Nye demografidata på Samhandlingsbarometeret

Endring i befolkningssamansetnad (demografi) er viktig å ta omsyn til i planlegging også på kommunenivå. I Barometeret har vi lagt inn ei oversikt over andel innvandrarar nasjonalt, i Sogn og Fjordane og kommunevis i 2016.

Medan andelen innvandrarar utgjorde 13,4 % av befolkninga i Noreg i 2016, var dette noko lågare i Sogn og Fjordane med i underkant av 10 %. To kommunar (Stryn og Balestrand) har større andel enn landsgjennomsnittet, og over tre gonger så stor andel som t.d. Askvoll.
Eit anna parameter er kor stor andel som flyttar inn til fylket og kommunane årleg og kor mange som flyttar ut. Dette vil seie noko om sirkulasjonen i befolkninga. Høg turnover vil generelt representere større utfordringar, men vi har ikkje data på aldersgrupper og om det er same personar som flyttar inn og ut.

Andelen som flytta til Sogn og Fjordane i 2016 var klart høgare enn for nabofylka, og det same var andelen som flytta ut. Sogn og Fjordane har difor større sirkulasjon i befolkninga dette året. Differanse mellom inn og utflytting medfører endring i folketalet.

Av Hans Johan Breidablik

Samhandlingsnytt oktober 2017

Samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, har sendt ut Samhandlingstnytt for oktober. Her kan du lese litt om viktige tema: medverknad for pårørande, Lærings- og meistringstilbod som reduserer bruken av helsetenestetilbod, endring i forskriftene om rehabilitering og habilitering, fagdag for ungdomsmedisin, kurs for kontaktsjukepleiarar i regi av Høgskulen på Vestlandet og tema for Samhandlingskonferansen 2018.

Samhandlingsnytt – Oktober 2017

Oppdaterte data innan Samhandling og antibiotikabruk

Under kategorien Samhandling er indikatorane Utskrivingsklare pasientar og Reinnleggingar innan 30 dagar no oppdatert. Desse indikatorarane blir oppdatert tre gonger årleg, og du kan no sjå tal frem til første tertial i 2017 for kommunane og for heile fylket. Sjå dei nye tala i Samhandlingsbarometeret.

I tillegg kan du finne tal for liggedøgn for utskrivingsklare pasientar som har venta på eit kommunalt tenestetilbod, sjå definisjon i Samhandlingsbarometeret. Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar (Fakturerbare) vert oppdatert månadleg.

I kategorien Kommunehelsetenesta har vi oppdatert tal for antibiotikabruk. Desse blir henta frå Helsedirektoratet sitt Reseptregister, og blir oppdatert årleg. Indikatoren Antibiotikabruk i kommunehelsetenesta viser tal for utskrivne reseptar med antibiotika per 1000 innbyggarar i kommunen og fylket til og med 2016.

Tal antibiotikareseptar kommunar pr. 1000 innb.  Lineær (Sogn og Fjordane) representerer trendlinje over tid for fylket. Balestrand har heile perioden lege under målsettinga (MÅL 2020).

 

Av Maria Holsen

Tidlegare samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, saknar Samhandlingsbarometeret

Felles styringsinformasjon for god samhandling

Eg ser til mi store glede at Samhandlingsbarometeret utviklar seg vidare, og at denne statistikken er sett inn i ein samanheng med annan relevant styringsinformasjon på nettsida samhandling-sfj.no. Denne framstår som ein ryddig, oversiktleg og nyttig nettstad.

Det er no over eitt år sidan eg avslutta mi karriere som samhandlingssjef i Helse Førde. Som leiar innan helse og omsorg i ein kommune på Austlandet har eg fått erfaring med andre helseføretaksområde. Og det kan eg seie – her saknar eg noko som liknar på Samhandlingsbarometeret.

Skal ein samle det informasjonsgrunnlaget ein treng, er ein her meir avhengig av å oppsøke fleire nasjonale nettsider og sette dette saman sjølv, eventuelt leige inn konsulent for å gjere jobben. Rett nok finst det noko relevant informasjon på helseføretaka sine nettsider, men dette er mest konsentrert om tal innleggingar og utskrivningar, liggetid på sjukehus og liggetid for utskrvningsklare pasientar. Samhandlingsbarometeret inneheld mykje meir. I tillegg er fleksibiliteten når det gjeld å framstille data heilt annleis.

Eit anna aspekt er kvalitetssikringa. Eitt døme er statistikk over tal liggedøgn for utskrivnings-klare pasienter. I tillegg til tal frå NPR, har Samhandlingsbaromteret med faktisk tal utfakturerte liggedøgn, som er dei korrekte tala. Skal eg finne tilsvarande informasjon, må eg gå gjennom alle fakuraene kommunen har motteke og rekne saman sjølv. Og då får eg ikke samanlikninga med andre kommunar …

Eg viser titt og ofte til Sogn og Fjordane, og håper at vi med tida kan få noko tilsvarande her austpå. Eg ønskjer lukke til vidare med samhandling-sfj.no og Samhandlingsbarometeret. Dette er ein god idé som det må byggast vidare på.

Helsing Vidar Roseth