Samhandlingsnytt november 2018

Helse Førde sitt Samhandlingsnytt for november 2018 omhandlar KOLS. Her kan du lese om forsking rundt det er å leve med KOLS og møtet med helsevesenet. Ei forskargruppe leiar av Anne-Grethe Halding ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde har gjennomført fleirårig samarbeidsforsking med brei brukarinvolvering.

Du kan også lese om utviklinga av innovasjonsprosjektet «Pust deg betre» som vart omtalt i Samhandlingsnytt i februar i år.

Samhandlingsnytt november 2018

Nesten 4 års skilnad i leveutsikter på kvar side av Lærdalstunellen

Levealder

Forventa levealder ved fødsel er eit sentralt folkehelsemål. Generelt har vi hatt ei stadig auke i denne over tid. Samtidig har vi sett frå Oslo at det er store skilnader mellom unike bydelar når det gjeld leveutsikter. For menn har ein no skilnader på rundt 7 år mellom bydelar, men skilnadane har her vore avtakande gjennom dei seinare åra. For kvinner er skilnadane no rundt 6 år.

Samhandlingsbarometeret har nyleg teke inn variabelen «Forventa levealder ved fødsel» for kommunane i Sogn og Fjordane. Det er av interesse å sjå i kva grad det er skilnader lokalt også i dette fylket som har ei meir homogen befolkning enn det vi finn i hovudstaden.

Fig. 1. Forventa levealder ved fødsel menn/kvinner i Noreg, Sogn og Fjordane samla og dei to nabokommunane Lærdal og Aurland

Vi ser ein jamn auke i forventa levealder for menn i Sogn og Fjordane, men auken er mindre enn samla for Noreg. I siste periode (2002-2016) skil det berre 0,6 år i favør av vårt fylke. For menn i dei to nabokommunane Lærdal og Aurland er det imidlertid ein markert skilnad på 3,8 år. I Lærdal har levealderen auka til 81,4 år, medan menn i Aurland knapt har hatt nokon auke over tid, og ligg på 77,6 år.

For kvinner har Sogn og Fjordane samla ein jamn auke på linje med landstalet, og med 1,2 år i favør av Sogn og Fjordane. Og for kvinner i Lærdal ser vi ei motsett utvikling over tid, medan kvinner i Aurland har hatt ein markert auke. Likevel ligg både Lærdal og Aurland under gjennomsnittet for Sogn og Fjordane.

Tidleg død

Eit anna liknande folkehelsemål er omfanget av tidleg død. Dette omfattar personar som døyr tidlegare enn vanleg forventa i alderen 0-74 år, og har då også i seg årsaker som kan være førebyggbare i noko grad.

Fig. 2. Tidleg død (0-74 år) alle årsaker (rater pr. 100 000)

Igjen ser vi at menn i Aurland har tydeleg aukande dødelegheit, medan menn i Lærdal har avtakande dødelegheit over tid. For kvinner er det igjen motsett tendens med klart avtakande dødlegheit for kvinner i Aurland, men ikkje for kvinner i Lærdal.

Den hyppigaste dødsårsaka i mange land er knytt til hjerte- og karsjukdommar. Det er difor av interesse å sjå om vi finn same utviklingstrekka for denne dødsårsaka i dei to kommunane.

Fig. 3. Tidleg død av hjerte-karsjukdom nasjonalt og i Aurland og Lærdal

Det er klart fallande dødelegheit av denne sjukdomsgruppa over tid, og mest for menn sitt vedkomande. For menn i Lærdal er denne utviklinga markert i positiv retning, medan den ikkje har vore til stades hjå kvinner (slik sett har kvinner gått i negativ retning over tid når ein samanliknar med den nasjonale utviklinga). Menn i Aurland har hatt noko nedgang, medan tala for kvinner i Aurland er for små til å bli vist.

Årsakene til at utviklinga er slik er truleg samansette, men Samhandlingsbarometeret kan ikkje seie noko nærare om dette.

Korleis går det når luftambulansen ikkje kan komme?

Treatment, transport, and primary care involvement when helicopter emergency medical services are inaccessible: a retrospective study

Dag Ståle Nystøyl, Steinar Hunskaarb, Hans Johan Breidablik, Øyvind Østerås and Erik Zakariassen.

I samband med prosjektet «framtidas lokalsjukehus» i Nordfjord vart det gjort endringar i den kirurgiske akuttberedskapen, noko som skapte mykje debatt og motstand lokalt. Sjølv om alvorlege hastehendingar ofte blir teke hand om av luftambulanse/redningshelikopter, så er det ikkje alltid at denne kan kome, t.d. grunna vanskelege værtilhøve. Av den grunn vart det i prosjektet løyvd midlar til eit følgjeforskingsarbeid der ein skulle sjå på korleis det gjekk med dei pasienttilfella der ein ikkje kunne få fram luftambulansen, men måtte bruke det ordinære systemet med bilambulanse. Det er så langt arbeidd to forskingsartiklar. Den eine er no publisert i Scandinavian Journal of Primary Health Care.

Utgangspunktet var ein gjennomgang av alle luftambulanseoppdrag som måtte avlysast i perioden 2010-2013. Dei utgjorde 172 oppdrag med til saman 180 pasientar, der dei viktigaste årsakene var akutt hjartesjukdom, hjerneslag og skadar. 2/3 var primæroppdrag til hendelses-staden og resten var overflytting frå eit sjukehus til eit anna (sekundæroppdrag).

Den eine, artikkelen, som førebels ikkje er publisert, tek føre seg konsekvensar i form av tapte leveår for dei pasientane det galdt, medan artikkelen her ser på kva behandling og involvering frå primærhelsetenesta desse pasientane fekk.

Det viste seg at i heile 95% av primæroppdraga vart kommunal legevaktslege varsla, og desse deltok i undersøking/behandling i 62% av tilfella. Om lag i 1/3 av desse tilfella følgde legevaktslegen med ambulansen til sjukehus. Elles var det oftast ambulansearbeidar som følgde pasienten vidare frå hendelsesstad til sjukehus (121 av 180 tilfelle), men også anestesilege, jordmor og anestesisjukepleiar var involverte i nokre av tilfella. I 41% av tilfella vart det ikkje gjeve nokon spesifikk behandling utover surstoff under transportane. I overflyttingsoppdraga til større sjukehus fekk 10% aktiv pustestøtte.

Studien konkluderer med at både ambulansearbeidarar og legevaktslegar har viktige rollar i dei tilfella då luftambulanse ikkje kan kome til staden.

Les meir: https://www.readbyqxmd.com/read/30296878/treatment-transport-and-primary-care-involvement-when-helicopter-emergency-medical-services-are-inaccessible-a-retrospective-study