Samarbeid om folkehelse i Sogn og Fjordane

Folkehelsefeltet spenner frå primærførebygging til tertiærførebygging, og har med det eit bredt lovgrunnlag og mange aktørar. Alle har eit ansvar for å implementere folkehelsearbeid i sine ansvarsområde. Det er viktig at aktørane ikkje jobbar kvar for seg, men samordnar/samarbeider om folkehelse på tvers av nivå, sektorar og fagleg ståstad.

Koordineringsrådet (det øvste administrative samhandlingsorganet mellom Helse Førde HF og kommunane) har hatt fokus på folkehelse på i fleire omgangar siste året. Rådet har bedt om eit møte der toppleiinga for aktuelle organisasjonar i fylket deltek. Onsdag 1. februar møttest representantar frå KS, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, NAV og Helse Førde HF med tanke på å etablere eit tettare og meir konkret samarbeid om folkehelse i fylket.

Ein blei samde om å freiste å etablere eit formelt og forpliktande partnerskap med tanke på felles samarbeid på tvers mellom dei ulike aktørane. Partane arbeider vidare med løysingar knytt til samordning av folkehelseindikatorar som kommunane treng i sitt lovpålagde arbeid med å utarbeide helseoversikter, og å utarbeide søknad om status som programfylke på folkehelseområdet.

 

Av Stig Igland

 

Meir nyheiter om samhandling finn du i Samhandlingsnytt for Februar.

 

Reinnleggingar og medisinske akuttinnleggingar – oppdaterte data i Samhandlingsbarometeret

Det er stor interesse for, og diskusjon omkring, reinnleggingar på sjukehus. Denne heng også saman med problematikken omkring korte liggetider og tidleg utskriving frå spesialisthelsetenesta til vidare behandling i kommunehelsetenesta. Det vert hevda at tidleg utskriving av pasientar med samansette sjukdomsbilde kan føre til at dei blir innlagde på nytt etter kort tid, noko som ikkje er ønskjeleg verken for pasienten eller helsevesenet. Særleg kan dette være uheldig for dei gamle og skrøpelege pasientane som tåler dårleg skifte i omgjevnadane.
Omfanget av reinnleggingar for fylka og kommunar på Vestlandet finnst no i Samhandlingsbarometeret. Det er andelen (pr. 1000 innb.) av slike reinnleggingar innan 30 dagar etter forrige utskriving samla og for medisinske tilstandar som er komen inn.

Nedgangen som kjem fram mellom 2014 og 2015 har truleg mest med endring i registreringspraksisen å gjere, men Sogn og Fjordane hadde her stigning, og fylket ser i 2016 til å kome noko over landsgjennomsnittet.

Når det gjeld omfanget av akuttinnleggingar på sjukehus vil majoriteten gjelde medisinske problemstillingar. Eit av måla i samhandlingsreforma var at kommunane i noko større grad skulle prøve å behandle desse sjølve, m.a. gjennom oppretting av kommunale øyeblikkeleg hjelp-plassar (såkalla KAD-senger).

I tida etter 2010 ser det ut til å ha vore ein nedgang i andelen (pr. 1000 innb.) av medisinske akuttinnleggingar i sjukehus både på landsbasis og på Vestlandet. Sogn og Fjordane ligg høgast her. Befolkningssamansettinga kan spele ei rolle her, då eldre generelt har fleire slike innleggingar

Erfaringskonferansen

Etter suksessen for to år sidan, inviterte KS og Helse Førde HF onsdag 2. og fredag 3. februar til ny erfaringskonferanse. Dette var den tredje i rekka ! Med nær 140 engasjerte deltakarar frå 23 av kommunane i fylket, mange frå spesialisthelsetenesta, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Fylkesmannen, NAV og brukarrepresentantar, så må ein kunne seie at ein dette året tok konferansen til «nye høgder» !

Konferansen blei prega av stort engasjement, livlege ordskifte og sterke meiningsbrytingar. Fokuset var tett knytt til praksis, og hadde særskilt merksemd på vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Entusiasmen var med å gi diskusjonen og refleksjonane kraft, framdrift og styrke. I lys av at det ofte er det som «veks opp nedanfrå» som har «livets rett» over tid, står denne måten å kunne samlast om felles utfordringar fram som ein fruktbar måte til å kunne utvikle praksis.

Ein drøfta nærare korleis ein opplever at gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i kvardagen, og korleis ein kunne få til forbetringar i «samhandlingsrommet» knytt til tilvisningar og ut-/innskriving frå sjukehus. Rekka av erfaringskonferansar fungerer som forbetringsmetodikk i praksis ved at ein på den eine konferansen identifiserer områder der ein ønsker å utvikle samarbeidet, blir samde om sette i verk nye tiltak, som ein så evaluerer, korrigerer og stakar ut ny kurs neste gong ein er samla.

Tilrådingane frå deltakarane på Erfaringskonferansen blir tatt vidare til både Fagrådet og Koordineringsrådet med tanke på vidare oppfølging og implementering i eksisterande samhandlingsstrukturar..

Sjå presentasjonar frå konferansen her

FRISK – Folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane

Ei samling av fagfolk og forskarar frå Vestlandet med tyngde i Sogn og Fjordane har starta arbeidet med å planlegge ei helseundersøking for alle vaksne innbyggjarar i fylket. Prosjektet har fått namnet FRISK Sogn og Fjordane.

Årsaka til at vi treng ei slik kartlegging er at vi veit svært lite om den faktiske helsetilstanden til den vaksne befolkninga, og både kommunane og helsetenesta treng denne bakgrunnskunnskapen for å kunne legge til rette for helsefremmande og førebyggande tiltak på rett stad til rett tid og til rett «folkegruppe». Dette gjeld primærhelsetenesta så vel som spesialisthelsetenesta. Det kan vere kartlegging i forhold til t.d. overvekt, psykisk helse, bruk av tobakk, levekår og trivsel, og ein vil slik kople sjølvrapportert informasjon frå innbyggjarane også til enkle målingar og blodprøvesvar i forhold til risikofaktorar for dårleg helse.

Kvar enkelt innbyggjar vil gjennom dette også få moglegheit til betra innsikt i eiga helse. Undersøkinga vil også gje ein god peikepinn til å forutsjå behov for morgondagens helseapparat.

FRISK vil nytte Samhandlingsbarometeret og Fylkesspegelen for å presentere/tilgjengeleggjere data frå undersøkinga. Ein vil vidare lagre blodprøver i ein biobank som kan nyttast til framtidsretta forsking og innovasjon i forhold til biologiske markørar og risikoanalyse.

For meir opplysingar om undersøkinga kan Anette Bøe Wolff (tlf. 91623378) eller Hans Johan Breidablik (tlf. 90182853) kontaktast

Av Anette Bøe Wolff og Hans Johan Breidablikk