Samhandlingsbarometeret – dataverktøy med mange føremål

Eit innovativt prosjekt i Sogn og Fjordane som no breier seg til andre delar av landet.

Då samhandlingsreforma var på veg i 2011, såg Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane behov for ein nettstad som samla data av felles interesse når dei ulike nivåa i kommune- og spesialisthelsetenesta skulle samhandle.
Slik kunne samhandlingspartane ha meir handfaste tal som grunnlag for å snakke saman, og ikkje berre sine eigne inntrykk og lokale erfaringar. Kommunane kunne då samanlikne seg sjølv med dei andre, og også følgje utviklinga over tid for dei ulike faktorane. Det var heilt sentralt å kunne samle data frå ulike kjelder, både eigne og eksterne. Slik kom ein ut med eit datasett som begge partar såg behovet for, og som begge kunne ha nytte av.

Døme på aktuelle problemstillingar kan vere:
– Er det store skilnader mellom kommunen vår og dei andre i omfanget av reinnleggingar og tal på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar?
– Korleis er omfanget av tilvisingar til kirurgisk behandling mellom dei ulike kommunane?
– Korleis godt er vår kommune inndekka med sjukeheimsplassar, samanlikna med kommunane rundt oss?
– Døyr mange tidleg grunna hjerte-karsjukdom i vår kommune, samanlikna med dei andre?
– Veit vi noko om omfanget av psykiske lidingar i kommunen vår?

Desse og ei stor mengd andre problemstillingar får vi svar på ved å bruke nettstaden Samhandlingsbarometeret.no. Ein kan velje om resultata skal framstillast i tabellform, ulike diagram eller i kartformat. Om ønskjeleg kan data også takast ut i det mykje nytta reknearket Excel og bearbeidast vidare der.
Helse Vest såg tidleg potensialet, og har i fleire omgangar løyvd midlar til samhandlingsbarometeret. Også høgskulen såg at verktøyet hadde eit potensiale for dei, både knytt til studentoppgåver og til forsking på helsetenester. På denne måten vart barometeret eit fellesprosjekt med Helse Førde, kommunane i Sogn og Fjordane og Høgskulen som eigarar.
Barometeret vart utvikla vidare, og fekk etterkvart merksemd i andre helseføretak. Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen var først ute med å ta verktøyet i bruk. Seinare vart Helse Nord brukarar, og dei har sidan blitt ein viktig støttespelar for barometerets kompetansemiljø i Helse Førde. Vestfold Sykehus (Tønsberg), Helse Fonna og Helse Stavanger har også nyleg fått demonstrert Samhandlingsbarometeret.

Gruppa som arbeider med barometeret i Helse Førde har opparbeidd seg stor kompetanse og erfaring knytt til systematisering og analyse av store datamengder. Etter kvart har også andre offentlege instansar gjort store mengder data tilgjengeleg på nettet. Brukarar av slike data har signalisert trong for råd og hjelp til å finne dei mest relevante opplysningane, og til å tolke dei inn i ein samanheng. Truleg vil slik rådgjeving berre bli viktigare i åra framover.
Det siste tilskotet i Barometeret er ei avdeling med utvalde folkehelseindikatorar, som særleg kommunane vil kunne ha nytte av i sitt arbeid på området. Her ligg også resultat frå ulike spørjeundersøkingar blant barn og unge i Sogn og Fjordane. På sikt vil det også vere eit mål å få gjort folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i fylket, og legge resultata av denne inn i barometeret.

Også for journalistar burde Samhandlingsbarometeret vere ei sann gullgruve, både som kunnskapsstøtte i journalistisk arbeid, innhenting av faktaopplysningar og til bruk i komparativ journalistikk. Men dette ser ut til å ha gått redaksjonane i Sogn og Fjordane hus forbi. I alle fall er dette potensialet særs lite utnytta. Kanskje er det enno for lite kjennskap til kva som faktisk ligg der?

I seinare tid har også den nye nettstaden www.samhandling-sfj.no tatt barometeret opp i seg. Her vert nyhende og informasjon om data og aktuelle samhandlingssaker i fylket fortløpande publisert. Interesserte kan abonnere på nyhendesaker frå nettstaden.
Dagleg leiar for barometeret er Emma Bjørnsen, som tidlegare har mange år bak seg som fagkoordinator for folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Av:
Emma Bjørnsen, Tina Løkke Vie, Hans Johan Breidablik, Anne Marte Sølsnes, Knut Ivar Osvoll og Maria Holsen.