1000 innbyggarar i fylket berre til Helse Førde sine poliklinikkar. For ø.hj. innleggingar (dei fleste innleggingar) er talet stabilt over tid og rundt ¼ så mange som til poliklinikkar.

Når vi så ser på omfanget av tilvisingar pr. lege (her er også Helse Bergen og Haraldsplass inkludert) får vi følgjande fordeling:

Vi ser ein betydeleg variasjon mellom fastlegane i volumet av tilvisingar i 2018. Det kan vere mange grunnar til dette, som t.d. at legen har ei særleg krevjande pasientliste med mange eldre og kronisk sjuke. Andre tilhøve som vil påverke talet på tilvisingar er om legen har hatt redusert praksis det aktuelle året grunna permisjonar, sjukdom, vidareutdanning eller anna. Nye fastlegar vil ofte ha kort listelengde første tida, og då ofte kunne arbeide med andre fastlegar sine pasientar. Turnuslegar og andre i kommunen sine tilvisingar er ikkje med i statistikken her.

For å korrigere for dette er det i figuren over berre inkludert fastlegar som har arbeidd i minst 2 år samanhengande, og som har minst 50 tilvisingar i 2018. Variasjonen er likevel nærare 7 gonger mellom dei som tilviser minst og mest. Truleg kan dette også ha med ulike måtar å innrette praksisen sin på, noko som kan innebere at pasientar kan få ulikt tilbod frå spesialisthelseteneste avhengig av kven dei har til fastlege.

Framstillinga viser variasjonar mellom einskildlegar i kommunane i Sogn og Fjordane, og Barometeret går ikkje ut med namn på legen. Alle legane har ein tilfeldig kodenøkkel, og kvar lege kan få kjennskap til eigen tilvisingsrate, og slik sett sjå sin eigen praksis opp mot eit gjennomsnitt for fylket. Målet er slik at ein gjennom kjennskap til variasjonane, vil kunne stimulere til refleksjonar omkring eigen praksis.