RIKSREVISJONEN MED RAPPORT OM PRAKSIS FOR UTSKRIVING AV PASIENTAR TIL KOMMUNEHELSETENESTA

Mellom områda som Riksrevisjonen har sett på, er praksis knytt til utskriving av somatiske pasientar til kommunehelsetenesta i perioden 2011-2017.

Det overordna målet er at det skal leggast til rette for heilheitlege og koordinerte pasientforløp på tvers av nivåa. Det var i 2016 til saman 800 000 døgnopphald ved norske somatiske sjukehus. I 13,5 % av desse vart pasientane utskrivne til sjukeheimar, andre institusjonar eller heimen, og hadde samtidig behov for vidare oppfølging av kommunehelsetenesta. Over halvparten av pasientane var over 80 år, og dei aller fleste med fleire lidingar samstundes. Mange av desse er sårbare pasientar der hyppige flyttingar t.d. gjennom reinnleggingar er ei utfordring.

Medan akutte reinnleggingar innan 30 dagar for andre pasientgrupper gjekk noko ned i perioden, var den dobbelt så høg for denne pasientgruppa (på 13,5 %) og omfatta så mykje som kvar 5. pasient.

Riksrevisjonen har sett på kvaliteten på pasientinformasjonen og i kva grad denne kjem fram til rett tid. Ein finn feil og manglar særleg i epikriser, medisinlister og vurderingar av funksjonsnivået hjå pasientane. Også ved innlegging er det ofte manglar frå kommunehelsetenesta knytt til desse områda. Det er også sjeldan at det involverte helsepersonellet vert gjort merksame på manglane.

Ein finn liten grad av systematisk opplæring av personalet om regelverk og prosedyrar kombinert med oppleving av tidspress hjå helsepersonell.
Det vertpeika på eit behov for meir tverrfaglege vurderingar, m.a. av fysioterapeutar og ergoterapeutar hjå pasientar med samansette lidingar. Individuelle planar og Koordinator er lite kjent og brukt. Riksrevisjonen meiner det er mogeleg å redusere unødige innleggingar gjennom betre samhandling.
Riksrevisjonen peikar her på aktuelle tiltak framover som felles og oppdaterte legemiddellister og ein gjennomgåande digital journalløysing for heile helsetenesta («En innbygger – en journal»).

 

Av Hans Johan Breidablik