Fjerning av mandlar (tonsillektomi) i Sogn og Fjordane – klar nedgang over tid

Fjerning av halsmandlar har vore eit mykje utført kirurgisk inngrep over lang tid. Den største delen av pasientane er barn og unge, og inngrepet skjer i narkose (fullbedøving).

Tidlegare var indikasjonen mest gjentakande halsbetennelsar, men etter kvart er også luftvegsproblem med snorking og evt. pustestopp kome inn som ein hyppigare indikasjon. Det vert arbeidd med å få i stand eit norsk kvalitetsregister på området.

Inngrepet er eit av dei første der ein såg uforklarlege lokale variasjonar i omfang. Pasientar og pårørande har vist seg i stor grad å være nøgde med inngrepet, medan ein i kunnskapsoppdateringar har vore meir blanda når det gjeld vurderingar av kva nytte inngrepa har. Ein varierande andel av inngrepa skjer i private institusjonar (sjå figur 2 under).

I eit stort forskingsarbeid med opptil 30 års oppfølgjing frå Danmark er det funn som kan tyde på at ein kan ha uheldige verknader av inngrepa på lang sikt. Lenke til denne: https://jamanetwork.com/journals/jamaotolaryngology/fullarticle/2683621

I Utposten, som er eit medisinsk tidsskrift for norsk allmennmedisin, er det nyleg  publisert ein artikkel med utgangspunkt i eit arbeid som er gjort i Sogn og Fjordane, med tittelen «Praksisvariasjon for tonsillektomi.» (Dunseth, Halvorsen, Breidablik, Meland. Utposten nr. 4 – 2018).

I samandraget frå artikkelen står det følgjande:

«BAKGRUNN: Tonsillektomi er et inngrep med stor geografisk variasjon. Vi undersøker variasjonen; i hvilken grad det skjer endringer over tid; og i hvilken grad fastlegers holdninger og henvisningspraksis og omfanget av private tilbydere er assosiert med inngrepsfrekvensen. MATERIALE OG METODE: Data er hentet fra Norsk pasientregister (NPR) og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE). Spørreskjema ble sendt elektronisk til 627 fastleger (svarprosent 31) og til 58 ØNH-avdelinger og avtalespesialister (svarprosent 43). RESULTATER: Inngrepshyppigheten var 267 prosent høyere i regionen med høyest inngrepsfrekvens sammenliknet med regionen med lavest. Fastlegenes opplevelse av å få tilbakemelding fra ØNH-spesialistene om avventende observasjon samvarierte med inngrepsfrekvensen Vi fant en tendens til negativ samvariasjon mellom totalt antall tonsillektomier og den private andelen av utførte inngrep. På nasjonalt nivå endret inngrepsfrekvensen seg ikke. Et stort flertall av ØNH-spesialistene anga at nasjonale indikasjonskriterier ville vært viktig (83 prosent). FORTOLKNING: Praksisvariasjonen er stor og fastlegenes opplevelse av ØNH-spesialistenes anbefaling om avventende observasjon var assosiert med inngrepsfrekvensen. Dette kan berettige nasjonale retningslinjer og fokus på lik praksis når det gjelder råd om avventende behandling kontra tonsillektomi.»

Vi ser av figuren over at omfanget i Helse Førde-området i perioden 2011-2014 ligg noko over resten av Helse Vest-området når det gjeld omfanget av slike inngrep, og at svært få av desse blir utførte i private institusjonar.

I Samhandlingsbarometeret har ein heilt frå starten i 2011 sett på omfanget av operasjonar i alderen opp til 18 år i Sogn og Fjordane. Dei aller fleste blir her opererte ved Øyre-Nase-Halsavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

I figuren under ser vi utviklinga over tid for vårt fylke. Det er som den stipla trendlinja viser, ein klar nedgang i omfanget av desse inngrepa over tid.

Samhandlingsnytt Juni & juli 2018

I samhandlingsnytt 2018 juni-juli, kan du lese om etablerer avdeling av Statens Barnehus for Sogn og Fjordane, Medisinsk avstandsoppfølging i Eid kommune, innføring av pasientforløpet NORPAL i Sogn og Fjordane og kurs i helsepedagogikk. Les meir her:

Samhandlingsnytt juni og juli 2018

STOR VARIASJON I BRUK AV PSYKISK HELSEVERN I SOGN OG FJORDANE – ny vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforening, frå H.J. Breidablik, Helse Førde og E. Meland, Universitetet i Bergen

Lik tilgang på helsetenester, uavhengig av bakgrunn og bustad, er eit sentralt prinsipp i norsk helsevesen. Likevel syner både tidlegare forsking og etablering av ulike «Helseatlas» at geografiske skilnader er framståande. Kartleggingar av områdevariasjon viser variasjon i medisinsk praksis, og at helsetenester i stor grad er ulikt fordelt både internasjonalt og i Noreg. Mykje av merksemda omkring slik variasjon har teke utgangspunkt i somatiske delar av helsetenesta, og sjeldnare frå det psykiske helsevernet.

Studien hadde følgjande problemstillingar:

  1. Er det kommunevise variasjonar av pasient- og konsultasjonsrater knytt til sentrale diagnosegrupper innan det psykiske helsevernet for   vaksne (PHV) og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)?
  2. Er det variasjon mellom dei ulike distriktspsykiatriske sentra (DPS) i Sogn og Fjordane?
  3. I kva grad det var samanheng mellom tilvisingshyppigheit frå primærhelsetenesta og omfanget av behandling som vart gjeve av spesialisthelsetenesta for born og unge i fylket?
  4. Er reisetida til næraste DPS assosiert med pasientratene i PHV og BUP?

Korte konklusjonar:

  • Innbyggjarane sin bustadkommune spelar ei viktig rolle for i kva grad pasientar med same lidingar får tenester frå spesialisthelsetenesta eller ikkje.
  • Også omfanget av hjelpa frå spesialisthelsetenesta varierer frå kommune til kommune.
  • Stor variasjon utover naturlege lokale skilnader i sjukelegheit kan tyde på at både over- og underbehandling i spesialisthelsetenesta skjer parallelt.
  • Vi har vist at primærhelsetenesta sannsynlegvis er ein minst like sterk generator av uheldig praksisvariasjon som spesialisthelsetenesta.
  • Utfordringane kan neppe løysast utan auka merksemd på samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenestene.

Fig. 1: Eksempel som viser skilnader mellom kommunane (koda med bokstav/tal) for tilstanden ADHD der søylene viser andel (rate) av barnebefolkninga med diagnosen, og kurva (med trendlinje) kor mykje konsultasjonar desse har fått i spesialisthelsetenesta over ein 4-årsperide.

For dei som vil lese heile artikkelen kan følgjande lenke brukast: http://www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=509942&a=3

Informasjon om Folkehelsekoordinatorar i Kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

Oversikt og kontaktinformasjon over folkehelsekoordinatorar i kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er nå tilgjengelig på Samhandlingsida, under menyen Folkehelse.

På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatorar bidra til å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid. Til stillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert følgde opp i kommunen, samt ansvar for det lovpålagde arbeidet med å ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helse. Å hindre, eller utjamne, sosiale skilnader i helse er ei særleg viktig oppgåve i folkehelselova.

Folkehelsekoordinatorstillinga i kommunane har vore endra gjennom åra og innhaldet i stillinga og plassering i organisasjonen er til dels ulik i kommunane.  Nokre kommunar vel å ha kontaktpersonar for folkehelse, og ikkje ei folkehelsekoordinatorstilling. Dei grunngjev dette med  at folkehelselova og «helse i alt vi gjer» er eit tverrsektorielt ansvar  kommunen har, og som alle må fylgje opp i planlegging, forvaltning og tiltaksarbeid.

Nyleg oppdatert liste over folkehelsekoordinatorane i kommunane finn de her: https://samhandling-sfj.no/3393-2/

Dei leiande tannpleiarane har saman med administrasjonen i tannhelsetenesta også ansvar for å ivareta og sikre at folkehelsearbeidet i regionen vert fylgt opp etter vedteken folkehelseplan. I dette ligg ansvar for å planlegge og evaluere det årlege folkehelsearbeidet, sikre at alle tannklinikkane føl opp sitt ansvar i samarbeidsavtalane som er inngått med samarbeidspartar, informere/vidareformidle fagleg utvikling, samt gje rettleiing og avlastning til tannklinikkar som har behov for det.

Rådgjevande tannlege har ei koordinerande rolle, og har ansvar for administrative oppgåver innanfor folkehelsearbeidet. Vedkommande hovudkontaktperson i tannhelsetenesta er den som er representant i ulike folkehelsefora som HOF, tannhelsetenestens folkehelsenettverk, internt i fylkeskommunen og mot eksterne partar som helsedirektoratet, andre fylker, fylkesmannen osv.

Oppgåver knytt direkte til folkehelse, er om lag 20% for kvar av dei leiande tannpleiarane. Rådgjevande tannlege er tilsett i 40% stilling i tannhelseadministrasjonen.

Ei oversikt over folkehelsekoordinatorane i tannhelsetenesta finn de her: https://samhandling-sfj.no/folkehelsekoordinatorar-tannhelsetenesta/

Folkehelseprofilar for 2018 – skilnader mellom Førde, Sogndal og Flora

Folkehelseinstituttet (FHI) gjev årleg ut såkalla Folkehelseprofilar for fylka og kommunane. Desse består av 34 ulike nøkkeltal innanfor områda Befolkning, Levekår, Miljø, Skule, Levevanar og Helse/sjukdom (sjå figur under).
I desse profilane vert det gjort samanlikning med landsgjennomsnittet (raud vertikal strek), og det vert anført om fylket/kommunen skil seg signifikant (statistisk sikkert) frå landsgjennomsnittet enten betre (grøn markering) eller dårlegare (raud markering).

For Sogn og Fjordane som heilheit skil fylket seg ut med ei rekke gode resultat i høve landsgjennomsnittet (12 grøne markeringar), og berre drikkevassforsyning og eigenrapportert overvekt for 17-åringar (før sesjon) kjem negativt ut.
Når ein bevegar seg ned på kommunenivå med mindre einingar vil mange av faktorane ikkje skilje seg signifikant ut også grunna mindre talgrunnlag. Vi har difor plukka fram dei tre største bykommunane i Sogn og Fjordane (Sogndal, Førde og Flora), for å sjå i kva grad desse skil seg både innbyrdes og i høve landsgjennomsnittet.

Sogndal er den kommunen som har best prognose i Sogn og Fjordane når det gjeld folkevekst framover, og er klart prega av å vere ein aktiv utdanningsstad med stort innslag av yngre personar. Mange studentar har nok bustadadresse i andre kommunar, og ikkje er med i statistikkgrunnlaget for Sogndal, men likevel er med på å prege miljøet på skulestaden.
Kommunen kjem godt ut på mange indikatorar for både levekår og helse/sjukdom i Folkehelsebarometeret. Til saman 18 indikatorar kjem ut med signifikant (statistisk sikkert) betre resultat enn landsgjennomsnittet. Berre for drikkevassforsyning og skadar behandla i sjukehus kjem kommunen signifikant dårlegare ut.

Førde som fylkessenter er den største av kommunane i folketal, og har over tid hatt noko vekst. Som vertsstad for Sentralsjukehuset og mykje anna tenesteytande næringsliv er befolkninga også noko yngre enn gjennomsnittet i mindre kommunar, og det er mykje pendlarar inn frå kommunane omkring. Også her er elevar og studentar ein viktig del av totalmiljøet. Kommunen vil bli del av ein klart større kommune etter gjennomføring av kommunereforma (Sunnfjord kommune).
Kommunen kjem i likheit med Sogndal bra ut på mange folkehelseindikatorar, og er signifikant betre på 16 ulike indikatorar. Berre for to indikatorar kjem kommunen dårlegare ut; skadar med sjukehusbehandling (som for Sogndal) og det å være med i fritidsorganisasjon for unge (Ung-Data 2017).

Flora kommune ligg på kysten og var frå eldre tid den første med bystatus i Sogn og Fjordane. Byen har hatt jamn vekst i folketal, og er ikkje i same grad prega av tenesteytande næringar og utdanningsinstitusjonar som dei to andre byane. Flora skal etter planen gå saman med Vågsøy kommune, og vert då del av ein større kommune etter kommunereforma (Kinn kommune).
Flora skil seg frå både Sogndal og Førde på Folkehelsebarometeret ved berre å ha 4 indikatorar der ein kjem signifikant betre ut enn landsgjennomsnittet (grøne markeringar). På negativ side er det heile 10 indikatorar der kommunen kjem dårlegare ut enn landsgjennomsnittet (raude markeringar). Blant desse finn ein t.d. færre som er nøgde med eiga helse (Ung-Data 2016), muskel- og skjelettlidingar og lungekreft. Vidare har kommunen eit lågare utdanningsnivå, og færre unge er fornøgde med lokalmiljøet sitt (UngData 2016).

Konklusjon: Ut i frå Folkehelseinstituttet sine 34 indikatorar på Folkehelsebarometeret for 2018 kjem Sogn og Fjordane generelt godt ut, og både Sogndal og Førde har mange sterke sider. For Flora viser Folkehelseprofilane utfordringar på fleire folkehelseområde.