Samhandlingsnytt for april!

 

Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde,  Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla.  No er samhandlingsnytt for april sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar

Samhandlingsnytt April 2017

 

Samhandlingsbarometeret som datakjelde for Høgskulen!

Fagmiljøet i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, inviterte Hans Johan Breidablikk til seminar den 02 .mars for å orientere om Samhandlingsbarometeret. Bakgrunnen for invitasjonen var eit ønske om å lære meir om kva Barometeret er, kva data som er tilgjengelege og kva dei kan brukast til. Fagmiljøet driv eit deltids mastergradsstudium i organisasjon og leiing retta mot leiarar innan helse, velferd og utdanning. Seminardeltakarane si vurdering er at data frå Samhandlingsbarometeret saman med kompetansen til personalet som jobbar kan vere av nytte for masterstudentane. Særleg kan det vere nyttig når studentane skal velje tema for masteroppgåver. Data frå Samhandlingsbarometeret kan her bidra til å generere hypotesar som studentane kan undersøke vidare empirisk.

Fagmiljøet driv også det strategiske forskingsprogrammet Innovasjon og kvalitet i offentleg tenesteyting og styring. Data frå samhandlingsbarometeret kan vere til nytte også for forskarprosjekt knytt til dette programmet. Fagmiljøet ønsker derfor å følgje opp og styrke det framtidige samarbeidet med Samhandlingsbarometeret.

Helsing frå Einar Hovlid, Førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsvitenskap

Skjema for melding om samhandlingsavvik og uønska hendingar er no lett tilgjengeleg på samhandlingssida!

Koordineringsrådet har vedteke ei felles ordning for melding av avvik og uønskte hendingar knytt til samhandling. For å få eit godt samarbeid, kvalitetsforbetring og læring, er det viktig å melde frå om avvik og uønskte hendingar internt i Helse Førde, internt i kommunane og mellom kommunane og Helse Førde.

Det er utarbeidd eit skjema for melding om avvik/uønskte hendingar med framlegg til forbetringstiltak. Dette er rettleiande for kva opplysningar som trengs. Fleire kommunar har ytra ønske om at skjemaet kan leggast på www.samhandling- sfj.no, og det er no gjort (sjå i øvst i høgremargen). Skjemaet ligg også på nettsidene til Helse Førde

Kva er samhandlingsavvik og uønskte hendingar?

Avvik blir definert som «Mangel på oppfylling av eit krav» og ei uønska hending er ei «Hending eller tilstand som kan medføre skade på menneske, miljø og materiell eller annan form for økonomisk tap»

Når skal ein melde samhandlingsavvik?

Samhandlingsavvik skal meldast når det er:
• Brot på rammeavtale og/eller delavtalar
• Brot på lovkrav
• Brot på samhandlingsrelaterte retningsliner
• Andre hendingar som ikkje skal finne stad i samhandlinga

Ved samhandingsavvik kan kommunen skrive omtale av hendinga i Helse Førde sitt skjema, eige skjema eller i brev, og sende det til Helse Førde, postboks 1000, 6807 Førde, saman med følgjebrev. Helse Førde sender utskrift frå avvikssystemet Synergi, saman med følgjebrev, til postmottak i kommunen. Sjå til at all nødvendig informasjon er med i brevet. Samhandlingsavvik inneheld sensitiv informasjon, og kan ikkje sendast som e-post

Skjema for melding av avvik og uønska hendingar

Brevmalar til følgjebrev ved melding

Av Anne Marte Sølsnes

Nye folkehelseindikatorar er publisert i Samhandlingsbarometeret!

I samarbeid med kommunar, fylkeskommunen, Fylkesmannen og NAV har Helse Førde det siste året jobba for at mange av dei indikatorane kommunane treng i det lovpålagde helseovervakingsarbeidet sitt vert samla i Samhandlingsbarometeret. Kommunar, og andre, vil då langt på veg sleppe å orientere seg i fleire ulike databasar for å hente dei data dei treng.

Fleire nye indikatorar er no publisert under hovudvala Oppvekst og levekår og Helsetilstand. Saman med indikatorane som er publisert tidlegare, inneheld dei seks hovudområda under folkehelsevalet no 34 ulike indikatorar. Desse bidreg til å gje eit bilete av helsesituasjonen i fylket og den enkelte kommune, der ein også kan samanlikne seg med andre kommunar og gjennomsnittet for fylket og landet.

Fleire indikatorar vil bli lagt inn i tida framover. Helse Førde og samarbeidspartane har identifisert rundt 60 indikatorar det er behov for.

Fleire bruksområde
Folkehelseindikatorane skal ikkje berre nyttast i helseovervakinga, men også som faktagrunnlag for det fortløpande sektorovergripande folkehelsearbeidet, og i fag- og forskingsarbeid. Høgskulen på Vestlandet og Senter for helseforsking er viktige formidlarar av barometeret ut mot studentar og forskarar i eigne miljø. Ei viktig oppgåve for desse er å skape interesse blant forskarar for å forske på det førebyggande og helsefremmande feltet.

Folkehelseindikatorane finn du her

Av Emma Bjørnsen