Nye folkehelseindikatorar er publisert i Samhandlingsbarometeret!

I samarbeid med kommunar, fylkeskommunen, Fylkesmannen og NAV har Helse Førde det siste året jobba for at mange av dei indikatorane kommunane treng i det lovpålagde helseovervakingsarbeidet sitt vert samla i Samhandlingsbarometeret. Kommunar, og andre, vil då langt på veg sleppe å orientere seg i fleire ulike databasar for å hente dei data dei treng.

Fleire nye indikatorar er no publisert under hovudvala Oppvekst og levekår og Helsetilstand. Saman med indikatorane som er publisert tidlegare, inneheld dei seks hovudområda under folkehelsevalet no 34 ulike indikatorar. Desse bidreg til å gje eit bilete av helsesituasjonen i fylket og den enkelte kommune, der ein også kan samanlikne seg med andre kommunar og gjennomsnittet for fylket og landet.

Fleire indikatorar vil bli lagt inn i tida framover. Helse Førde og samarbeidspartane har identifisert rundt 60 indikatorar det er behov for.

Fleire bruksområde
Folkehelseindikatorane skal ikkje berre nyttast i helseovervakinga, men også som faktagrunnlag for det fortløpande sektorovergripande folkehelsearbeidet, og i fag- og forskingsarbeid. Høgskulen på Vestlandet og Senter for helseforsking er viktige formidlarar av barometeret ut mot studentar og forskarar i eigne miljø. Ei viktig oppgåve for desse er å skape interesse blant forskarar for å forske på det førebyggande og helsefremmande feltet.

Folkehelseindikatorane finn du her

Av Emma Bjørnsen