Ny smertepoliklinikk i Sogn og Fjordane!

Alle helseføretak skal ha tverrfagleg smertepoliklinikk som del av tilbodet til befolkninga.
Smertepoliklinikken er eit samhandlingsprosjekt og er lokalisert til Sunnfjord Medisinske Senter i Florø, og starta 1. mai i år med det førebuande arbeidet. Den offisielle oppstartmarkeringa av smertepoliklinikken er planlagt 9. juni! Poliklinikken er organisert under Medisinsk klinikk i Helse Førde.

Smertepoliklinikken er etablert i samsvar med tilrådingar frå ei prosjektgruppe som har vore samansett av likeperson, praksiskonsulent, og deltakarar frå kommunehelsetenesta og Helse Førde. Organisering, drift og bemanning føl nasjonale retningsliner og tilrådingar, og nyttar velkjente og anerkjente metodar for undersøking og tiltak.

Poliklinikken skal yte tenester til pasientar med langvarige smerteplager som har eit kronisk preg og som ikkje har vondarta årsak (kreft) og skadar. Mange i pasientgruppa vil ha sjukdomar og symptom frå muskel- og skjelettsystem, eller uklårt utgangspunkt. Langvarige smerter er eit utbredt helseproblem, og råkar 25-30 % av befolkninga (Helsedirektoratet 2015). For mange av pasientane krev behandlinga samarbeid mellom fagpersonar med ulik kompetanse.
På Samhandlingsbarometeret har ein presentert to variablar som kan illustrere problematikken:

a) Tal personar som oppsøker kommunehelsetenesta for muskel-skjelettplager årleg

Vi ser at omkring ein firedel av befolkninga kontaktar kommunehelsetenesta årleg for plager frå muskel-skjelettsystemet. Det er jamt aukande og Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet. Av kommunane ligg Naustdal høgast og Gulen lågast, men skilnadane er generelt ikkje så store mellom dei ulike kommunane.

b) Tal personar med muskel-skjelettplager som blir behandla i spesialisthelsetenesta årleg

Talet på personar som får behandling i spesialisthelsetenesta svarar til om lag 10% av dei som oppsøker kommunehelsetenesta. Sogn og Fjordane ligg her klart over landet. Vi ser at to nabokommunar; Fjaler og Gaular utgjer ytterkantar. Om dette skuldast reelle skilnader i plager, eller ulik tilvisingspraksis veit vi ikkje.
Tilvisingane til smertepoliklinikken er begynt å komme inn, og dei vert vurdert fortløpande. Alle pasientane vert kontakta for avklaring av behov og avtale for oppmøte/undersøking innan 10 dagar. Det er ei målsetting at behandlingsperioden skal vere konsentrert og avgrensa i tid, slik at ein unngår fleire reiser og konsultasjonar enn høgst nødvendig.

Kontaktinfo:
Helse Førde, Smertepoliklinikken, postboks 1000, Helse Førde, 6807 Førde. Telefon 578 39 163.

Av Emma Bjørnsen

Kroniske luftvegssjukdommar i Sogn og Fjordane

Dei viktigaste formene for kronisk luftvegssjukdom er astma og KOLS. Astma er også ein tilstand under barndommen hjå mange, og kan betre seg over tid. Den er prega av anfall med hoste og pustebesvær. KOLS er ein tilstand som er mykje knytt til den eldre del av befolkninga der hoste, tungpust og infeksjonar (lungebetennelsar) er framtredande. Lidinga går ofte i bølgjer med hyppige forverringar/innleggingar på sjukehus, og på sikt redusert evne til å greie oppgåver i dagleglivet.
Vi har ikkje presise tal for omfanget av desse lidingane i Sogn og Fjordane, men ein kan få ein peikepinn ved å sjå på kor mange i aldersgruppa 45-74 år som får utskrive medisin for desse tilstandane pr. 1000 innbyggarar i området.
Desse tala ligg i Samhandlingsbarometeret, sjå figuren under:

 

Vi ser av figuren at rundt 10 av 100 personar får slik medisin i Noreg, og med ein viss auke over tid. Generelt ligg Sogn og Fjordane lågare med rundt 8 av 100, men med same tendens til auke over tid. Fjaler ligg klårt lågare med berre 6 av 100. Men som vi ser ligg både Årdal og Bremanger over landsgjennomsnittet. Ein vil kunne tenke seg at både røykevaner og industri kan være faktorar i denne samanhengen (også industristaden Høyanger ligg høgt).

 

Av Hans Johan Breidablik

UNDERVISNING OM FOLKEHELSE OG SAMHANDLINGSBAROMETERET FOR SJUKEPLEIESTUDENTAR

Sjukepleiegruppa, og utdanninga for denne, er ein sentral komponent i framtidas helseteneste der samhandling blir tiltakande viktig. Studentane skal få kunnskap om førebygging og kunne skrive oppgåver knytt til slike tema.

Tradisjonelt har mykje av undervisninga og praksis på høgskular vore knytt til behandling og omsorg av einskildpasientar. Men tiltak knytt til store grupper og evt. heile befolkninga, krev ofte andre og nye måtar både å tenke på for helsesektoren, og nye arbeidsformer/metodar å jobbe etter.

Folkehelse kan kort beskrivast som samfunnets sin totale innsats for å opprettholde, betre og fremme befolkninga si helse, gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidreg til bedre helse.I dette arbeidet utgjer helsetenesta berre ein del av ein større heilheit, men er likevel ein viktig del.

Samhandlingsbarometeret har i seinare tid teke inn ei rekke variablar som kan vere med å belyse folkehelsespørsmål, sjå folkhelsindikatorane i Samhandlingsbarometeret

Av Hans Johan Breidablik