Tilbakeblikk frå oppstarten av Samhandlingsbarometeret

Frå idè til samarbeid om nettstad

Våren 2011 starta prosjektet «Omfang og kvalitet på tilvising i Sogn og Fjordane – kommunehelsetenesta sin gatekeeparfunksjon». Prosjektet var starten til det som etterkvart vart «Samhandlingsbarometeret» – ein kunnskapsbank som skal styrke samarbeidet mellom Helse Førde, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Hovudmålet med prosjektet var å skaffe informasjon om tilvising frå kommunar og legar til Helse Førde, drøfte eventuelle variasjonar, og å gjere tilvisinga meir føreseieleg for pasientar og helsevesen. Bakgrunnen for prosjektet var undersøkingar som viste variasjonar i kva grad kommunane tilviste pasientar til Helse Førde. For å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, skulle det etablerast ei elektronisk nettbasert løysing, og variasjonane mellom kommunane skulle mellom anna framstillast på kart. Vidare var det eit delmål å gjere dialogen mellom kommunane og spesialsthelsetenesta betre, for å innfri både krav om likeverdige helsetenester, og god arbeidsdeling mellom nivåa.

Prosjektet vart hausten 2011 slått saman med det meir omfattande prosjektet «Samhandlingsatlas i Sogn og Fjordane». Prosjektet fikk då namnet Samhandlingsbarometeret med undertittel: Samhandling og styringsinformasjon. Styringsinformasjon, frå ulike kjelder, til bruk i Samhandlingsreforma, skulle identifiserast, kvalitetssikrast og publiserast.

Gjennom samhandlingsreforma fekk kommunane auka behov å ha oversikt over korleis dei brukte spesialistehelsetenesta, og mellom anna helsedirektoratet publiserte nasjonal statistikk som var knytt til samhandlinga. Samhandlingsbarometeret si nisje vart å velge ut sentrale styringsdata frå ulike nasjonale og lokale kjelder, for så å publisere dette på ein felles nettstad for samhandling i vårt fylke. Sjølv om publiseringsverktøyet vil valde, eigna seg best som statistikkbank, så vart det også publisert tekstleg informasjon som til dømes avtalane mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane. Vi fekk ein inngang til samhandlingsdata.

Som prosjektleiar fekk eg høve til å reise til dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane. Gjennom møte med både legar, kommunalsjefar i helse- og omsorg, rådmenn, ordførarar og andre, forstod eg at forklaringane til variasjonane i tilvising til Helse Førde er mange og samansette. I tillegg kan førekomsten per år vere tilfeldig på grunn av små tal per kommune, og det er viktig at kommunane sjølve tolkar tal som vert publiserte. Kommunane viste interesse for å etablere ein nettstad for samhandling, og mange ga innspel til innhald på sida.

God støtte i styringsgruppa med leiarforankring både i Helse Førde og KS var særs viktig i denne første fasen av prosjektet. Viseadministrerande direktør i Helse Førde var prosjekteigar. Ei engasjert og breitt samansett prosjektgruppe var også nødvendig for å få framdrift i arbeidet. Gruppa hadde representantar frå både Helse Førde, KS, Helse Vest og etterkvart Høgskulen i Sogn og Fjordane.

For at statistikk som gjeld variasjonar i tilvising og forbruk av helsetenester, skal påverke og evt endre praksis, er det ikkje nok å vere merksam på tal som viser dagens situasjon. Data må ha relevans for arbeidet, brukarane må kjenne til kva for variasjonar som er ønska og uønska, og ha kapasitet til å ta data i bruk. Kven som har ansvar for tiltak som gir redusert variasjon er også viktig å avklare for å oppnå endring. Dersom det er ynskjeleg å redusere variasjon i tilvising til og forbruk av spesialisthelseteneste i vårt fylke, så kan hende at i dag også er behov for å legge vekt på å utvikle eit samarbeid omkring korleis tolke og gjere seg nytte av informasjonen som er publisert på Samhandlingsbarometeret?

 Av Marte Bale