Norsk helse- og helsesystem i internasjonal samanheng
Noreg har sidan 2007 delteke gjennom Folkehelseinstituttet i eit OECD-samarbeid omkring samanliknande indikatorar for helsetenesta («Health at a Glance»), der 35 ulike land deltek. Den siste rapporten omhandlar data frå 2015 og 2016.
Ein har her teke med indikatorar for fylgjande område:
- Helsestatus med 11 indikatorar, der Noreg ligg i beste tredjedel for 6 av desse. Høg utdanning er forbunde med 5 år ekstra forventa levealder for menn og 3 år for kvinner i høve dei med låg utdanning. For dødelegheit på grunn av kreft og sjølvmord ligg Noreg i midtsjiktet, og for overdødelegheit mellom psykiatriske pasientar er ein mellom dei dårlegaste innan OECD.
- Risikofaktorar/levevanar. Her ligg Noreg også bra an på røyking, alkoholforbruk og overvekt både hos barn og vaksne.
- Tilgang på helsetenester. Helseutgifter pr. innbyggjar ligg høgt, og Noreg har mange legar og sjukepleiarar i høve til folketalet, og har også låg andel av legar over 55 år. Andelen kvinnelege legar i Noreg nærmar seg 50 %, og mange er utdanna i utlandet. Antal konsultasjonar pr. lege ligg lågt, det er korte liggetider, men eit høgt sengebelegg (80,4 % mot gjennomsnitt på 75,7 % i OECD). Noreg skil seg frå andre nordiske land med ein nedgang i langtids sengeplassar i pleie/omsorg for eldre, og langtidsbruk av sovemedisinar/beroligande midlar hjå eldre er høgt.
- Pasientopplevd kvalitet. På dette området kjem Noreg overraskande dårleg ut både for om legen har nok tid, om han/ho er lett å forstå og involverer pasienten i behandlinga.
Av Hans Johan Breidablik