Kan sjølvopplevd helse i ung alder predikere tidlig død?

Sjølvopplevd helse, også kalla subjektiv eller sjølvrapportert helse (SRH), er eit mykje brukt helsemål som har vist sterk samanheng med forbruk av helsetenester, sjukdom og død. Dei fleste studie er gjort på den eldre del av befolkninga, og det finns få studie som har undersøkt om sjølvopplevd helse i ung alder heng også saman med tidleg død.
Forskarar, bl.a. frå Helse Førde, har difor undersøkt denne problemstillinga nærare i ein nyleg publisert studie. Basert på data frå 23 679 personar frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) kopla til data frå Dødsårsakregisteret (DÅR), vart det undersøkt i kva grad sjølvopplevd helse i ung alder (13-35 år) kan predikere tidleg død (før 54 år). Samanhengen mellom sjølvopplevd helse og spesifikke dødsårsaker vart også undersøkt.

Resultata viste at sjølvopplevd helse i ung alder heng klart saman med totaldødelegheit i ung voksen alder. Deltakarar som svarar “dårleg” sjølvopplevd helse ved oppstart hadde omlag dobbel så stor risiko for død samanlikna med dei som rapporterte “god” helse. Samanhengen vart noko mindre, men framleis til stades, når det vart teke omsyn til alder, kjønn og status for røyking, fysisk aktivitet og fysiske og mentale funksjonsvanskar ved studiestart. Dødsårsakene varierte også for ulike nivå av sjølvopplevd helse. Dei fleste dødsfall for dei som rapporterte “veldig god” helse var primært knytt til død av kreft (34%) og ulike ytre dødsårsaker (30%). Dødsårsakene var meir variert for dei med “ikkje så god” og “dårlig” helse, med sjølvmord (23%), ulike ytre årsaker (21%) og ukjente dødsårsaker (17%) som dei mest framtredande.

Denne kunnskapen er viktig for å identifisere grupper med risiko for seinare sjukdom, og såleis eventuelt førebygge tidlig død i den vaksne befolkninga.
Meir om studien finn du her.

Av Tina Løkke Vie

Fagseminar om «Tolking og bruk av helsestatistikk i små utval – utfordringar og moglegheiter».

Det kan vere utfordrande å vurdere både kvalitet og betyding av helsestatistikk. Dette er gjerne meir utfordrande i små utval som i mindre kommunar og ved sjeldne tilstandar. Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde arrangerer i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval.

Målet med fagseminaret er at du skal få ei forståing for korleis ulike helsedata blir til og korleis dei kan tolkast på ein balansert og nyttig måte. Framtidsretta analysemetodar der ein ser på korleis mange ulike faktorar dannar tolkbare mønster, heller enn å berre sjå på einskildfaktorar, blir presentert og drøfta.

Målgruppa er forskarar, studentar og andre som jobbar med helsestatistikk i små kommunar eller i forskingsstudiar med små utval. Det vert lagt opp til at deltakarane på seminaret kan delta aktivt med spørsmål og i plenumsdiskusjonar.

Forskarar frå Folkehelseinsituttet, Høgskulen på Vestlandet, Samhandlingsbarometeret og Universitetet i Bergen bidreg med førelesingar om temaet.

Program

Meld deg på her (gratis)

Tid: 15. mai, kl 9.00-15.00

Stad: Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde

Arrangør: Forskargruppa folkehelse, livsstil, overvekt (Høgskulen på Vestlandet/Helse Førde) i samarbeid med Samhandlingsbarometeret

Rolf Sanne-Gundersen leiar Samhandlingskonferansen 2019

Du kjenner han sikkert frå mediebiletet og samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane ? Men visste du at Rolf Sanne-Gundersen faktisk blei uteksaminert frå lærarhøgskulen i Sogndal i 1988, og at han ikkje har praktisert ein einaste time som lærar ?

Han starta heller som journalist, og har hatt sitt virke i Sogningen Sogn Avis, Firda, Dagbladet, TV2 og NRK. Sanne-Gundersen har vore journalist, programleiar, vaktsjef, redaksjonssjef, Dagsrevysjef og distriktsredaktør (6 år). Har også eit år som administrerande direktør i selskapet Bano og sjølvstendig næringsdrivande i selskapet Tydeleg.no.

Sidan mars 2016 har han vore dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS. Her arbeider han med å legge til rette for utvikling, skape arbeidsplassar, hjelpe grûnderarar i gang, drive samfunnsutviklingsprosjekt og jobbe med prosjekt som kan betre bustadattraktiviteten. Alt dette med fokus på helse og trivsel, smil og glede som berande verdiar.

Onsdag 3. og torsdag 4. april vil Rolf Sanne-Gundersen med stødig hand, glimt i auget og snert i replikken leie og knyte saman Samhandlingskonferansen 2019 ! Håpar du blir med. Ta gjerne med ein kollega også ! Meir informasjon, program og påmeldingsside finn du her

Årets samhandlingskonferanse løftar blikket og utvidar perspektiva når ein ser nærare på framtidas pasient og den moderne helsearbeidaren. Gjennom ulike tilnærmingar ser ein på kva dette kan innebere av nye roller, nye oppgåver, nye moglegheiter og nye dilemma, både etisk og fagleg !

Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, fylkeskommunen og fylkesmannen, brukarrepresentantar, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, i spesialisthelsetenesta, utdanningsinstitusjonane og andre interesserte.
Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt på tvers av kommunegrenser og sektorar for denne store gruppa brukarar, fagfolk og leiarar.

Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet (HVL).

 

Av Stig Igland

Foto: David Zadig